Neste år vil eg ha fleire tulipanar. Maihagen er litt fargeluas og kjedelig etter at alle vårens krokusar og scillaer er ferdige. For nokre år sidan satte eg ein del løkar av tulipanen 'Purissima', eg trur det kan ha vore 30 stk. Tre år seinare er det sikkert dobbelt så mange her, kanskje litt mindre men likefullt nydelige. Til hausten må eg leite opp fleire slike tulipanar som kjem igjen år etter år, med litt meir farge på. For dei lyser virkelig opp ute no!
Denne primulaen, 'McWatts Cream', har nøyaktig same farge som tulipanane og er minst like villig. Denne har eg sikkert hatt i 7-8 år, den har blitt delt fleire gonger og dannar fort store, frodige tuer. Til sommaren skal den delast igjen og plantast i ein litt meir halvvill setting under eit epletre i lag med snøklokker, narsisser og lungeurt. Målet er at det skal bli
litt som dette på sikt.
Den blå lungeurten blomstrar ufortrødent vidare, og er enno like fin. Snart får den selskap av ein lysegul ballblom og kvite dupper, det blir nok også fint!
Ruteliljene er ein absolutt favoritt. Eg vil ha mange, mange, men enn så lenge har eg berre desse to. Forleden kom eg over
denne akvarellen av Charles Rennie Mackintosh, rutelilja må jo vere den perfekte blomen for Art Nouveaustilen!
I går var det også tid for å plukke den tradisjonelle bursdagsbuketten til meg sjølv, i år lagde ein ein stor ein med masse bladverk sidan det ikkje var så mykje blomar å hente. Her er rognespirea, hegg, alperips, blomstrande blåbærlyng, villbringebær, raudhyll i knopp, billardspirea, storkonvall (som ikkje er heilt utsprungen enno), pinseliljer, ei enslig påskelilje og tulipanar. Til og med den forhatte platanlønnen viser seg å vere ganske fin i knopp, og fekk vere med som eit lite skulpturelt innslag.