onsdag 28. oktober 2009

Fjørfe i haustlys

Moskusendene har blitt store, dei er ikkje like tamme men ganske trivelege likevel. Det ser ut til å vere ein (skinande) kvit andrik og ei mørk and.


Desse er klekte litt vel seint på sommaren, i august. Strengt tatt burde dei hatt heile sommaren på å feite seg opp til vinteren, tippar dei ville tatt knekken på ein del sneglar då. No er det ikkje så mange igjen til dei, men dersom dei kjem over ein går den ned med overraskande stor appetitt. Både små åkersneglar og store, sleipe, brune beist. Så etter mi vurderingsevne er moskusanda slett ikkje oppskrytt som sneglejegar! Sjå berre her kor dei kjemmer seg gjennom graset:

Hønene har sakka litt akterut når det gjeld verping, men det er allikevel stort sett to-tre egg kvar dag. På ettermiddagen får dei sleppe ut frå hønsegarden eit par timar. Tanken er at dei skal halde seg oppe i skogkanten og rote rundt etter mat, men sanninga er vel at dei føretrekk beda mine. Då er det greit å ha ein liten hønsegjetar som kan passe på dei. Bildet er frå ein solskinnsdag i helga som var så fin at me måtte fram med is. Og i ein toårings univers er det jo innlysande at hønene må få smake! Det ville dei heldigvis ikkje, brødskalkane var meir interessante. Men det sto altså ikkje på generøsiteten, og det teiknar jo godt for framtida, synest eg.

5 kommentarer:

  1. Koselig bilde av jenten din sammen med hønene :-)

    SvarSlett
  2. Koselige bilder. Endene har jammen vokse seg til i løpet av nokre månader. Så flott at dei tek sneglar. Må vera kjekt med høner og eigenproduserte egg til frukost.

    SvarSlett
  3. Nefertiti: Ho er vel bra søt!
    Mariann: Det kan eg love deg, like stor stas kvar dag å hente egg, både for store og små.

    SvarSlett
  4. Moskusendene ser både dekorative og effektive ut! Roter ikke de i beda slik som hønene?
    Og veslejenta er virkelig både søt og godhjerta.
    Det ligger en ei utfordring til deg på bloggen min. Nå så jeg at du hadde fått den fra Sigrid også, men pytt!

    SvarSlett
  5. Takk, Berit! Endene er adskillig meir skånsomme enn hønsa, dei graver nemlig ikkje. Stor forskjell! Til gjengjeld legg dei frå seg visittkort overalt, det er jo heller ikkje særlig artig. Men gjødsel er gjødsel!

    SvarSlett