tirsdag 12. mars 2013

Plommeblomstring i vinduet

I dag våkna me til eit nytt kvitt teppe ute, og store snøflokser dalte ned. Det har heldigvis gitt seg no, og det blei berre eit tynt lag med snø, likevel kjennest det som eit stort steg tilbake. Heldigvis er det litt meir vårlig inne, eg har nemlig plommeblomstring i vinduskarmen. Då Ove var og skar frukttrea inne på småbruket for ei tid tilbake sørga eg for å få meg meg nokre greiner heim. Eg har prøvd å drive eple før, men eg syns det er mykje lettare å få godt resultat med plomme så denne gongen droppa eg eplegreinene. 
Det står to gamle plommetre der inne, men me mistenker at det egentlig berre er villskudd som har overmanna dei opprinnelege trea. Det var plommer på dei i haust, bittesmå og ganske smaklause. Men eg syns det var litt pussig at eine treet hadde gule plommer og det andre knallraude, eg ville vel tenkt at villplommer hadde lik frukt, mest sannsynleg blå? Men eg veit veldig lite om sånt. No er i alle fall trea beskåre, så skal dei få litt gjødsel og stell i år og kven veit, kanskje frukten viser seg å bli betre då? Uansett er jo plommer fantastiske når dei blomstrar så eg trur nok trea skal få stå sjølv om det viser seg å vere villplommer. 

Det kom nokre få blomar på greinene mine, ikkje akkurat overdådig blomstring men fine er dei uansett. Eg klipte også med meg greiner frå ein gigantisk eldkvede som står i hagen der inne, dei står med masse feite knoppar no. Eg har aldri drive kvede før, men har lest at det skal fungere godt så no er eg spent på å sjå korleis blomane blir!

lørdag 9. mars 2013

Fuglekassebygging


En av de hyggelige tingene med våren er å se at fuglene begynner å sjekke ut fuglekassene våre. En av de tre vi har plassert ut i hagen falt ned og nå har vi bygd en ny. Jeg fikk hjelp av spesielt en ivrig snekker. Kassen laget vi ut av et bord som ble til overs fra de opphøyde beddene vi bygde i 2011. De er litt store for kjøttmeiser når de er hele 20 cm brede, men da blir det ihvertfall ikke for trangt.


Med pappa sin hatt på snei

Da er kassen ferdig og er opp i den samme bjørken som den gamle kassen hang i. Den ble malt rød og kan sees bak til høyre i bildet her. I år håper vi også på fugler i kassen med kamera i, men det ser ikke bra ut. Selv etter et år vil ikke fuglene nærme seg kassen der den henger. Uansett har vi fortsatt to kamera med større muligheter for privatliv.

fredag 8. mars 2013

Trehytte

På tomten lå det en haug med planker som var rester etter et hus som ble revet for flere tiår siden. Vi har brukt deler av denne til å bygge hønsehus. Nå var det på tide å bli kvitt resten av plankene og da snekret vi sammen en hytte i en lønn rett utenfor gjerdet. Under byggingen ble det ikke gjort bruk av vater eller noe sånt jåleri og hytta har blitt rimelig rustikk. Noen gamle vindu har også fått plass. Hytta er kun bygd rundt treet og hviler på steinen under. Under byggingen var jeg forsiktig med greinene slik at  når bladverket kommer på plass er hytta nesten helt usynlig til glede for store og små. Muligens blir den malt grønn også.
Hytta har naturlig nok ikke blitt brukt mye i vinter, men nå har vi spist appelsin på terrassen og offisielt tatt den i bruk. 

 

torsdag 7. mars 2013

Formeiring

Så er det plutselig snart fire veker sidan siste tilskot på stamma kom til verda. Det har gått som ein virvelvind, det tar jo si tid å bli kjent med ein ny liten tass og finne ei ny rytme i huset. Men no som babyskodda har begynt å lette merkar eg kor mykje lysare dagane er, korleis sola varmar lufta når ho skin og kjenner at no er jammen våren i startgropa. Ute i hagen står spirar av snøklokker, klosterklokker, krokus og juleroser klare til å eksplodere ut i blomst når berre lufta blir litt mildare. Hønene er våryre, verper for fullt og stikker av frå hønsegarden heile tida. No må me sørge for å gjerde dei forsvarlig inne før hagen vaknar til liv, ellers ser det mørkt ut for alle saftige små spirar som måtte dukke opp i beda.

