...eat them, var det nokon som sa ein eller annan stad. Ikkje dumt det, me tok dei på ordet og hadde skvalderkål/tyssekål/hanefot til middag i dag. Eit av dei verste ugrasa i manns minne vart sannsynlegvis innført av munkar i middelalderen, som nytteplante. Tippar dei stakkars munkane har blitt sendt mang ein svart tanke sidan. Også frå meg.
Er det ein ting skvalderkålen ikkje likar, så er det å bli plukka. Stadig napping av blad vil til slutt utmatte planta, det er i alle fall det eg håpar på. Her er i alle fall nok å ta av, så det kan bli mange måltid...
Og smaken? Heilt ok. I dag var det tilbehør til fiskekaker. Eg plukka dei spede, unge blada (det er no om våren den er på sitt beste, seier dei), finhakka dei, dampa dei i smør med litt løk. For å vere ærlig smakte det ikkje så himla mykje, mest grønt om du skjønner kva eg meiner. Men vitamin- og mineralrike er jo desse blada, og uansett er det jo moro å ete ting frå hagen. Så me får prøve fleire variantar, suppe, stuing, salat, you name it!
hihihi, jeg er også så heldig at det fulgte uventede grønnsaker med på kjøpet av nytt hus ;) Heldigvis kun i et begrenset ommeråde da, men sikkert nok til en par måltid :D Bildet var nå forresten veldig lekkert og fristende!
SvarSlettÅ så artig! Det er heilt utruleg mykje ein kan ete i naturen, berre kunnskapen set grenser. Fantastisk vær idag og dagane framover. Håper å få sjå mange glade hagebilete :-) God helg.
SvarSlettDet var jo spennende. Har litt av en sorten, så dette må kanskje prøves. Ser jo veldig godt ut.
SvarSlettJammen litt av et tips det der! Jeg synes bare det er så "skummelt" å smake på slikt. En jeg kjenner lagde en, sikkert nydelig, neslesuppe til meg en vår, og så våget jeg ikke å smake!!! :flau:
SvarSlettPS: Bildet var jo like lekkert som i Viestad sine artikler jo!!!!
SvarSlett