lørdag 13. september 2008

Kjøkkenhagen

I vår laga me oss eit opphøyd bed av
fletta hassel. Blåbærhagen er jo bratt, her er nesten ikkje eit flatt parti på heile tomta. Så kjøkkenhagen er bygd opp som ein terrasse med veggar/gjerde på tre sider. Me la aviser nederst i bedet for å hindre skvallerkålens inntog, og av same grunn fora me flettverksgjerdet med papp og grunnmursplast. Rundt kjøkkenhagen la me ned aviser og dekka med flis frå kompostkverna for å kvele ugras og lage gangar som er gode å gå på. Så fylte me på med ei blanding av den jorda som var her, kjøpejord og kugjødselkompost. Resultatet blei eit bed på omlag 2 x 3 meter. Her har me dyrka litt ulikt i sommar. For det første satte me ut alle månedsjordbærplantene som tidlegare levde eit trist liv i to trange balkongkasser mens me enno budde i leilighet. Det var blitt ufattelig mange planter i kassene, dei sår seg jo som ugras. Så dei blei delte opp og planta rundt kanten av kjøkkenhagen. Vidare sådde eg spinat, sukkererter, høye og lave bønner, salat, grønnkål, svartkål, busktomatar, reddikar og persille. Eg planta også ut purre. Så det blei plass til litt av kvart, sjølv om det vart for trangt for enkelte. Månedsjordbæra utvikla seg til store monster og kvalte persillen fullstendig. Salaten fekk også lide litt, men ein god del klarte seg fint. Og det meste av resten har gitt ganske god avkastning. Spinat skal eg ikkje bry meg med neste år, mykje jobb for liten avling. Reddikar syns eg alltid blir markspiste. Busktomatane gav dårlig avling og dei blir nok heller ikkje modne. Heldigvis har me tre tomatplanter i eit minidrivhus, dei ser ut til å rødme no... Og månedsjordæra skal definitivt ut av beddet og rett i bakken, det må vel vere ein fantastisk markedekkar nedafor.

Me er kjempenøgde med kjøkkenhagen i år, og har bestemt oss for å lage eit nytt bed til neste år, ovanfor det andre. Det er jo ein fin måte å utnytte skråninga på!

Månedsjordbær, bønne 'Purple Teepee' , svartkål 'Cavolo Nero di Toscana' , tomat 'Sparta'

1 kommentar:

  1. Flott kjøkkenhage i skråningen, så mye flotte grønnsaker dere har fått. Litt av hvert i samme bed det liker jeg også.

    SvarSlett