Det viser seg at Blåbærhagen heller skulle blitt kalt skvallerkålhagen... Den er overalt. Eg graver og graver, drar ut rot etter rot, drømmer om det på nattestid og i det heile tatt. Skvallerkål er blant dei verste ugrasa, og bortimot umogleg å bli kvitt. I alle fall om ein har tankar om å drive giftfritt hagebruk. No driv eg og lagar eit skvallerfritt bed der eg kan plassere alle plantene mine som eg må flytte hit frå min gamle parsellhage. Eg har grave opp eit stykke på ca 1 x 4 meter, tatt ut jorda ned til 20-30 cm og dekka botnen med aviser. No driv eg og sålder jorda inn igjen i bedet, bøtte for bøtte, og prøver å følge med falkeblikk ein kvar liten rotbit som måtte snike seg med. Ein mikroskopisk rotbit kan nemlig bli til ei plante igjen som kjapt vil kunne kolonisere heile bedet. No har eg samla opp ein heil haug med skvallerkålrøtter, og funderar på korleis eg kan destruere dei på best mogleg vis. Snakk om spesialavfall! Trur eg må brenne dei, skal ikkje ned igjen i jorda i alle fall...
Blir det gule blomster på denne? Eg fikk noe med et lass jord i fjord og før eg fikk kjørt ut jorden var hele lasset dekket av en veskst som det ble gule blomster på og med røtter som ligner disse.
SvarSlettNei, den får kvite blomar i ein skjerm. I sjølve innlegget er det ei lenke til ei side med bilder, der med blå tekst (får ikkje til å legge inn lenker her i kommentarfeltet).
SvarSlett