tirsdag 30. desember 2008
Godt nytt år!
onsdag 17. desember 2008
søndag 14. desember 2008
Tre kransar...
Eg begynte med den store kransen, den er laga av greiner frå skjærsminen. Eg tenkte dei ville vere bøyelege nok til kransbruk, men dei var stivare enn eg trudde og kransen blei tilsvarande større enn planlagt. På den festa eg blader av liguster og sisselrot, blåbærlyng og raude bær frå blankmispelen. Sjølv syns eg kransen vart fin og enkel, men mannen i huset rynka på nasen og sa den var for "tynn". Ikkje nok jul her for han altså:
torsdag 11. desember 2008
Korneller til vinterbruk
Igjen har eg lest i blada... Denne gongen Gardens Illustrated. Vanlegvis syns eg dette bladet er litt mykje form og lite innhald, eg likar dei som har fingeren litt djupare ned i jorda og ei meir praktisk tilnærming, så som Gardeners' World. Men no var det GI dei hadde på Narvesen før båten min gjekk, dermed blei det det som fekk vere med på tur. Og for eit fint blad det var! Reportasje om vinterhagen i Cambridge Botanical Gardens, Gresgarth Hall, og Piet Oudolfs hage i Nederland. Det var artiklar om ulike typer lyng, bjørker, og andre planter som er dekorative om vinteren. Sidan har eg nesten berre hatt ein ting i hovudet; stammar, kvistar og bark som tar seg bra ut i vinterlyset.
Det mest innlysande er jo då kornellar. Den vanlege på desse kantar er Cornus alba 'Sibirica', fine haustfargar og knallraude greiner. Kjempefin og ikkje så vanskeleg å få tak i. Så har me Cornus sericea 'Flaviramea', lysande gulgrøn og heilt klart eit blikkfang. Anar ikkje kor lett/vanskelig det er å få fatt i denne. Ein annan fin er Cornus sanguinea 'Midwinter Fire', den flammar i gult, oransje og raudt. Piler kan også ha gode vinterfarger på kvistane, som Salix alba 'Britzensis'. Alle desse burde vere rimelig greie å formeire ved hjelp av stiklngar, kanskje eg skal prøve å leite opp nokre buskar som treng beskjæring til våren?
Elles må eg berre seie at me har hittil fått tre egg, nydelige lysebrune delikate egg! Det er denne skjønnheita som står for det:
søndag 30. november 2008
Solhatt - Echinacea
Etter å ha lese om Dove Cottage Nursery & Garden i eit gamalt blad har eg fått ein ny ønskeplante.
Egentlig er eg ikkje så glad i gult og oransje i hagen, likevel klarte eg på uforklarleg vis å lage eit lite bed i akkurat dei fargane i sommar. Etter å ha pådratt meg ein del meir i same fargeskala i haust gjennom diverse salg og bytting, blei bedet utvida. No merkar eg at det er nettopp dette bedet eg gler meg mest til å sjå i full vekst til neste år. Her skal det bli sprakande i raudt, gult og oransje med innslag av lilla, og det veks det også litt ulikt prydgras der.
Etter å ha sett desse forførande solhattane i ulike fargar innser eg at slaget er ugjenkallelig tapt. Eg vil ha meir! Eg vil ha varme, eksotiske, dirrande fargar og eg vil at det skal vere solhattar opp og i mente. Store, små, lyse, mørke, oppovervendte og nedovervendte. Foreløpig har eg berre ein, den vanlege purpurea (bildet over). Han kom med ein blom i år heilt på tampen av sommaren... Sneglane ga han hard medfart i vår, trur eg, så han brukte lang tid på å hente seg inn igjen.
Men neste år skal eg gå til krig mot sneglane for eg vil ha solhatten for meg sjølv. Og eit utval med andre fargar; er ikkje denne gule 'Sunrise' fin? Og oransje 'Art's Pride'? 'White Swan', 'Twilight', 'Green Envy', 'Sundown', 'Vintage Wine', 'Summer Sky', 'Mango Meadowbrite', 'Tiki Torch', 'Harvest 'Moon' og i det heile tatt.
Thompson & Morgan og Impecta har frø til nokre namnesortar, godt mulig det må bli ei bestilling.
