3. juli 2009
Blomstring i juli
19. juni 2009
Bilder frå før regnet



Tillegg: eg syns bildene alltid blir så uskarpe når eg lastar dei opp i Blogger, andre som er plaga med det? Dei er skarpare i stor versjon om du klikkar på dei.
I år har eg planta ein del roser, mellom anna 'Souvenir de Dr. Jamain'. No ser eg at den har små oransje prikkar på blada, er det dette som er roserust? Eg har plukka vekk og kasta dei blada det gjeld, kryssar fingrane for at det ikkje vil smitte vidare.
16. juni 2009
Dagens bukett og fire storkenebbar
Eg tok på meg å lage borddekorasjonar til sommarlunsjen på jobben i går, det er dagfiol og grasløk frå hagen her, og hortensia og skvallerkålblomar (!) knabba frå bakgården der festen fann stad. Det var åtte lave dekorasjonar som dufta vidunderleg, og eg tok dei sjølvsagt med heimatt sidan ingen ville ha dei. No står alle åtte samla i ei stor skål, og eg må seie det er ganske fint...
Og så eit lite utval storkenebbar som blomstrar no:
8. mai 2009
Kva blomstrar i mai?
Her er eit utval frå slutten av april, engkarse (strengt tatt eit ugras men bevares så skjørt og vakkert), marianøkleband (Primula veris), ein rhododendron (me redda den frå grøftekanten, nokon var tydelegvis lei og hadde dumpa den der), aurikkel, raud rosenrot (Rhodiola atropurpurea), kubjelle (Pulsatilla vulgaris).
2. mai 2009
Gulare enn gult


Og her er lunsjen i går, heimebakt brød med eggerøre frå hønsehuset og grasløk frå hagen.

27. april 2009
Ingen liten Bagatelle dette, nei
Paris var sjølvsagt fint, det mest interessante på hagefronten var Parc de Bagatelle. Me blei begge veldig begeistra for dei espalierte frukttrea i kjøkkenhagen, har lyst til å prøve oss på noko slikt her også. Er det ikkje fint?


Løkblomstringa var på sitt beste mens me var der, vil eg tru. Sjølvsagt gjekk batteriet på kameraet ganskje kjapt, men eg fekk foreviga litt i alle fall.
Ein trepeon hadde så smått begynt å blomstre:
9. april 2009
Me gjerder oss inne
Så har me endeleg fått begynt på hjortegjerdet! Fire stk armeringsnett 2x5 m er montert på høge staurar og sett opp på oppsida av hagen, mot skogen. Det er eit par opningar her og der, me må lage to portar og skal dessutan ha element av hasselflett innimellom. Over hovudinngangen mot skogen skal det vere roseboge (bortsett frå at den ikkje skal vere boga men rett), og på armeringsnettet skal det klatre klematis, humle og roser og bjørnebær. Innimellom skal de stå buskar og små trær, som hyll, eple, buddleja og andre ting. Ein vegg på over 20 meter, det gir uendelege plantemoglegheiter! Me er storfornøyde med armeringsnett som gjerde, det ser stramt og elegant ut men er samtidig relativt diskret og luftig. Stor takk til svigerfar som saman med mannen i huset har brukt fleire dagar på både stakittgjerde og armeringsgjerde.
I hagen blomstrar mykje no, her er eit lite utval.
4. april 2009
24. mars 2009
Plommeblomstring
Syrinen står i knopp, mengder med knoppar faktisk, kanskje dei blomstrar til neste helg?
23. mars 2009
Om japansk inspirasjon og stiklingmagi
Her skal det stå ei japansk lønn (Osakazuki), ei kvitrogn og eit tredje tre som skal ha vakker blomstring, me har ikkje heilt bestemt oss kva det skal vere enno. Trea skal plantast i lommene mellom steinane, og dei skal klippast slik at dei held seg små. Me må også komme på ein bra bunndekkar, den skal helst vere grøn og frodig, gjerne moseaktig. Trur det kan bli fint!I august klipte eg fire stiklingar av ei svær klatrerose som står hos mor mi. Den har vore på tunet i "alle år", sannsynlegvis sidan før andre verdskrig. Me har alltid trudd at det var 'New Dawn', men vår er ikkje remonterande. For ei stund sidan leste eg tilfeldigvis om ND sitt opphav, 'Dr. van Fleet'. Dei to rosene er like bortsett frå at sistnemnde berre blomstrar om sommaren. Så då er nok vår rose den, tenker eg.
Uansett, stiklingane blei sette i ei potte og stort sett glemt over vinteren. Nyleg oppdaga eg friske skot på dei, og jammen var det ikkje røtter på alle fire! I går potta eg dei om, og nok ein gang falt eg i stavar over dette med stiklingar. Du stikk ein pinne i jorda, og så får du ei ny plante. Det er heilt magisk... Eg kjenner at dette blir eit stiklingår, eg er heilt hekta. På badet står ti gule og ti raude kornellar til roting, i kjellaren fem vripil, og eg vil ha meir!
Og for øvrig har eg visst laga meg ein ny blogg, om ein annan lidenskapeleg interesse for tida; handarbeid.
19. mars 2009
Helleborusbonanza
17. mars 2009
Om forventningar og fylte snøklokker