Me gler oss stort til ein ny hagesesong!

søndag 3. mars 2013

Beskjæring av gamle epletre

Nå er endelig våren på vei og vi er på vei ut av dvalen. Ifjor kjøpte vi et småbruk der det var tre gamle epletre. I tillegg plantet vi nesten ti eple- og plommetre i en egen frukthage. I helgen har jeg beskjært alle sammen, men spesielt de gamle trærne var ikke enkle. I høst var det noen små sure epler på trærne og det er ikke sikkert at det er verdt å ta vare på de for fruktens skyld. De er helt klart ikke blitt stelt på en stund og da trenger de grundig beskjæring. Utfordringen er å ikke bli for ivrig og prøve å gjøre alt på en gang, men ta det over tid.Til hjelp i slike tøffe beslutninger har vi kjøpt denne boken som er et funn for alle mulige beskjæringsspørsmål.

Det første året skal en kun fjerne syke, skadde og døde greiner samt de som krysser og gnikker mot hverandre. Det er helt utrolig hvor mye greiner en da faktisk fjerner og hvor mye bedre treet ser ut etterpå.



Her er epletreet etter en hard klipping. Nede til høyre kan en se deler av greinene som jeg klipte vekk. Til neste vinter skal  jeg kutte litt i høyden og tynne litt mer i greinene slik at det blir mer luft.




De nye epletrærne skal beskjæres slik at de skal ha fire fem hovedgreiner som går ut fra en kort stamme. Dette skal være en effektiv form som er lett å holde ved like. Likevel ser det brutalt ut når en klipper de ned. For å feste treet til støtten har vi brukt avlagte strømpebukser fra ungene, de er elastiske og fleksible og gjør ingen skade på trestammen.

tirsdag 13. november 2012

Haustsalat frå kjøkkenhagen

Me har ikkje blogga mykje om kjøkkenhagen i år, men den har vore der. Ikkje stor, og ikkje særlig velstelt, men relativt produktiv. Neste vår skal eg virkelig sette inn støtet der, då skal eg ha permisjon og vere heime med minstemann som er venta i februar. Nettopp på grunn av denne minste er eg faktisk heime med sjukmelding no også, rygg- og hofteproblem gjer at dagane blir tilbrakt mykje i sofaen.

Men her om dagen halta eg meg ut til kjøkkenhagen for å dra opp eit par gulrøtter og plukke litt grønnkål, for å lage ein salat som me har ete mykje no i haust. Oppskrifta er basert på eit par ulike kjelder, men eg har etterkvart modifisert den såpass at eg kallar den min eigen og publiserar den her. Eg syns at det vanskeligste med kjøkkenhage er å faktisk bruke det du dyrkar, derfor skal forsettet for neste år vere å finne fram til gode oppskriftar som funkar i kvardagslivet, og samle dei her i bloggen. Dette er altså første:

Haustsalat med grønnkål, gulrot og eple


3 ss eplesidereddik
1-2 ss honning
1 ts sennep, f.eks. Dijonsennep
3 ss rapsolje
salt og pepper

6-7 store grønkålblad
2 eple (gjerne syrlege)
2-3 store gulrøtter

2 ss sesamfrø

Visp saman eddik, honning, sennep, olje, salt og pepper til ein dressing.

Finsnitt grønkålen og bland den i dressingen, la det gjerne stå og marinere ein times tid. 
Riv eple og gulrot og bland i. 

Rist sesamfrøa i ei varn, tørr steikepanne til dei er gyldne på farge, rør godt heile tida så dei ikkje blir svidd. Bland i salaten og server, gjerne til steikt fisk eller fiskekaker, då burde dette holde til ca 4 personar. Den held seg også godt i kjøleskapet til neste dag om det skulle bli rester.

Grønkål har godt av å stå og "trekke" ei stund i olje/eddikdressing synest eg, då blir den ikkje fullt så røff. Den er også veldig godt med noko søtt til grønnkål. Her er det honningen og epla som står for det søte, men det kan også vere godt med tørka frukt som rosiner eller aprikoser i ein grønkålsalat.





onsdag 24. oktober 2012

Glimt frå ein fin dag

Etter ein traurig og regntung september har me fått litt fint haustver no i oktober, og godt er det. Her er nokre glimt frå ein solfylt dag sist veke. 

Epletreet 'James Grieve' har fått lide under hjortetyranniet fleire år på rad og blitt beita godt ned. I fjor fekk det stå i fred etter at me sette opp to meter høgt gjerde mot skogen, og i år gav det stakkars vesle treet på knappe meteren åtte epler.



