fredag 15. juni 2012

Lys- og mørkebukett

Eg prøvde meg på å bruke hønsenetting som armering nede i vasen denne gongen, for å halde stilkane betre på plass. Det funka kjempefint, det er jo veldig nyttig i ein sånn litt vid, grunn vase som dette. Det blir meir som eit arrangement enn ein bukett, du kan få til litt andre fasongar enn i ein vanleg vase. 
Her har eg brukt ein blanding av heilt lyse blomar og mørkt bladverk, spesielt fint syns eg et blei med frøhovuda av kubjelle (Pulsatilla vulgaris). Elles har eg brukt Trollius 'Alabaster', Geum 'Lionel Cox', duppesoleie, marikåpe, akeleia 'Black Barlow' og ymse Geranium phaeum. Den held seg faktisk ganske godt i vase, i motsetnad til dei fleste andre storkenebba. Bladverket er frå Astilbe, Heuchera og Cimifugia 'Brunette'. Duppene byrka ganske fort å drysse men resten heldt seg veldig bra. 'Alabaster' var heilt nydelig til snitt, det må eg huske til framtidige bukettar!




8 kommentarer:

  1. Buketten var nydelig! Som alltid :) Jeg må nok inn å kikke på den igjen før jeg skal legge meg, sånn at jeg får søte drømmer :)God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du veit, eg kosar meg ordentlig når eg held på med disse. God helg til deg også - det ser ut til å bli ei våt ei. Gudskjelov.

      Slett
  2. Fin bukett! Spenstig fargevalg- fikk lyst på et helt bed i de fargene:)
    God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, eit bed ja, det var ingen dum idé!

      Slett
  3. Flott bukett! Jeg likte veldig godt fargesammensetningen.
    God helg!

    SvarSlett
  4. Du verden, så flott bukett! Og veldig smart å bruke hønsnetting!

    Kjempe fine bilder!

    SvarSlett
  5. Heisan.
    Kjempeflott bukett. Fekk lyst å gå ut og plukke no !!
    Ha det godt.

    SvarSlett