torsdag 23. februar 2012

Fuglar i hagen

Som mange andre hagefolk er også me veldig glade i dei fjørkledde gjestane i hagen. Første vinteren vår i Blåbærhagen for fire år sidan var prega av mange timar i kjøkkenvinduet med utsikt til fuglebrettet, og stor glede kvar gong ein ny art stakk innom. Og såvidt eg huskar var det veldig mange ulike den vinteren. Dei siste par vintrane har det vore litt meir labert, og denne som snart går mot slutten har vore nesten reint kjedeleg på fuglefronten. Me har for det meste berre sett dei gode gamle travarane, men ein og annan meir uvanleg gjest har det vel også vore.

Som gode entusiastar vil me naturlegvis lære den oppveksande slekt til å sette pris på fuglelivet. Og det var Ove som i si tid kom på den gode ideen å dedikere ein vegg ved spisebordet til fuglebilder. I haust gjorde han alvor av planane. Me hadde brukt lang tid på å diskutere korleis me skulle gjere det reint teknisk (oppslagstavle? magnettavle? spikar på veggen?) og sidan eg har notorisk beslutningsvegring tok han til slutt saken i eigne hender. Heldigvis. Ein hyssing spent opp på veggen og ein pose med miniklesklyper viste seg å vere meir enn godt nok! 

Tanken er at kvar ny art som blir observert i hagen skal opp på veggen. Då er det å leite fram eit fint bilde på nettet, sette inn namnet og henge det opp. Fireåringen her i huset er for tida veldig glad i bokstavar og skriving, så namnet måtte vere med store bokstavar så ho kan sitte og kopiere det. Og me vaksne syns jo det er stas med dei latinske namna så dei måtte også inn. Etterkvart utvida me konseptet til også å gjelde fuglar me observerte frå hagen, det vil seie at då får me med dei meir uvanlege som gråhegra på veg til eller frå eit vatn nedi hogget her, eller ravnen som flyg høgt oppe i lufta over oss.
Så langt er me altså oppe i 17 artar, me håpar at det skal bli fleire. Me veit jo at det er andre i og rundt hagen, me har sett dei før, men me har ilagt oss sjølve strenge reglar! Det må nemlig ein ny observasjon til, og den skal behøring noterast i værdagboka - som egentlig har utvikla seg til å bli ei hagedagbok. 

Det er i alle fall stor entusiasme hos både store og små kvar gong ein ny fugl skal opp på veggen. Fireåringen har lært seg alle saman, og kan med ganske høg treffsikkerheit identifisere fuglane ho ser ute. Minstemann på to er ikkje så ivrig på pratinga enno, men han veit i alle fall utmerka godt at kråka seier kra kra! Så summa summarum kan me seie at fugleveggen har oppfylt intensjonen så langt, og at prosjektet skal vidareførast inn i 2012 også.

9 kommentarer:

  1. Kjempekoselig! Vi krysser av i oppslagsboken som alltid kommer fram når en ny art skal identifiseres :)Fuglekonge har vi ikke setter her enda, men vi lar oss stadig begeistre over nøtteskrike som er litt eksotisk i fjærene :)
    God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Fuglekongane ser me faktisk ganske ofte. Uheldigvis tok katten ein av dei for ei tid tilbake, den låg på trappa. Men då fekk me verkeleg sett på nært hold kor utrulig små dei er! Nøtteskrika har blitt observert ein gong for lenge sidan, me håpar at ho kjem igjen snart.

      Slett
  2. Flott opplegg for å notere ned ulike lokale fugler, og så smart måte å lære namna på for eit lite barn!

    SvarSlett
  3. Så smart det var da :)
    Gubben stemte for at vi skulle gjøre det samme, så spørs om det kommer fugler på veggen her også!

    Ha en god helg :)

    SvarSlett
  4. Kim, det petimeteret, spør om de er heilt sikre på at de har sett fuglekongen? Han meiner nemleg at den ofte blir forveksla med gjerdesmetten. Og den meiner han de må ha sett ;o)
    Veldig bra patent - den rappar eg gjerne!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, definitivt fuglekonge, eg syns ikkje den liknar på gjerdesmetten i det heile tatt bortsett frå at dei begge er små. Me har gjerdesmett også men har ikkje sett den sidan me begynte med dette prosjektet.
      Rapp i vei, berre kjekt det!

      Slett
  5. hi, i came across your blog this morning, finding your
    site very peaceful. your world is so charming and
    filled with all the nature's life. i am loving it.
    thanks for sharing and let me visit.

    SvarSlett
  6. Så smart dere har gjort dette. Her er også stor iver etter å se etter fugler, og mannen i huset er i overkant fugleivrig. Se gjerne innom fuglesidene hans, www.borgeinorge.no.

    SvarSlett