Oidå, fine dagar er lik mykje utetid og lite bloggetid, og plutselig er mai nesten forbi. Me styrer på i hagen, eg syns me går i gang med nytt anleggsarbeid kvar einaste vår - skal det aldri ta slutt? Eg har nesten tømt det første staudebedet eg anla her i hagen no, støttemuren på sida av det er i ferd med å rase ut og må murast opp på nytt. Den har sikkert holdt i mangfoldige år, kanskje sidan huset vart bygd på 50-talet? Men no var det slutt, og denne gamle betongmuren skal vike for ein natursteinsmur. Det blir nok fint. Men alle staudene måtte altså over i andre bed, deriblant ein Paeonia veitchii woodwardi. Men sjå kva eg fann under bladverket!
Ein frisk og fin peonspire med både rot og topp - det betyr vel at den er to år? Før eg skjønte for ein liten skatt dette var hadde eg gravd opp morplanta slik at denne låg der heilt bar for jord, og eg syns den var så søt at kameraet måtte fram. Er den ikkje fin? Sidan blei den forsvarleg pakka ned i ei potte med god jord. No håpar eg berre at den ikkje fekk eit altfor stort sjokk og at den vil vokse vidare og bli stor og flott.