Ta ein kikk på bildene på Dove Cottage si side, under kategorien Garden, vel verdt å sjå sjølv om bildene er små. Fantastiske bed og samplantingar!
onsdag 26. november 2008
Tuppene
Eg lovde sist å presentere hønene, so here goes. Bildene er ikkje særlig gode, henholdsvis skarpt utelys i snø og dunkelt kjellarlys er ikkje den beste hjelp ein kan få. Men fuglane har sjarm nok til å kompensere, synest eg!
Den grå (eller blå som det heiter) er av rasen Australorp, det er også den svarte. Det er store, tjukke og gode høner som er rolige og tillitsfulle. Dei verper lysebrune egg, og i forgårs kom faktiskt det første! Eg var bortreist på seminar og fekk ikkje sett det. Det var både frose og knust, så det havna i komposten. Men no ventar me i spenning på det neste, har rigga til varmelys i hønsehuset så hverken tupper eller egg skal fryse, og funderar på om det skal bli hardkokt, bløtkokt eller omelett...
Den grå er den einaste som er igjen etter dei opprinnelege kyllingane våre, men den svarte er klekt i same omgang så dei er i grunnen søstre. Den grå har flotte sjatteringar i fjøra, og den svarte glinsar i grønt og blått. Veldig fine, begge to.
Denne raude er ikkje fullvoksen enno, ho er av rasen Rhode Island Red. Ekstremt tillitsfull, ho kjem og smyg seg inntil oss når me er borte i hønsehuset, piper og pratar til oss og verkar veldig selskapssjuk. Desse blir ikkje så store som Australorpsene, dei er gode verparar og legg mange mellombrune egg. Nydelig mahognybrun farge på fjøra! Ho kjem nok til å bli eit syn når ho blir stor.
Også har me kjellarbuarane, dei har begynt å bli store dei også. Dei største skal nok snart få flytte ut i hønsehuset, men dei minste får vente til etter jul. Det er tre brune italienarar og fire tverrstripa Plymouth Rock. Eg trur ein italienar er hane, og to av dei tverrstripa. Men sikker kan ein ikkje vere før det kjem enten egg eller hanegal... Italienerane skal vere kjempegode verpehøns, men dei er veldig nervøse og flaksete av seg. Det merkar me godt. Plymouth Rock er kraftigare og roligare, og skal kunne bli ganske tamme. Foreløpig har me ikkje klart å temme dei så godt fordi italienerane blir heilt ute av seg om me prøver å handtere dei for mykje. Me kjem til å beholde ei høne av kvar sort, overskuddet sender me ned på farmen til søs tenker eg.
Me spekulerar ein del på dette med namn. Både eg og mannen kjem frå stødig bondeslekt der ein ikkje driv med sånt fjas som namn på dyra... Så me er usikre på om me vil kunne få oss til å bruke eventuelle namn på hønene. Men det hadde jo vore kjekt, i staden for å omtale dei som den grå australorpen, italieneren osv. Så me får sjå, då må me i så fall komme opp med namn som passar godt, som ikkje er for fjollete og gjerne passar saman på noko vis. Om de har forslag, kom gjerne med dei!
søndag 23. november 2008
Vinterland
fredag 21. november 2008
Årets
Pusepilde minner om at det er tid for årets kåring, her er eit utval frå meg.
Årets blåaste: Anemone blanda 'Blue Shades'
Årets søtaste: Lyseblå hornfiol
Årets frekkaste: Hjorten, sjå kor ho gumlar!
Årets tynnaste: Frosken som vart redda ut av brønnen
Årets byggeprosjekt: Hønsehuset
Årets storkenebb: 'Purple Haze'
Årets prestasjon: Mannen i huset sin kamp mot spireakrattet
Årets funn: To heile tallerknar frå flyvåpenet, begravd under nevnte spireakratt. Flaks at mannen har mellomfag i arkeologi!
Årets finaste gjest: neslesommerfugl
Årets triste: dei forlatte kjøttmeisegga i fuglekassa
Årets plaster på såret: Sju fine kjøttmeisungar i den andre fuglekassa
Årets overraskande: fuglesådde solsikker som rakk å blomstre
tirsdag 18. november 2008
Hagememe
1. Hvis du kunne, ville du leid inn en hagedesigner? Hvis nei, hvorfor – hvis ja: hvem?
Nei, vil ha full kontroll sjølv!
