I dag våkna me til eit nytt kvitt teppe ute, og store snøflokser dalte ned. Det har heldigvis gitt seg no, og det blei berre eit tynt lag med snø, likevel kjennest det som eit stort steg tilbake. Heldigvis er det litt meir vårlig inne, eg har nemlig plommeblomstring i vinduskarmen. Då Ove var og skar frukttrea inne på småbruket for ei tid tilbake sørga eg for å få meg meg nokre greiner heim. Eg har prøvd å drive eple før, men eg syns det er mykje lettare å få godt resultat med plomme så denne gongen droppa eg eplegreinene.
Det står to gamle plommetre der inne, men me mistenker at det egentlig berre er villskudd som har overmanna dei opprinnelege trea. Det var plommer på dei i haust, bittesmå og ganske smaklause. Men eg syns det var litt pussig at eine treet hadde gule plommer og det andre knallraude, eg ville vel tenkt at villplommer hadde lik frukt, mest sannsynleg blå? Men eg veit veldig lite om sånt. No er i alle fall trea beskåre, så skal dei få litt gjødsel og stell i år og kven veit, kanskje frukten viser seg å bli betre då? Uansett er jo plommer fantastiske når dei blomstrar så eg trur nok trea skal få stå sjølv om det viser seg å vere villplommer.
Det kom nokre få blomar på greinene mine, ikkje akkurat overdådig blomstring men fine er dei uansett. Eg klipte også med meg greiner frå ein gigantisk eldkvede som står i hagen der inne, dei står med masse feite knoppar no. Eg har aldri drive kvede før, men har lest at det skal fungere godt så no er eg spent på å sjå korleis blomane blir!