Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg

onsdag 29. juli 2009

Ferien over

Sommarferien er over, regnet hamrar mot taket og vinden bles surt rundt nova. Me driv med barnehagetilvenning for tida, eg er heime eit par timar mens veslepionen gjer seg kjent i nye omgivnader åleine. Me er heldige med at barnehagen ligg rett nedi hogget, den er ny og fin og har eit stort uteområde. Men eg ser at dei nyplanta frukttrea og bærbuskane har fått tett beskjæring av våre gamle venner hjortane... I Blåbærhagen har derimot hjortegjerdet gjort jobben i sommar, fleire gongar har me sett udyra snike seg langs utsida men inn kjem dei ikkje. Og kjøkkenhagen er adskillig betre i år også, når den har fått stå i fred. Men sukkerertene er treige. Eg måtte så nye etter ei uheldig hønseepisode i vår, nyspirte erter smakar jo sikkert veldig godt for ein flokk fjørfe på vandring.

I ferien har me vore mykje på farta, småturar hit og dit med eit par dagar heime i mellom. Så det har ikkje blitt gjort mykje i hagen, men noko er det jo alltid. Her står ein svær, gammal duftskjærsmin som var meir eller mindre velta utover utetrappa vår. Den trengte sårt å tynnast i, men eg hadde ikkje hjerte til å gjøre det før blomstring. Slik såg den ut for nokre veker sidan:
Legg til bildeHeile hagen var parfymert, og det var eit vakkert syn. No står det berre litt igjen, eg håpar den rekk å sette nye skudd i år slik at det er håp om litt blomstring neste sommar også.

Elles har eg grave opp løk. Krokus, påskeliljer, pinseliljer og tulipanar. Her har stått masse klynger rundt om kring plenen, og dei trengte å delast. Når eg grov dei opp viste det seg jo at det var enorme mengder, så no har eg kjellaren full av løk og funderar på kor eg skal sette dei. Trur beint eg må kjøpe med ein løkplantar, for eksempel denne?

fredag 3. juli 2009

Blomstring i juli

Jada, det er ikkje lett å få tid til innlegg. Og no er eg egentlig for trøtt til å skrive, så det blir i staden bilderas av planter som blomstrar no (og bilda er som vanleg finast i stor versjon, så klikk gjerne på dei). Eg byrjar med to peonar, ein har eg hatt i fleire år og no blomstrar den endeleg. Eg huskar ikkje kvar den kjem frå. Den andre kjøpte eg på haustsalg i forfjor, den har namn men eg huskar det ikkje nett no. Eg synest særleg den kvite er nydeleg, den duftar også. Og eg må innrømme at eg likar desse koppforma, halvfylte betre enn dei dei heilfylte bustehovuda...


To kvite; Anemone rivularis er så fin med dei blå støvbærarane (men du må kikke godt etter for å sjå dei, blomen er liten...) og den fylte knollmjødurten (Filipendula vulgaris) er også vakker. Den siste fekk eg hos den største eksentrikaren i parsellaget eg var med i før. Og det var mange av dei (eksentrikarar altså) så det seier ikkje så reint lite.


To favorittar her også, Knautia macedonica har ikkje noko norsk namn såvidt eg veit, den anbefalar eg på det sterkaste! Mine sådde eg sjølv for ein del år sidan og no er det fine tuer med hundrevis av raude knappar på høge stilkar. Blomstrar lenge gjer dei også. Den blå er ei lerkespore men eg veit ikkje kva for ei. Omlag 50 cm høg, lysegrønt bladverk med raude flekkar på. Knall blåfarge.


Alle desse veks i same bed, eg prøver å halde det i kjølige blå- rosa- og lillafarger. Her står også denne veldig sartblå ridderspora, eg meiner den er kjøpt som Delphinium delavayi på planteloppemarknad for nokre år tilbake. Attmed den står sporeblomar (Centranthus ruber) i to fargar, sådd frå fargeblanding. I utgangspunktet var det dei knallrosa eg ville ha, men desse to er også fine, ein kvit og ein meir dempa rosa.


