Det er visst på tide å kome inn med nokre mjuke verdiar her igjen og publisere litt blomsterbilder etter alt bygg ag anleggsarbeid som Ove har hatt for seg i det siste. Men det er jo ikkje mykje blomstring ute no så eg går tilbake og velger eit av favorittbilda frå denne sesongen. Det er ein storkenebb som sto her i hagen då me overtok, den har blitt delt og har fått spre seg masse i hagen for den er så fin når den blomstrar. Eg trur det må vere ein god gammaldags julistorkenebb.

Til våren skal me plante langs bekken, då tenker eg denne storkenebben i kombinasjon med marikåpe, hosta og blå sibiriris. Kankje også den gule sverdlilja/irisen, for visst er dei vel fine saman?