
Denne ryddinga har pågått ein månads tid no, og ganske snart antok den militære dimensjonar. Eg ser på mannen at han blir fjern i blikket når han gjør seg klar til å gå ut og møte fienden, krigshorna gjallar i det fjerne og trommene slår i taktfast marsjfart. Våpena som må til er sylskarp spade, greip, og eit par sterke hanskar. Med desse går han til angrep og kjempar motstanden ned. Han gjenerobrar små dalar og toppar, og frigjør eit par små bjørker som har overlevd i fangenskap djupt der inne i mørket. Fienden blir riven opp med rota, dekapitert med sekatøren og til slutt kjem nådestøtet; fullstendig tilintetgjørelse i kompostkverna. Igjen er det berre... flis.
Så har me nytt terreng å utfolde oss på, nybrottsland som ligg der og berre ventar på å bli kultivert. Me føler oss som pionerar og kosar oss i sola med å planlegge kva me skal plante der. Freden senkar seg igjen.
LOL
SvarSletttakk skal du ha for en god latter :D