onsdag 20. februar 2008

Planlegging

Me skal ha høns i hagen. Tre-fire høner til å ta seg av matavfall og legge egg. Me må ha ein rase som er stor og rolig, slik at dei ikkje flaksar over til naboen men held seg der dei skal. Eg har lenge vore glad i Orpington, dei fins i mange fargar men gul er nok vanligst. Skikkelig tjukk og god høne! Elles er også Australorp fine, dei har jo ein del Orpington i seg. Tverrstripa Plymouth Rock er også eit alternativ, det same er Wyandotte. Aller helst vil eg jo ei av kvar, slik at det blir ein fargerik liten flokk... Men så spørs det vel kva som er mulig å få tak i i området, då.

Hønsegarden skal setjast opp nederst i hagen, omtrent der eg har teikna inn den raude firkanten på bildet (tatt frå vinduet i andre etasje!). Der vil dei ha hovudbasen sin, så kan me sleppe dei laus litt her og der etterkvart som det passar. Der hønsegarden er tenkt, er det faktisk litt flatt. Det er det ikkje mange plassar i Blåbærhagen! Difor må me bygge opp ein liten terrasse for å dyrke grønnsaker. Det har eg tenkt me skulle ha rett ovanfor hønsene, i den grøne ramma på bildet. Akkurat der begynner det å skrå oppover, så eg har planlagt at me skal setje ned halvmeterhøge staurar i nedre kant og på sidene, og lage eit lavt flettverksgjerde av alle smålønnane me skal sage ned. Me har spart papp og avispapir til å legge oppå torva for å stagge ugras, akkurat her er det bringebærriset som er verst. Så fyller me kvist og kvast nedi, kompost oppå og så jord på toppen. Då får me flata ut eit par kvadratmeter i eit opphøyd bed/terrasse som kan bli ein liten kjøkkenhage! Der skal det bli bønnewigwam, squash, salat, månedsjordbær og meir til. Eg har jo parsellhagen min i eit år til, men det er så mykje lettare å dyrke maten rett utanfor stovedøra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar