fredag 30. mars 2012

Fint i hagen i dag

Eg har hatt fri i dag, påskeferien er i gang og det er vår i hagen. Kan det bli betre? Riktignok byrja å regne etterkvart, men før det fekk eg vere ute og rote litt rundt ei stund og leike meg med kameraet. Her er noko av det eg fann:
Blåbærlyng i knopp, raudhyll i ferd med å springe ut, lungeurt av ulike slag, den siste snøklokka, assortert lav og mose, egg frå Barnevelderhøna, topp av kuleprimula
Corydalis, veit ikkje kva for sort - den kom frå eit plantebyte eller planteloppis merka som "rød lerkespore". Sprer seg fint, no har eg fleire små tuer rundt omkring

Primula rosea 'Gigas' står også på spranget

Ein blå lungeurt eg fekk med meg frå parsellhagen i si tid, knall knall blå

torsdag 29. mars 2012

Høns i hagen - ein serie

Som de kanskje ser så har eg pynta til påske her i bloggen! Og det måtte sjølvsagt bli med egg. Hønene verper på høygir om dagen, me hentar fem-seks egg i hønsehuset kvar dag. Er du ein av dei som lurar på å skaffe høns? Kanskje dette kan overtale deg:
Hønsehald har vore ein av dei tinga me har fått mest respons på her i bloggen frå starten av, og veldig mange dumpar innom på bakgrunn av hønserelaterte nettsøk. Det er tydeleg at fleire har spørsmål og ting dei lurar på rundt dette feltet. Så no tenkte me rett og slett at me skulle skrive litt systematisk om våre erfaringar etter fire år med hagehøns. Det blir ein liten serie i løpet av våren, og me skal ta for oss tema som valg av rase, hønsehus, uteområde, fòring, hane eller ikkje, ruging, oppal og slakting. Underveis håpar me på å komme med konkrete og praktiske tips som kan vere til nytte. Så hvis du er ein av dei som drømmer om høns i hagen så er det berre å følge med!

onsdag 28. mars 2012

Broen

Nei, dette skal ikke handle om den over Øresund, men den som går over bekken vår. Nå har jeg fått laget alt klart og det eneste som mangler nå er tauet som skal fungere som rekkverk. I helgen diskuterte vi om vi faktisk skulle droppe dette, men så fikk vi se hvordan en gutt på to år springer over broen og da ble det klart at rekkverk må vi ha. En utfordring med bro i hagen er at den skal se ut som om den fungerer. Det er lett for at en bro bare blir pynt og at den derfor ser ut som det den er, nemlig noe som er plassert ut. Det har noe med dimensjonene til broen å gjøre også. En kan ikke ha en stor bro til en liten bekk og det er viktig at rekkverket må stå i forhold til størrelsen på broen. Med en tauløsning så unngår vi at rekkverket blir for voldsomt og at broen derfor ser "feil" ut. I tillegg får Elisa finne frem sjømannsknepene sine og spleise litt tau igjen.

Helgene er hektiske nå og det er mye som skal passes inn. Familiebesøk, småbarn og andre ting krever sin tid når vi egentlig har mest lyst til å være ute i hagen. Det faktiske hagearbeidet skjer i noen få travle fritimer. Før et familiebesøk på søndag rakk vi å begynne beplantingen av "elvebredden" vår. Så langt har vi satt ned vanlig gul iris, blålilla julistorkenebb, marikåpe, fagerklokke og en svær hvit kongslys (Verbascum chaixii) som ble for stor for staudebedet. Vi flyttet også en ormetelgbregne hit, de vokser vilt rundt oss i store mengder, og tenkte å plante flere bregner under broen og mellom steinene ned mot selve bekkefaret. Ellers skal vi også plante en hel del blå sibiriris, og noen storbladete hosta.
 - Ove (og Elisa har bidratt med planteinfoen)

torsdag 22. mars 2012

Årets første bukett

... er ikkje store saken, men du verden så glad eg blir av den!

Elles har eg fått laga meg ei såliste, i år skal det nemlig vere system i galskapen. Forhåpentligvis.

tirsdag 20. mars 2012

Vårblomstring i Muséhagen

I går såg eg eit innlegg hos Josefin med bilder frå Muséhagen i Bergen, og då tenkte eg eg måtte legge ut nokre eg også. Dei er ikkje heilt dagsferske, eg tok dei 5. mars, men trur dei tåler å bli sett likevel. Denne hagen ligg ved Bergen Museum, eller Universitetsmuseet som det no heiter, og blei anlagt heilt på tampen av 1800-talet. Den er ei perle på ca 14 mål med eit rikt utval planter. Eg er så heldig at eg jobbar like ved og kan rett som det er ta lunsjpausen på hagevandring. No er det på tide å gjøre det igjen for det har sikkert skjedd mykje sidan sist, men slik såg det i alle fall ut for om lag to veker sidan:
Krokus som tittar opp gjennom vinterdekket

Helleborus

Kroks av noko slag, tommasinianus kanskje?




