torsdag 21. juni 2012

Midtsommarbukett

Strengt tatt burde dette vore ein forsommarbukett, sidan både syrin og dagfiol er forsommarblomar. Men den kalde våren forsinka alt, og den kvite syrinen vår som er litt seinare enn mange andre syrinar står i fullt flor akkurat no. Begge delar er arv etter tidlegare bebuarar her i hagen, syrinen er stor og flott sjølv om den veks ut av ei steinrøys og dagfiolane sår seg sjølv i same steinrøysa med beundringsverdig iver. Fint å ha så mykje at ein kan riktig fråtse når ein skal plukke, og det gjorde eg verkeleg her. Buketten blei gedigen, mykje større enn tenkt, men av og til er jo det litt moro også. Ikkje minst er den ei real duftbombe som har parfymert heile stova dei siste dagane.

Elles har eg brukt marikåpe, hundekjeks, sølvbunke, rødkløver, småhjerte, grasløkblomar, akeleier og Geranium phaeum. Som grønt fyll brukte eg kvistar frå skjærsminen, den står i knopp enno men er nesten klar til å bli neste duftbombe i hagen.








3 kommentarer:

  1. Nydelig bukett i delikate farger! Du kan virkelig det med buketter.

    SvarSlett
  2. kjempeflott bukett og nydelige farger :)

    SvarSlett
  3. Berre lekkert! Kan nesten kjenne de deilige duftene :) God helg!

    SvarSlett