Sommarferien er over, regnet hamrar mot taket og vinden bles surt rundt nova. Me driv med barnehagetilvenning for tida, eg er heime eit par timar mens veslepionen gjer seg kjent i nye omgivnader åleine. Me er heldige med at barnehagen ligg rett nedi hogget, den er ny og fin og har eit stort uteområde. Men eg ser at dei nyplanta frukttrea og bærbuskane har fått tett beskjæring av våre gamle venner hjortane... I Blåbærhagen har derimot hjortegjerdet gjort jobben i sommar, fleire gongar har me sett udyra snike seg langs utsida men inn kjem dei ikkje. Og kjøkkenhagen er adskillig betre i år også, når den har fått stå i fred. Men sukkerertene er treige. Eg måtte så nye etter ei uheldig hønseepisode i vår, nyspirte erter smakar jo sikkert veldig godt for ein flokk fjørfe på vandring.
I ferien har me vore mykje på farta, småturar hit og dit med eit par dagar heime i mellom. Så det har ikkje blitt gjort mykje i hagen, men noko er det jo alltid. Her står ein svær, gammal duftskjærsmin som var meir eller mindre velta utover utetrappa vår. Den trengte sårt å tynnast i, men eg hadde ikkje hjerte til å gjøre det før blomstring. Slik såg den ut for nokre veker sidan:
Heile hagen var parfymert, og det var eit vakkert syn. No står det berre litt igjen, eg håpar den rekk å sette nye skudd i år slik at det er håp om litt blomstring neste sommar også.I ferien har me vore mykje på farta, småturar hit og dit med eit par dagar heime i mellom. Så det har ikkje blitt gjort mykje i hagen, men noko er det jo alltid. Her står ein svær, gammal duftskjærsmin som var meir eller mindre velta utover utetrappa vår. Den trengte sårt å tynnast i, men eg hadde ikkje hjerte til å gjøre det før blomstring. Slik såg den ut for nokre veker sidan:
Elles har eg grave opp løk. Krokus, påskeliljer, pinseliljer og tulipanar. Her har stått masse klynger rundt om kring plenen, og dei trengte å delast. Når eg grov dei opp viste det seg jo at det var enorme mengder, så no har eg kjellaren full av løk og funderar på kor eg skal sette dei. Trur beint eg må kjøpe med ein løkplantar, for eksempel denne?