15. mars 2009
Under torva
9. mars 2009
Ukjente løkar
Frå før sto her grastustar, overgrodde astilber og ein eller annan hjelm. Og skvallerkål, sjølvsagt. Mens eg sto og grov opp denne herligheita dukka det plutseleg opp ein neve små, kvite løkar. Eg kan ikkje huske å ha sett noko slikt her i fjor, men dette liknar jo vitterlig på liljeløkar, gjør det ikkje? Eg tok dei i alle fall opp og sette dei i ei potte for å feite dei opp, så vil vel tida vise kva det er for noko.
7. mars 2009
Eg gler meg
No står alle Helleborusane mine i knopp. Dei treng berre ei periode med mildver så er dei på plass, trur eg. Eg veit at eg har fem, men eg kan berre finne igjen fire av dei. Fattar ikkje kvar den siste har tatt vegen, eg kan ikkje heilt huske kvar den blei planta heller. Men skulle jo tru eg hadde sett teikn til den no… Hvis den har gått ut i vinter burde eg jo finne restar, vel? Så eg har eit lønnlig håp om at den kjem til å dukke opp ein eller annan stad.
Eg innvilga meg ein vinterferiedag på torsdag etter nøye overvåking av Yr. no. Det viste seg å vere eit klokt trekk då torsdagen var ein nydeleg dag mens fredagen, som var alternativet, var kald og våt. Så torsdag var årets første skikkelege hagedag. Eg begynte så smått å klippe på nokre tørre pinnar, og før eg visste ordet av det hadde eg rydda heile bedet for rusk, rask og restar. Det hadde eg egentlig tenkt å vente med i tilfelle det skulle bli skikkelig kaldt igjen. Men når eg først var i gang kunne eg like godt halde fram, så no er alle stauder klipt ned og klare for våren. Og dei første brunsneglane som sikkert snart dukkar opp får færre skjulestader i beda mine…
Mannen i huset rakte ein stor haug med mose opp frå plenen og kasta den inn i hønsegarden. Hønene var strålande fornøyde med det mjuke, grøne teppet sitt, hønsegarden var blitt temmeleg trist og gjørmete etter vinteren. Kyllingane frå i fjor haust er blitt store og stadig fleire kjem i verpemodus. Dei tre hanane har begynt å gale om morgonen så det spørs kor lenge dei blir verande. Men denne karen er så staseleg at der fristande å behalde han. Det er ein brun italienar, og han er foreløpig roleg og snill. Han passar godt på hønene og leitar fram godbitar til dei. Og best av alt; stemma er ikkje så kraftig så risikoen for å vakne til hanegal kl fire om natta er dermed ikkje så stor!



































































