lørdag 6. september 2008

Liljeblomstring i dag

Endelig har lilja 'Casablanca' slått ut, den står i potte og har hatt knoppar i ein heil evighet. Eg har gått og venta og venta, og i dag hadde den opna seg i den varme sola. Nydelig!

Ellers var eg ein tur innom plantasjen sitt høstsalg, der kjøpte eg Primula japonica 'Alba', Phlox douglasii 'White Admiral', og Armeria maritima 'Dusseldorfer Stoltz'. Og fire bringebærplantar til halv pris, 'Glen Ample' alle saman. To klematis kom også med i handlevogna, det var vel 'Warszawska Nike' og 'The President', trur eg. Begge skal vere seintblomstrande, planen er å plante dei under den store skjærsminen ved trappa slik at den kan "blomstre" igjen på ettersommaren.











Eg kjøpte også ei rose, 'Swany'. Anar ikkje kva eg tenker på, for her har det vore rosemassakre for andre gang i år. De ser stumpane som står igjen på bildet til høgre... Det er sjølvsagt hjorten som har vore på ferde, dei tok alle knoppane ein gong i juli då det var rett før blomstring. Og no, når plantene hadde henta seg inn og heile bedet sto fullt av knoppar, slo dei jaggu til igjen. Så det blir ikkje meir roseblomstring i blåbærhagen i år, bortsett frå dei tre lave som står her, udyra bryr seg visst ikkje med å bøye seg så langt ned. Så to lave bunndekkeroser og den kompakte 'Rose de Resht' har fått stå i fred, det er jo ei trøst i det. Sistnevnte er heilt fantastisk, har blomstra sidan den blei planta i mai eller når det var, busken er rund og harmonisk i forma, blomane duftar nydelig og fargen er jo flott. Så den anbefalast varmt!


Rose de Resht

4 kommentarer:

  1. Den liljen var helt skjønn :-)
    Jeg går også og venter på at flere liljer skal springe ut. De ble kjøpt på en ferietur i Frankrike i våres, men jeg var dessverre litt treig til å få de i jorda. Håper bare at de klarer å blomstre før det kommer frost.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med nyanskaffelsene og med liljeblomstringen. Og stor trøsteklem for den *** hjorten!

    SvarSlett
  3. Leste at du kan henge opp cd'er i tråder i trærne - det hater de visst..
    uff egentlig sikkert fånyttes å komme med råd er jeg redd...

    SvarSlett
  4. I fjor haust åt hjorten på ei natt alt eg hadde i hagen, me snakkar om investeringar i mange tusen kroners klassen. Det var ei rein massaker og eg mista lysta til å byggje ein hage resten av det året. I år har me gjerde...han har ete litt tå ei hortensia og ein ask..men førebels står resten i full flor...førebels.
    Har sagt at kjem han igjen skal eg slå han ihjel med ei stikepanna (hjorten her er ikkje redd folk lengre, den gidd ikkje flytte på rumpa om du hyttar til den eingon)

    Håpar resten får stå hjå deg med :)

    R.A.

    SvarSlett