Rhododendrum dauricum - ein av dei aller første rhododendronane.

Erantis - vinterblom

Hamamelis - trollhassel


Scilla mischtschenkoana


Pieris med nydelige klokkeblomar

søndag 18. mars 2012

Første frø i jorden!


Da har vi begynt å så til grønnsakshagen. I år som i fjor er det gulrøttene som er først ute. I år utvider vi både med å bruke 1,75 liters kartonger og ved å øke til 20 kartonger. Her kan vi også slå et slag for Qmeieriene som er vårt favortittmeieri etter smørfadesen i vinter.  Kåre Aamlid lover oss 16 kg på en kvadratmeter, altså 16 1,5 liters kartonger med 16 frø i hver kartong. Det gikk med en 50 liters sekk med jord for å fylle kartongene, men jorden ender opp i grønnsakssengen til slutt. Som i fjor sår vi med "Nantes 2" fra Impecta som fungerte veldig godt her hos oss. I tillegg har vi kjøpt en pakke med  både gule, røde og hvite gulrøtter fra  Plants of Distinction

Gulrøtter er noe ordentlig herk å så, og selv om det er moro i begynnelsen blir man uten unntak lei når det skal fordeles noen og tyve frø i hver kartong. Da er det godt med små flittige fingrer som kan hjelpe til. Nå står kartongene på soverommet frem til de spirer og da skal de i kjelleren under lys slik at de er klare til å plantes ut mot slutten av april.

- Ove

onsdag 14. mars 2012

Sammenplanting i rødt og blågrønt

Eg slenger meg med på Moseplassen sin konkurranse igjen, denne gongen er det sammenplantingar som står i fokus. Eg har vore veldig i stuss om kva for eit bilde eg skulle velje, kanskje mest fordi eg ikkje har så mange å ta av. Sammenplantingar er vanskelege å fotografere syns eg, kjem du for tett på så blir det dei sedvanlege nærbilda, men når du prøver å få litt avstand slik at ein ser heile "bildet", så blir det kjedeleg og formlaust. Hmm. Her har eg noko å øve meg på, ser eg.

Men nokre kandidatar dukka jo opp, for eksempel den gule irisen og den lilla storkenebben, skogbunnsbedet mitt, akeleiene og heucheraen, cosmos og astilbe eller kanskje til og med rødbetene og purreløken?

Men når det kom til stykket valgte eg ikkje eit bilde frå Blåbærhagen, men frå den adskillig meir storslåtte Parc de Bagatelle. Vakker, vakker hage! Der kom eg over denne slåande kombinasjonen. Kven skulle vel trudd at ein ildraud tulipan skulle vere så veldig fin mot ein bakgrunn av blågrøne hostablader? 

Parc de Bagatelle ligg midt i Boulogneskgen i Paris, og er ein av byens fire botaniske hagar. Den blei anlagt på slutten av 1700-talet, visstnok som resultat av eit veddemål mellom Marie-Antoinette og greven av Artois som nett hadde kjøpt eigedomen. Dronninga vedda på at greven ikkje kunne gjøre skogsområdet om til ein hage i løpet av 64 dagar, men greven vedda i mot og vann. Det kan me alle vere glade for!

I 1905 blei parken kjøpt av det offentlege, hagane blei restaurert og opna for publikum. Bagatelle er kjent for rosehagen sin som visstnok har over 1200 sortar. Me var der jo på våren, då var det ikkje mange roser å sjå. Men mykje, mykje anna fint; orangeriet, dammar og bekkar, enger med narcissar, sirlige parterrebed fulle av tulipanar, kirsebærbomstring, i det heile tatt massevis av flotte tre, og ikkje minst kjøkkenhagen eller potageren. Eg trur kanskje den imponerte oss mest av alt - dei espaliererte frukttrea som fungerte som veggar og gjerder, den stramme symmetrien, det dekorative i nyttevekstane. Det var nok her Ove fekk sin hang til espaliering, men sjølv om han no etterkvart har heile fem strengt beskorne eple- og plommetre blir det nok aldri nokon Bagatellestandard hos oss.

Kort sagt - er du hageinteressert og skal til Paris er det berre ein ting å gjøre, ta turen til Parc de Bagatelle!