2. Er du fornøyd med størrelsen på hagen din. Ville du hatt den større, mindre? Hvorfor?
Ville gjerne hatt større, ja. Pr i dag har me ca eit halvt mål, men skulle gjerne hatt eit mål flatmark i tillegg. Fint med kupert og bratt terreng, men det har jo sine begrensingar. Her skulle me hatt drivhus, frukthage, fleire grønsaker, roser, tre, litt av alt i grunnen.
3. Nevn minst to hagegale du misunner (ikke på noen negativ måte, da…) – og hvorfor(og ikke nødvendigvis for hagerelaterte ting, det er tross alt november…)
Berit for rosene i Sunnmørshagen hennar, og Solfrid for alt det vakre ho får fram frå frø.
4. Ville du flyttet hagen din til en annen klimasone hvis du kunne? Hvilken?
Ja, ein klimasone ned! I forhold til resten av Bergensområdet er det litt kaldt i Blåbærhagen, fordi me ligg litt høgt (kan ein kalle 170 moh høgt?). Så eg føler meg snytt for alle planter som burde kunne gå her på Vestlandskysten men som ikkje går hos oss. Trur eg. Eg kan jo prøve meg...
5. Hager du alene, eller sammen med din kjære? Hva bidrar han/hun med?
Me er like involvert begge. Stauder, roser, løkar, tja, egentlig alt som blømer er mitt felt. Han er opptatt av trea og kjøkkenhagen, og han har store planar om å lage eit japanskinspirert landskap rundt eit par kampesteinar. Begge er involvert i planlegginga av det strukturelle, me samarbeider bra om bygging og graving (han tar dei tyngste taka, eg oppmuntrar og dirigerar). Vedlikeholdsarbeid gjør me i grunnen begge, eg tar stort sett lukinga, han tar stort sett grasklipping. Eg er sjeleglad for å ha ein mann som delar mi store glede i hagen!
6. Hvorfor hager du?
Fordi det er noko av det beste eg veit. Kan ikkje la vere. Årsaken må ligge langt tilbake i ein graut av arv og miljø og gamle frøkatalogar.
7. Ser du en åndelig/metafysisk dimensjon i hagen?
Tja, det gir meg sjelefred i alle fall. Viktigst er kanskje at det er eit rom (også på det metafysiske planet) for meg og familien min der me kan tilbringe gode stunder saman.
8. Har du begynt å glede deg til våren, eller gleder du deg mest til jul foreløpig?
Vår! Ja! Snart!
søndag 9. november 2008
Noko nytt til hagen?
Irlandsturen min for eit par veker sidan var som nevn ikkje så veldig hagerelatert. Likefullt var eg ein tur innom eit hagesenter, planen var å kanskje kjøpe litt løk. Det var dårleg med planter der på denne tida av året, men desto meir... kva skal eg kalle det, hagekunst? Enorme mengder skulpturar, figurar og fontener med og utan farga lys. Noko for ein kvar smak, sjå berre her. Kva med ein moderne vri på klassisk skulptur, urne inkludert? Eller kanskje ei vaktløve? For den med meir intellektuelle aspirasjonar kunne det jo vere noko med ein Henry Moore-inspirert sak?
I det heile tatt mykje glam og glitter, eg kunne diverre ikkje ta bilde inne i det mørklagte uthuset der alle fontenene med blinkande farga lys og vanndamp var utstilt. Eg har aldri sett maken. Men det var litt av kvart ute også, eg gjekk rundt med store auge og knipsa.
lørdag 8. november 2008
Løk - investering i våren
For to år sidan fekk eg ein pakke papegøyetulipaner 'Black Parrot', dei har stått i parsellen og blomstra begge vårar sidan (bilde frå i fjor). No har eg grave dei opp, det er nokre store og ei røys med småløk. Eg er litt i tvil om kva eg skal gjøre med dei, vil dei blomstre igjen neste år? Kaste småløkane eller plante dei også? Eg ser for meg at dei vil vere fine saman med kvite 'Purissima' som eg har ein pose av.
