torsdag 20. oktober 2011

Tilbakeblikk til juli - storkenebb

Det er visst på tide å kome inn med nokre mjuke verdiar her igjen og publisere litt blomsterbilder etter alt bygg ag anleggsarbeid som Ove har hatt for seg i det siste. Men det er jo ikkje mykje blomstring ute no så eg går tilbake og velger eit av favorittbilda frå denne sesongen. Det er ein storkenebb som sto her i hagen då me overtok, den har blitt delt og har fått spre seg masse i hagen for den er så fin når den blomstrar. Eg trur det må vere ein god gammaldags julistorkenebb. 

Til våren skal me plante langs bekken, då tenker eg denne storkenebben i kombinasjon med marikåpe, hosta og blå sibiriris. Kankje også den gule sverdlilja/irisen, for visst er dei vel fine saman?

7 kommentarer:

  1. Vakre gleder! :)

    ... og et veldig vakkert lys!

    SvarSlett
  2. Nydelig storkenebb. Jeg har etter hvert blitt mer glad i planter som gjør jobben sin og er herdige.

    SvarSlett
  3. Nydelig,,, det er så bra at det fins bilder og mimre over.

    Ha en fin dag , Marit.

    SvarSlett
  4. Vakkert! Og du må så absolutt ha gul sverdlilje saman med storkenebb og sibiriris!

    SvarSlett
  5. Ja der var det sommer et lite øyeblikk :) Deilig å mimre med vakre blomsterbilder, og her har du klart å fange lyset veldig flott. Og så er vi jo noen som er ekstra svak for Geranium :)

    Hilsen Maritfri

    SvarSlett
  6. Takk!

    Unni: heilt enig. Her hos oss på 170 moh er det mange av dei litt sarte som takkar for seg på vinteren, det er veldig frustrerande. Så no går eg berre for solide saker.

    Tigerlilje: ja, det er nok avgjort!

    Maritfri: Eg har aldri vore blant dei mest geraniumfrelste men visst likar eg dei!

    SvarSlett