Og eg, eg skal ta masse bilder av sammenplantingar dette året.

søndag 11. mars 2012

Driving av kvistar

Eg eksperimenterar litt med driving av ymse kvistar og greiner frå hagen. For ei veke sidan tok eg inn syrin, raudhyll, matsøtmispel, bøk, alperips, forsythia, blodrips, azalea, blankmispel og naturlegvis blåbærlyng. Målet er å strekke litt på sesongen for snittblomar frå hagen. Av ulike årsaker (transportutslepp, kjemiske plantevernmidler og dårlege arbeidsvilkår i dyrkingslandet) kvir eg meg for å kjøpe snittblomar frå blomsterbutikken. I Blåbærhagen prøver me å leve på mest mogleg berekraftig vis, og løysinga blir då blomar frå eigen hage (sjølv om det nok hender at eg sprekker litt når eg blir veldig frista...). Hagesesongen er jo som kjent kort men med driving kan ein altså jukse litt! Når plantene kjem inn i varmen får dei fart på knoppsprett og blomstring, og me får pynt i heimen.

Når eg hadde tatt inn kvistane sette eg dei først i kokande vatn, om lag eit minutt. Det mjuknar barken og gjer dei betre rusta til å trekke inn vatn. Så sette eg dei romtemperert vatn tilsett ei teskjei sukker og ei teskjei eddik. Vanleg blomsternæring inneheld gjødsel og mugg/bakteriehemmande stoffer, eg har lest at sukkeret gir næring nok og at eddiken skal ta knekken på bakteriar og mugg. Så langt kan eg i alle fall seie at vatnet er klarare enn det pleier å vere når eg ikkje har tilsett noko, og kvistane mine ser friske og fine ut.

Enkelte planter er jo sikre kort, som blåbærlyngen. Eg byrjar ofte å ta den inn rett etter jul, men best resultat får ein nok i februar/mars/april. Den brukar eit par veker på å springe ut, og når den endeleg gjør det kjem det fram masse fine saftiggrøne blader og delikate små blomar. Kanskje denne ladningen er på topp til neste helg? 

Blodrips er også bra. Me kjøpte ein busk i forfjor, eit viktig motiv for meg var nettopp driving. Den er jo liten enno men eg drista meg til å klippe ei lita grein i år. No står den med knoppar, ikkje så mange riktignok men det vil nok kome seg når busken er blitt meir moden. Dei er så fine!

Forsythia eller gullbusk er jo kjent og kjær til driving. Hos oss er også denne busken relativt nyetablert så min stakkar einslege kvist viser ikkje teikn til blomar. Men vanlegvis er gullbusken villig og vakker, og kan drivast frå januar og utover heile våren. 

Syrin kan vere litt vanskeleg men det ser ut til å bli blomar på den også, knoppar har den i alle fall!

Elles er eg positivt overraska over raudhyllen, eg syns den er så fin i blom ute om våren og det ser den ut til å bli inne også. Svære klaser med knoppar som er dekorative i seg sjølv. Eg er spent på korleis dei ser ut om nokre dagar.

Elles er det litt ymse. Eg hadde store forhåpningar til matsøtmispelen, men det ser ut til å blir berre blad. Blankmispelen er kjedeleg men det var vel som venta. Azaleaen viser ikkje teikn til å sprette enno, heller ikkje bøken. Alperipsen er full av små museøyrer, ganske fine men litt kjedelige på eigenhand.

Det finaste av alt er plommer eller kirsebær. For nokre år sidan tok eg med meg kappet då far min beskar frukttrea sine, og plommene sto i full blom etter kort tid. Eple er også fint men har ein tendens til å visne fort. Pil og selje gir fine gåsungar, og på lerk får du delikate, lysegrøne nåler.

Nokon andre som har holdt på med driving? Har de tips til andre planter som blir fine? Eg gler meg til å følge med på mine vidare, kanskje eg kjem med ei oppdatering her etterkvart!

- Elisa

fredag 9. mars 2012

Dramatisk vårvær


Vi har hatt mye vind her i Blåbærhagen den siste uken. På tirsdag våknet vi opp til et hønsehus uten tak. Da var det bare å kaste på seg buksen og springe ut for å se hvordan det hadde gått med hønene. Jeg vet ikke hvor lenge taket hadde vært av, men det hadde blåst storm hele natten. Da jeg kom ut og så ned der taket skulle vært kikket alle hønene opp på meg og klukket nervøst. De satt på de vanlige plassene sine og vaglet seg, men lurte nok på hvor taket var blitt av. Våte og litt forkomne, men heldigvis uten noen skader. Sammen med en utskremt tenåring fikk jeg løftet taket på plass og festet det igjen med noen solide spiker. Hønsehuset skal jo utvides i sommer og dette satte en støkk i meg. Jeg får bruke litt tid på en mer solid takkonstruksjon tenker jeg.