Eg grov også opp tre liljeløkar 'Stargazer', men dei kan eg ikkje finne igjen. No som eg endeleg har klart å bestemme meg for kor dei skal stå... Får håpe dei dukkar opp før det blir for seint.
Må føre liste så eg huskar:
30 Iris reticulata
20 Narciss 'Tete a Tete'
2 Lilje 'Casablanca'
5 Lilje 'Black Beauty'
10 Anemone blanda 'Blue shades'
5 Allium 'Gladiator'
10 Tulipan 'Spring Green'
10 Tulipan 'Burgundy'
25 Tulipan 'Purissima'
30-40 Tulipan 'Black Parrot'
Oppdaterar lista etterkvart som eg pådrar meg nye billigløk, og får dei i jorda.
fredag 31. oktober 2008
Glimt frå Dublins botaniske hage
tirsdag 21. oktober 2008
Er det vår no?
I morgon reiser eg til Dublin med mor og dotter, der skal me ta livet med ro og tilbringe gode dagar med familie og kjente. Vermeldinga der er ganske bra, her ganske dårleg. Så eg kjem definitivt ut på plussida!
Ute i hagen er det nokon som tar våren kraftig på forskudd, ein julesvibel eg befridde i vinter. Håpar han klarar seg til tida er inne på verkeleg.
søndag 19. oktober 2008
Frå sommardag til hauststorm
Men i alle fall, fire timar uavbrote graving gir definitivt resultat. No har eg eit stort, fint og tomt bed som står klart til å fyllast... du snakkar om luksus. Så eg ser faktisk lyst på parsellutflytting før nyttår, no trur eg kanskje eg skal få plass til alt her. Utruleg kor mykje rart eg klarte å samle på meg i løpet av tre-fire år i parsellen, eg skuldar på utagerande såing og plantebytting på Hagegal.
Skulle tatt bilder og vist fram, men batteriet var tomt. Dessutan synest eg alle bilder eg tar av hagen for tida ser veldig triste ut, berre masse vissent lauv og opptrakka gjørme. Men skal prøve igjen, for det er viktig å dokumentere!
Så i formiddag hadde eg ei fantastisk hageøkt i flott ver. Fuktige jordhaugar som dampa i sola gav reine vårstemninga, faktisk. Men utpå ettermiddagen blåste det opp, og no høljar det og stormar rundt huset. Likar det ikkje. Eg måtte ut og redde inn diverse bøtter og potter i stad, vinden er sterk nok til å ta med seg det meste som ikkje er tjora fast. Håpar det gir seg snart. Uff, eg er ikkje så glad i hausten, eg.
fredag 17. oktober 2008
Oktoberblomstring
Det er enno noko som står i blom, men for det meste er plantene eit trist syn om dagen... I natt var det frost for første gang, men dei mindre herdige som ikkje har fått komme inn enno har klart seg fint likevel. Frost betyr jo høgtrykk og me har til og med sett sola i dag. Det var nesten for godt til å vere sant at det skulle vere fint og oppholdsver akkurat på fridagen min. Og nok eit mirakel; jentungen sov i heile to og ein halv time i dag, dermed fekk mora ei lang og god arbeidsøkt i hagen. Endeleg.
Fekk satt ned massevis av planter som har stått i potter, diverse høstsalgkupp, Jensenplanter og ting eg har flytta hit frå parsellen. For å gjøre plass måtte eg røske vekk sommarblomane, men det var jo i grunnen på tide. Og så har eg bestemt meg for at kjøkkenhagen får bli ventebed i vinter. Eg innser vel at eg ikkje kjem til å bli ferdig med det planlagte bedet bak huset, så dei siste plantene som skal hit frå parsellhagen får finne seg i å bli gravd ned mellom purre og grønnkål. Så lovar eg at dei skal få ein permanent plass til våren! (Håpar berre det er plass til to blåbærbuskar, to aroniabuskar, tre bjørnebærplanter, ein magnolia, to små epletre, eit tjuetals stauder og sikkert meir eg har gløymt...)
Og forresten har eg fått ei utmerking frå Dagny i Heim-bloggen, ho sender meg 'You make me smile-award'. Tusen takk Dagny, det set eg pris på!
(Blomsterert, skabiosa, løvemunn 'Black Prince', kjempeverbena, mørkkongslys, purpursolhatt, blåsalvie, blodbeger)