Viser innlegg med etiketten Ender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ender. Vis alle innlegg

onsdag 28. oktober 2009

Fjørfe i haustlys

Moskusendene har blitt store, dei er ikkje like tamme men ganske trivelege likevel. Det ser ut til å vere ein (skinande) kvit andrik og ei mørk and.


Desse er klekte litt vel seint på sommaren, i august. Strengt tatt burde dei hatt heile sommaren på å feite seg opp til vinteren, tippar dei ville tatt knekken på ein del sneglar då. No er det ikkje så mange igjen til dei, men dersom dei kjem over ein går den ned med overraskande stor appetitt. Både små åkersneglar og store, sleipe, brune beist. Så etter mi vurderingsevne er moskusanda slett ikkje oppskrytt som sneglejegar! Sjå berre her kor dei kjemmer seg gjennom graset:

Hønene har sakka litt akterut når det gjeld verping, men det er allikevel stort sett to-tre egg kvar dag. På ettermiddagen får dei sleppe ut frå hønsegarden eit par timar. Tanken er at dei skal halde seg oppe i skogkanten og rote rundt etter mat, men sanninga er vel at dei føretrekk beda mine. Då er det greit å ha ein liten hønsegjetar som kan passe på dei. Bildet er frå ein solskinnsdag i helga som var så fin at me måtte fram med is. Og i ein toårings univers er det jo innlysande at hønene må få smake! Det ville dei heldigvis ikkje, brødskalkane var meir interessante. Men det sto altså ikkje på generøsiteten, og det teiknar jo godt for framtida, synest eg.

tirsdag 1. september 2009

Feilmerka liljer

På hagemessa i år kjøpte eg ein haug med liljeløk for ein billig penge (billigsalg ein time før stengetid). Løkane vart selde i lausvekt nærmast, golvet var fullt av pappkassar med etikett pålimt sånn litt på halv åtte. Eg hadde dårlig tid og ingenting å notere med, så eg plukka løkar i spekteret kvitt-rosa-rødt for at det ikkje skulle bli fargekræsj i bedet. To av liljene var rosa, tre av dei rekk nok ikkje å sprette ut og resten ser sånn ut:

Vel er dei fine, men eg treng i grunnen ikkje så mange like... Her er dei som blei rosa:

Elles blomstrar også liljene 'Casablanca' no, den syns eg er heilt nydelig. Den rosa 'Stargazer' er avblomstra, den var også fin.



I fjor fekk eg bytteløkar av tigerlilje på Hagegal, dei blomstrar no og er også feiande flotte. Massevis med bulbillar på dei som er gitt vekk til venner og kjente, enkelte av bulbillane spirte allereie mens dei hang på stilken!

Andungane har vokse kjempemasse, dei har flytta ned i kjellaren og får kome ut og lufte seg litt kvar dag. Mannen i huset er i full gang med å planlegge andehus, så det ser ut til at dette blir permanente innbyggjarar i Blåbærhagen.

Me veit ikkje kjønn enno, hvis det er ein av kvar må me nok bytte ut andriken slik at me kan ha eit avlspar som ikkje er sysken. Moskusand skal vere svært godt til kjøt, så kanskje me blir sjølvforsynte med andesteik neste år? Ein ting er sikkert: ingen av desse to skal hamne i gryta, til det har me fått dei litt for nært innpå... Dei har blitt kjæledeggar for heile familien, og fotfølger oss rundt i hagen. Veldig kos for store ogs små.

onsdag 26. august 2009

Nytt blant folk og fe

Hagen har blitt forsømt, oversvømt og herja med av vinden sidan sist, likevel er det så frodig og fargerikt som det ikkje har vore heile sommaren. Eg velger å tenke at det er fordi eg la eit godt grunnlag tidlegare i år, så får det heller vere at eg ikkje heilt klarar å ta meg av den skikkelig no. Det blir familieforøkning her i januar, og nestemann gjør seg allereie godt bemerka gjennom vond rygg og skranglete bekken. Neste vår og sommar blir altså tilbrakt heime i permisjon, og då har eg store planar for hagen!

Me har fått nye innbyggjarar i Blåbærhagen, desse to her:

Søstra mi har moskusender, og dei klekte eit kull ungar for ca to veker sidan. Den eine ungen klarte ikkje å komme seg på beina, og blei dermed verande igjen i reiret når mora og syskena fór ut. Me tok med oss andungen og gav ho litt kjærleik, omsorg og stell og det gjorde susen, gitt! No pilar ho rundt som ei lita mus, likar å sitte på skuldra og nappe litt i øyret. Ho trudde nok ho var ein av oss, og likte svært dårlig å bli sett tilbake i pappkassen sin mutters åleine etter ei lita kosestund. Men så mykje skit som dei legg igjen etter seg er det ikkje snakk om å ha frittgåande ender inne i huset... Så etter ei veke fekk me sendt hit eit av syskena, den gule. Me trur det er ein hann, nebbet hans er mykje større. Så no bur dei to i ei pappkasse på badegolvet, og på ettermiddag og kveld tar me heile kassen ned i stova så dei får litt selskap. Dei er heilt tamme begge to og trivst i fanget. Snart er dei store nok til å flytte ut, men me er vel litt utsikre på kva me skal gjere med dei. Skal me beholde dei eller sende dei heim att til garden? Det renn ein bekk over nabotomta her, perfekt plass for ein andedam... Og moskusender er jo kjent som gode sneglejegarar, eg har sjølv sett foreldra til desse to ta for seg av dei brune. Spørs om ikkje det blir ei lita andestamme i Blåbærhagen i framtida.

Nokre glimt frå hagen:

Raud kvann i det raud-gule bedet

Knallblå kinesisk ridderspore