Det nye bedet som grensar mot hjortegjerdet og skogen skal vere sterkare i fargane, her er det lov med gult, oransje, raudt, lilla, skarprosa og anna som står til. Her har eg også ein del raudt bladverk. Det er litt tynt i bedet enno, men her er to frodige parti. Det første bildet viser blant anna den sterkrosa sporeblomen frå same frømiks som dei to over, samt eit par ulike Heuchera, ein raudblada kvann, Ajuga 'Burgundy Glow', og eit høgt gras (trur det er Miscanthus floridulus). Bildet til høgre viser ei gul lilje, gul kongslys (Verbascum nigrum), Miscanthus 'Zebrina', Heuchera 'Green Spice' og ein raud oxalis eg planta i fjor som har eksplodert utover heile bedet i år med frøplanter. Ugrasarta, ja, men den fyller fint opp i tomromma og er lett å luke vekk der eg ikkje vil ha den så eg klagar ikkje enno. Den blomstrar med gule, små blomar og eg huskar ikkje namnet nett no.


Så blei det visst litt tekst likevel, men no er det nok for i dag. Håpar eg kjem tilbake med meir snart...

fredag 19. juni 2009

Bilder frå før regnet

Joda, regnet kom og det ser ut til at brønnar og vasslager har blitt fylt godt opp. No blir det visst finver igjen i uoverskueleg framtid. Og temperaturar som minnar meir om sommar enn sur og kald vår. Eg syns at ein del ting i hagen står og stagnerar litt, så eg håpar no at ei god rotbløyte etterfulgt av litt varme vil sette fart på ting. Viser eit par bilder tatt ein solskinnsdag tidlegare i veka:





Heuchera sanguineum (purpuralunrot), Gladiolus communis (trur eg), Viola cornuta (hornfiol), Primula japonica 'Miller's Crimson', Aquilegia 'Nora Barlow', og så eit gruppebilde med to ulike raude heuchera og akeleia 'Ruby Port', og ei julerose i forgrunnen. Visst kler dei kvarandre?
Tillegg: eg syns bildene alltid blir så uskarpe når eg lastar dei opp i Blogger, andre som er plaga med det? Dei er skarpare i stor versjon om du klikkar på dei.

I år har eg planta ein del roser, mellom anna 'Souvenir de Dr. Jamain'. No ser eg at den har små oransje prikkar på blada, er det dette som er roserust? Eg har plukka vekk og kasta dei blada det gjeld, kryssar fingrane for at det ikkje vil smitte vidare.

tirsdag 16. juni 2009

Dagens bukett og fire storkenebbar

Eg ser at det skjer i år som i fjor; sommaren er her og eg er ute i hagen. Ikkje inne og bloggar. Men over ein månad sidan forrige innlegg - den var litt drøy. Det har jo tross alt skjedd ein del i hagen som burde dokumenterast, hjortegjerdet er ferdig, tre nye bed er anlagt, roser er planta, urtekarm snekra, og meir til. Første kull kjøttmeisar er flydd frå fuglekassa så sommaren er definitivt i full gang sjølv om dei varme temperaturane uteblir. Det har vore fint lenge, men nordavinden er til tider isande. I morgon er det meldt regn og det treng me. Plantene er tørste og brønnen treng påfyll. Slik det er no må veslepionens badevatn resirkulerast i kjøkkenhagen, og me må vaske opp med omhu. Kven skulle tru det var mogleg her i regnbyen? Men no skal det altså kome, regnet, og i mengder til og med. Kanskje det betyr eit par fleire blogginnlegg her frå Blåbærhagen.

Eg tok på meg å lage borddekorasjonar til sommarlunsjen på jobben i går, det er dagfiol og grasløk frå hagen her, og hortensia og skvallerkålblomar (!) knabba frå bakgården der festen fann stad. Det var åtte lave dekorasjonar som dufta vidunderleg, og eg tok dei sjølvsagt med heimatt sidan ingen ville ha dei. No står alle åtte samla i ei stor skål, og eg må seie det er ganske fint...



Og så eit lite utval storkenebbar som blomstrar no:


Geranium phaeum 'Raven'


Geranium phaeum 'Samobor'


Geranium reflexum


Her manglar eg namnet, men det er vel ein cinereum?