Det har vært en del uvær i vinter men så mye skade som vi fikk denne natten har det ikke vært før. På bildet over er det en av furuene som har veltet. Den har jo ikke vett til å stikke røttene sine ned i jorden så da legger den seg raskt over. Vi får sage den opp til ved om ikke annet. I tillegg til furua tok vinden også et stykke av gjerdet vårt, så vi tror vinden har kommet fra sørøst noe som heldigvis ikke er vanlig her. 
























I helgen skal det sages ved og er jeg heldig får jeg gjort noe mer med broen!

                                                                      - Ove

søndag 4. mars 2012

Brobygging og trekning!

Helgen har vært flott og jeg har fått gjort mye med broen. Det som tar mest tid er å mure opp selve kanten som broen skal hvile på. Etter mye tenking har jeg gått helt bort fra å støpe noe fundament. Håpet mitt er at broen blir så tung i seg selv at den ikke kommer til å bevege seg noe særlig. For å redusere sjansen for at den skal finne på noe så murer jeg bjelkene ned i steinene. Som dere ser på bildet er den lengste bjelken på 3 meter, men da stikker den godt inn i muren også. 
Bjelkene er fra et hus som sto her før jeg var født, men er som meg fortsatt i god stand. Ved at den hviler på steinen og ikke i jorden håper jeg den skal holde litt bedre, men vi får se. Det neste nå er rekkverk og planker å gå på. Bredden på broen er ca. 80 cm så den skal akkurat ha plass til en trillebår. Ikke at vi bruker det så mye her i bratthenget, men muligens begynner vi med det.





















Så til trekning av billettene til hagemesse. Det var 7 stykker som ville være med i trekninga og ved hjelp av dette snedige stedet har vi trukket ut en vinner av to billetter og det ble Vivi! Da ønsker vi lykke til med drivhusjakten!
                                                       - Ove

fredag 2. mars 2012

Stevnemøte ved hønsegarden

Det er ein vakker dag tidleg på våren, og hønseflokken er ute og spankulerar. Hanen anar at ei høne trippar rundt ein stad bakom han der. Her gjeld det å leite fram nokre godbitar på bakken og lokke høna til seg!


Joda, planen funkar godt og høna kjem springande når ho høyrer klukkelydane til hanen. Her er det visst noko godt å få.
 Kva kan det vere, tru? Ein meitemark kanskje?
 Kva det no enn er det ut til å falle i smak, og hanen er klar for neste steg.
 Men har du sett, der smatt høna av stad!
 Rask på foten er ho også, det var då veldig så travelt ho fekk det plutseleg.
 Her er ikkje anna å gjøre enn å hive seg rundt og følge etter...


I rollane: Wyandottehane og Barnevelderhøne

PS: Andre som har lyst til å vere med i trekninga om to billettar til hagemessa?

torsdag 1. mars 2012

Vår!

Idag er det første vårdagen og takket være et deilig vestlandsvintervær har jeg alt fått jobbet to hele dager i hagen. Listen med planer for hagen i år er om mulig lengre enn i fjor, og derfor er det herlig å få kommet igang. 2012 blir preget av mye som skal bygges, så det skal bli et fint år! På listen står både utvidelse av hønsehuset, bygging av voliere til hønene, bro over bekken og nye grønnsaksbed. Idag fikk jeg selskap av ett sykt barn og ett veldig friskt barn, og da er det ikke mye som blir gjort ute. 

Tirsdag begynte jeg på det som skal bli en bro over bekken. Etter mye om og men har vi bestemt oss for en veldig enkel design. Jeg skal bruke to kraftige bjelker fra plankestabelen vår som, vel, bjelker, spikre på planker til å gå på og så lage et rekkverk. Først av alt har jeg murt opp mer på sidene av bekken for å lage et godt fundament. Det kan du se til venstre på bildet. I tillegg til at en bro er stilig å ha i hagen har denne faktisk en praktisk funksjon også. Ved å definere hvor en skal krysse bekken kan plantene vi skal sette langs sidene av bekken få vokse i fred uten å bli tråkket ned.
I slike muretider må jeg skrive litt om hansker. Ifjor kjøpte og slet jeg ut mange ulike typer hansker som jeg fant rundt omkring på hagesenter og Felleskjøpet. Jeg prøvde både dyre og billige typer. Hittil har jeg ikke funnet noen sammenheng mellom pris og kvalitet. I år begynner jeg derfor med noen hansker fra Biltema til under 30 kroner. Så langt har de ikke skuffet. Det eneste problemet har vært at når du roter i våt jord så blir du skitten på hendene på oppsiden der det er stoff. Ellers har de et veldig godt grep på steiner og slikt som jeg roter med. Nå skal jeg finne ut hvor lenge de varer!