fredag 31. oktober 2008

Glimt frå Dublins botaniske hage

aMe kom vel tilbake frå den grøne øya, det var fint å kome seg bort ei vekes tid! Som vanleg når eg er der borte var det familie som sto i fokus. Eg reiste med jenta mi på 1,5 og mor mi som er frå Dublin. Mens me var der borte fylte bestemor mi 92 år, ein respektabel alder! Ho og bestefar min syns sjølvsagt det var stor stas å treffe oldebarnet sitt igjen. Eg kan nok takke desse to for ein stor del av hagegalskapen min. Begge har vore ivrige dyrkarar av ulikt, han for det meste bær og frukt, ho grønsaker og blomar. Barndommens sommarferiar i Dublin var lange og solfylte, og leikeplassen min var hagen deira. Eg kan nesten kjenne duften av solvarme roser her eg sit, og smaken av salat, vårløk og bønner frå grønsaksbedet.
Ferien var altså ikkje så veldig hagerelatert, det er jo heller ikkje årstida for det. Men ein kjapp spasertur i den botaniske hagen blei det som vanleg tid til. Ei perle, og for sånne som meg var det mykje fint å sjå også på hausten. Sjå berre stammene på desse japanske lønnene!
Oktober 237 Oktober 236 Oktober 239
Det nyleg restaurerte palmehuset frå 1884 er også litt av eit syn. Var ikkje inne denne gangen, men neste gang skal eg sørge for å ha betre tid.
Oktober 247 Oktober 248
Og for øvrig trur eg denne hagen må ha den finaste parkeringsplassen i byen!
Oktober 249 Oktober 250

4 kommentarer:

  1. Nå ble jeg veldig misunnelig her. Og NESTE gang jeg reiser til Dublin må jeg få tatt en tur til botanisk hage- jeg var dessverre ikke hagegal ennå på den tiden jeg bodde der, og seinere er det andre ting som har kommet først.

    SvarSlett
  2. FAntastiske bilder! Dublin står på listen vår over steder vi ønsker å reise til, og nå vet jeg iallefall et sted som jeg må besøke mens jeg er der:-)

    SvarSlett
  3. Jammen er du heldig som har ei "unskyldning" for å reise til Dublin! Og neste gong du reiser dit får vel vi bli med inn i Palmehuset? :-)

    SvarSlett
  4. Ja, de må ta turen til Glasnevin om de reiser over! Og neste gang lovar eg at det blir bilder frå innsida, Dagny.

    SvarSlett