
...eat them, var det nokon som sa ein eller annan stad. Ikkje dumt det, me tok dei på ordet og hadde skvalderkål/tyssekål/hanefot til middag i dag. Eit av dei verste ugrasa i manns minne vart sannsynlegvis innført av munkar i middelalderen, som nytteplante. Tippar dei stakkars munkane har blitt sendt mang ein svart tanke sidan. Også frå meg.
Er det ein ting skvalderkålen ikkje likar, så er det å bli plukka. Stadig napping av blad vil til slutt utmatte planta, det er i alle fall det eg håpar på. Her er i alle fall nok å ta av, så det kan bli mange måltid...
Og smaken? Heilt ok. I dag var det tilbehør til fiskekaker. Eg plukka dei spede, unge blada (det er no om våren den er på sitt beste, seier dei), finhakka dei, dampa dei i smør med litt løk. For å vere ærlig smakte det ikkje så himla mykje, mest grønt om du skjønner kva eg meiner. Men vitamin- og mineralrike er jo desse blada, og uansett er det jo moro å ete ting frå hagen. Så me får prøve fleire variantar, suppe, stuing, salat, you name it!