Året går mot slutten og sola har snudd. Her i hagen blir det fyrverkeri av solskin som gnistrar i frosten. Det forhatte billardspireakrattet tar seg uforskamma godt ut i lav vintersol, men skal likevel meir eller mindre vekk i løpet av 2009. I staden skal det kome opp hjortegjerde! På bildet under står eg omtrent på tomtegrensa vår og fotograferar, me håpar på å få lov hos grunneigaren av skogen bak til å sette opp gjerdet eit par meter innpå hans eigedom, rett framfor småbjørkene de ser midt i bildet. Terrenget er slik at det blir lettast å sette det opp der. Og på vår side av gjerdet skal blandingshekken eg drømmer om endeleg på plass. Så no er det største håpet for neste år at rosene skal få blomstre i fred for sultne klauvdyr.
tirsdag 30. desember 2008
onsdag 17. desember 2008
søndag 14. desember 2008
Tre kransar...
... har eg laga i dag. Har aldri gjort dette før, så det blei ein del improvisasjon. Eit år har gått i Blåbærhagen sidan me flytta hit, og det har vore eit godt år. Travelt, men godt. No ser me fram mot jul og stille tid, og dagen i dag blei brukt til å pynte litt opp rundt huset. Eg var rett oppi skogen her og klipte masse einerris, blåbærlyng og tyttebærlyng, eg fann mose under snøen, eg plukka lav av bjørkene. Og så prøvde eg etter beste evne å få noko fint ut av det.
Eg begynte med den store kransen, den er laga av greiner frå skjærsminen. Eg tenkte dei ville vere bøyelege nok til kransbruk, men dei var stivare enn eg trudde og kransen blei tilsvarande større enn planlagt. På den festa eg blader av liguster og sisselrot, blåbærlyng og raude bær frå blankmispelen. Sjølv syns eg kransen vart fin og enkel, men mannen i huset rynka på nasen og sa den var for "tynn". Ikkje nok jul her for han altså:
Jaja, ein må jo sørge for at mannen er fornøgd så eg gjekk inn og fann ein gamal halmkrans i julepynteska og tok den med ut. Den blei kledd med mose, blåbær- og tyttebærlyng, og eit par sisselrotblader her også. Og meir av dei raude blankmispelbæra. Etter litt fundering og vurdering festa eg på litt lav også, både skjegglav og "den vanlege" typen som veks på alle bjørkene her omkring. Det blei ein god og lubben krans, og mannen har godkjent den som dørpynt. Han meinte det såg ut som eg hadde skore ut eit stykke av skogbotnen og hengt den opp, og det kan vel kanskje stemme:
Så laga eg likegodt ein til hønsehuset også. Denne gangen brukte eg dei lange årsskudda på bulkemispelen som aldri blei trimma. Dei fungerte over all forventning, lange, mjuke og fleksible. No var eg bestemt på å halde fast på ei minimalistisk linje, så denne blei endå enklare enn den første. Eg begynte vel kanskje å bli litt lei også... Bulkemispelkransen fekk eit par sisselrotblad og litt blankmispelbær, og eit par kvastar tyttebærlyng. Funkar bra det, mot den raude hønsehusveggen:
Eg er forresten veldig misfornøyd med kameraet mitt for tida, eg syns det tar dårlegare bilder enn det gjorde før. Får dei ikkje skarpe nok, og det blir ofte kornete og grautaktig. Uff, eg lengtar ofte tilbake til det gamle speilreflekskameraet mitt som eg overtok etter far min. Fantastisk å jobbe med! Men det var jo tungt å dra på, og så absolutt ikkje digitalt. Og det må jo til i desse dagar. Kanskje me skal vurdere om det er behov for eit nytt?
torsdag 11. desember 2008
Korneller til vinterbruk
Når eg står og kikkar ut vinduet ser eg at eg må tenke på kva som kan gjøre hagen vinterfin. Det er tross alt mange månader i året der det meste er grått og trist og bart. Eg treng noko som lyser og gløder der ute, som me kan kvile augene på når sola sånn såvidt stikker innom ein liten tur. For ikkje å snakke om dei dagane sola glimrar med sitt fråver, men derimot lavt skydekke og striregn er faste gjestar.
Igjen har eg lest i blada... Denne gongen Gardens Illustrated. Vanlegvis syns eg dette bladet er litt mykje form og lite innhald, eg likar dei som har fingeren litt djupare ned i jorda og ei meir praktisk tilnærming, så som Gardeners' World. Men no var det GI dei hadde på Narvesen før båten min gjekk, dermed blei det det som fekk vere med på tur. Og for eit fint blad det var! Reportasje om vinterhagen i Cambridge Botanical Gardens, Gresgarth Hall, og Piet Oudolfs hage i Nederland. Det var artiklar om ulike typer lyng, bjørker, og andre planter som er dekorative om vinteren. Sidan har eg nesten berre hatt ein ting i hovudet; stammar, kvistar og bark som tar seg bra ut i vinterlyset.
Det mest innlysande er jo då kornellar. Den vanlege på desse kantar er Cornus alba 'Sibirica', fine haustfargar og knallraude greiner. Kjempefin og ikkje så vanskeleg å få tak i. Så har me Cornus sericea 'Flaviramea', lysande gulgrøn og heilt klart eit blikkfang. Anar ikkje kor lett/vanskelig det er å få fatt i denne. Ein annan fin er Cornus sanguinea 'Midwinter Fire', den flammar i gult, oransje og raudt. Piler kan også ha gode vinterfarger på kvistane, som Salix alba 'Britzensis'. Alle desse burde vere rimelig greie å formeire ved hjelp av stiklngar, kanskje eg skal prøve å leite opp nokre buskar som treng beskjæring til våren?
Elles må eg berre seie at me har hittil fått tre egg, nydelige lysebrune delikate egg! Det er denne skjønnheita som står for det:

Dette med vinter i hagen må eg heilt klart fundere meir på. Neste steg trur eg får bli å finne prydgras som held seg fint utover vinteren. Får drive intensiv research i juleferien, kanskje? Denne bloggen kan vere ein bra plass å starte. Og innspel tar eg sjølvsagt i mot med stor takk!
Elles må eg berre seie at me har hittil fått tre egg, nydelige lysebrune delikate egg! Det er denne skjønnheita som står for det:
Abonner på:
Innlegg (Atom)