fredag 17. oktober 2008

Oktoberblomstring

Det er enno noko som står i blom, men for det meste er plantene eit trist syn om dagen... I natt var det frost for første gang, men dei mindre herdige som ikkje har fått komme inn enno har klart seg fint likevel. Frost betyr jo høgtrykk og me har til og med sett sola i dag. Det var nesten for godt til å vere sant at det skulle vere fint og oppholdsver akkurat på fridagen min. Og nok eit mirakel; jentungen sov i heile to og ein halv time i dag, dermed fekk mora ei lang og god arbeidsøkt i hagen. Endeleg.

Fekk satt ned massevis av planter som har stått i potter, diverse høstsalgkupp, Jensenplanter og ting eg har flytta hit frå parsellen. For å gjøre plass måtte eg røske vekk sommarblomane, men det var jo i grunnen på tide. Og så har eg bestemt meg for at kjøkkenhagen får bli ventebed i vinter. Eg innser vel at eg ikkje kjem til å bli ferdig med det planlagte bedet bak huset, så dei siste plantene som skal hit frå parsellhagen får finne seg i å bli gravd ned mellom purre og grønnkål. Så lovar eg at dei skal få ein permanent plass til våren! (Håpar berre det er plass til to blåbærbuskar, to aroniabuskar, tre bjørnebærplanter, ein magnolia, to små epletre, eit tjuetals stauder og sikkert meir eg har gløymt...)

Og forresten har eg fått ei utmerking frå Dagny i Heim-bloggen, ho sender meg 'You make me smile-award'. Tusen takk Dagny, det set eg pris på!

Oktober 140 Oktober 166 Oktober 165

Oktober 160 Oktober 164 Oktober 159Oktober 172 Oktober 167

(Blomsterert, skabiosa, løvemunn 'Black Prince', kjempeverbena, mørkkongslys, purpursolhatt, blåsalvie, blodbeger)

3 kommentarer:

  1. Oi! Det var jammen meg mange planter/busker å få plass til. Kjenner meg igjen i den der nedgravingsprosessen på hausten fordi ein ikkje har funne ut kvar ein skal ha dei. Har to-tre krukker som får overvintre i komposten i vinter :-)
    God helg!

    SvarSlett
  2. Med slik blomstring i oktober så kan man jo ikke klage. Vi har også hatt noen frost netter nå, men ser ikke ut til at det har gjort noe særlig for hagen enda. Men at det er slutt nå, ja det er lett å se.

    SvarSlett
  3. Høstvåte hager er ingen stas, da er det ekstra kjekt når solen skinner og litt kan bli gjort.
    Mange fine blomsterbilder!

    SvarSlett