Det har vore ei heilt fantastisk langhelg, og me har brukt delar av den til å skikk på kjøkkenhagen. I år prøver me potet for første gong. Tidlegare år har me alltid hatt store ambisjonar om å dyrke masse forskjellig, men det endar som regel opp med at delar av beda blir ståande tomme fordi sådden slår feil, sneglane et opp småplantene eller noko anna uforutsett skjer. Så i år kjører me trygt og har satt poteter i den største av dei fire opphøyde beda. For det er vel rimelig sikkert? Som de ser på bildet var nesten heile familien i sving, eg står nederst og lukar ferdig bedet, treåringen og seksåringen graver etter meitemark i bedet ovanfor. Viktig jobb det også.
Kjøkkenhagen vår ligg som de ser midt i ei skråning, så beda er bygd oppover bakken nærmast i terrassar. I tilegg til desse tre har me eit til nederst der me for det meste har urter. I det øverste har eg sådd bondebønner og sukkererter, og me skal sette ut vanlige bønner også ganske snart. Dessutan har eg sådd spinat innimellom bondebønneradene. Dei tørre pinnane som stikk opp er fjorårets grønnkål, dei fekk hard medfart av hønene i vinter men skyter friske blad i toppane så me får kanskje eit måltid eller to ut av dei før dei må vike plass for bønnene.
I det mellomste bedet skal me plante brokkoli, rosenkål og grønnkål, ferdige småplanter er innkjøpt på hagesenteret og står til herding - grønnkålen sår me direkte no ein av dagane. I år skal me passe på å dekke plantene før kålsommarfuglen kjem og legg egga sine på dei! Og ellers må eg prøve å finne plass til ei potte med småplanter av knollselleri som eg impulshandla, og litt salat innimellom her og der.
I fjor gjekk heile kjøkkenhagen litt over styr, me hadde vel andre ting å tenke på med kjøp av småbruk, svangerskap og elles ein travel kvardag. Så pastinakken i rekka til venstre på bildet over vart aldri tynna, og heller aldri hausta. Men den står der så fin og grønn no, og jammen er det ikkje nokre bra store røtter under jordskorpa også. Så no må kokebøkene saumfarast etter pastinakkoppskrifter framover!
Potetene me har sett er gode, gamle Beate, litt kjedelig valg kanskje men det var det dei hadde på hagesenteret i 2,5-kilos pakkar, meir har me ikkje plass til. Totalt var det femti-seksti settepoteter, dei står nok litt trangt i dette bedet som er rundt seks kvadratmeter, men det får heller vere. No er me spente på avlinga, og seier som treåringen når han fekk forklart gangen i potetsyklusen (setting, vekst, avling): Dette blir gøy! Kjekt å ha ungane med seg i hagen når dei er så entusiastiske, det er ikkje alltid det funkar sånn men me prøver i alle fall å lære dei opp til gode hagekrokar frå ung alder av.
- Elisa
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettInspirerende blogg. Gleder meg til å lese mer om hvordan dere anla hagen. Jeg har selv tenkt å lage opphøyde bed i "pallekarmer," håper jeg får tak i på Felleskjøpet.
SvarSlettSå spennende og koselig med hele familien i sving.
SvarSlettVi planlegger en kjøkkenhage, den har vert planlagt ganske lenge og sånn helt ærlig så tror jeg kanskje ikke den kommer opp i år heller.
Men...planen er der. Plassen er satt av. Det er bare det at ting tar tid.
Veldig inspirerende å lese om dere kjøkkenhage. Håper jeg kan klare å dra med meg hele familien også.
Ha en flott dag!!