Etter å ha lese om Dove Cottage Nursery & Garden i eit gamalt blad har eg fått ein ny ønskeplante.
Egentlig er eg ikkje så glad i gult og oransje i hagen, likevel klarte eg på uforklarleg vis å lage eit lite bed i akkurat dei fargane i sommar. Etter å ha pådratt meg ein del meir i same fargeskala i haust gjennom diverse salg og bytting, blei bedet utvida. No merkar eg at det er nettopp dette bedet eg gler meg mest til å sjå i full vekst til neste år. Her skal det bli sprakande i raudt, gult og oransje med innslag av lilla, og det veks det også litt ulikt prydgras der.
Etter å ha sett desse forførande solhattane i ulike fargar innser eg at slaget er ugjenkallelig tapt. Eg vil ha meir! Eg vil ha varme, eksotiske, dirrande fargar og eg vil at det skal vere solhattar opp og i mente. Store, små, lyse, mørke, oppovervendte og nedovervendte. Foreløpig har eg berre ein, den vanlege purpurea (bildet over). Han kom med ein blom i år heilt på tampen av sommaren... Sneglane ga han hard medfart i vår, trur eg, så han brukte lang tid på å hente seg inn igjen.
Men neste år skal eg gå til krig mot sneglane for eg vil ha solhatten for meg sjølv. Og eit utval med andre fargar; er ikkje denne gule 'Sunrise' fin? Og oransje 'Art's Pride'? 'White Swan', 'Twilight', 'Green Envy', 'Sundown', 'Vintage Wine', 'Summer Sky', 'Mango Meadowbrite', 'Tiki Torch', 'Harvest 'Moon' og i det heile tatt.
Thompson & Morgan og Impecta har frø til nokre namnesortar, godt mulig det må bli ei bestilling.
Ta ein kikk på bildene på Dove Cottage si side, under kategorien Garden, vel verdt å sjå sjølv om bildene er små. Fantastiske bed og samplantingar!