Kinasøten rakk å blomstre i år, det gjorde den ikkje i fjor. Den har lagt seg godt ut og dannar eit ubeskrivelig vakkert lite blomsterteppe i steinbedet, til glede for oss alle. Har du sett noko så blått?

Husets to minste på veg bort til hønsehuset med middagsrester - kanskje det finaste i hagen akkurat denne dagen. 

onsdag 12. september 2012

Haust i hagen

Hausten er definititvt her, dessverre er det ikkje lett å nyte den i hagen for her er så gudsjammerlig dårlig ver! Ein liten tur ut med kameraet mellom regnbygene fekk eg til her om dagen, og sjølv om totalbildet er ganske trist for tida så er det ein del fint å sjå inniellom.
Rudbeckia fulgida 'Goldsturm'

Lilje 'Purple Prince'?
To gjestar på sommarfuglbusken
Og ein til på kuletistelen, insekta er så treige no om dagen så det er lett å fange dei gjennom linsa

Valmuefrøkapslar

Dahlia 'La Recoleta'


Løvemunn


Og ein til løvemunn - 'Black Prince'

Blada på viftelønna har begynt å bli raude


Lilje 'Stargazer'


Og ringblomar i kjøkkenhagen. Denne trur eg faktisk skal få bli min kandidat i Moseplassen sin haustkonkurranse!



lørdag 4. august 2012

Nye muligheter

Denne sommaren blei visst ikkje heilt den hagesommaren me hadde tenkt her i Blåbærhagen. For i juni gjekk me plutselig hen og kjøpte eit lite, nedlagt småbruk. Det var slett ikkje planen, men når dette kom for salg kunne me rett og slett ikkje la det gå frå oss. Me har hatt ein laus plan om å flytte ut av byen om rundt fem år, og det er framleis det som er planen, men no står i alle fall det perfekte småbruket og ventar på oss! I mellomtida satsar me på å leige ut huset, og sommaren har blitt brukt til å sette det i stand. 

Det er eit typisk vestlandshus med sveitserstilinspirasjon, passe stort og veldig koselig. Jorda er på rundt 70 mål, mesteparten innmark, og det høyrer til eit lite sel på fjellet ein time eller to til fots frå huset. Ei nydeleg elv full av småaure renn rett ved huset, og me har både løe, garasje og skykkje (vedhus altså). 

Garden har ikkje vore drive på mange år, og det er vel heller ikkje nokon hage å snakke om. Det eg har funne av hageplanter er to gamle roser, ein kvit syrin, ein slags spirea, buskmure og småhjerte. Og så står det fire epletre borti lia de ser under her. Der har me planar om å plante ein heil frukthage, tre epletre er allereie kjøpt inn og meir skal det bli no når høstsalget snart er i gong. 
Det fine med å ha eit langt perspektiv på ting er at me kan plante tre og buskar no som vil ha vokse seg store og fine til me er klare til å flytte. Bøkehekk skal også på plass snart, kanskje til våren. 

Elles vil eg seie at hagen og tunet er fullt av potensiale,  her skal me verkeleg kunne slå oss laus både når det gjeld planter og husdyr. Det skal bli høns (sjølvsagt), kalkunar, gås og ender i elva, kanskje eit par sauer og i alle fall grisar! Jenta i huset har lagt inn ønske om kanin og marsvin og det skal ho sjølvsagt få ha. Bærbuskar i lange baner, kjøkkenhage og eit stort drivhus. Du verden så moro det skal bli!

Riktignok er det fjell på alle kantar og ingen sjøutsikt, men det er ikkje på nokon måte innestengt og sjøen er berre ein liten sykkeltur unna. Kort vei til slekta er det også, noko som allereie har vist seg å vere svært verdifullt både når det gjeld besteforeldre som kan passe ungane og nevenyttig far og onklar som kan hjelpe til og gi råd om alt mogleg og låne oss alt me treng av utstyr. I det heile tatt er me godt nøgde og gler oss storleg til livet på landet.

tirsdag 31. juli 2012

Sommarbukett

Ein fargerik bukett frå hagen med stikle, engnellik, vivendel, småhjerte, knautia, astrantia, alunrot, penstemon, og eit par svarte blad frå hyllen 'Black Lace'. Eit herlig kaos, litt sånn som hagen er for tida. På eit eller anna tidspunkt, vanlegvis i midten av juli, mister eg fullstendig kontroll og alt løper løpsk - på godt og vondt. Det får det berre gjøre, eg har tenkt og kose meg i hagen utan å stresse så får den heller berre vere vill og kaotisk. Det har sin sjarm, det også (seier eg høgt og tydeleg til meg sjølv).