tirsdag 23. februar 2010

Det er håp

Så kom det meir snø, her er rosebedet mitt:


Sånn skal det vel ikkje vere her på Vestlandet, det er ein grunn til at me bur her og ikkje i meir vinterkalde strøk. Me likar regnver og milde vintrar! Det er snart mars og snøklokkene burde vere på veg opp av jorda, enkelte stader kunne krokusen nesten vore i blom allereie om ein legg godvilja til. Hadde det ikkje vore for denne snøen.

Men den biologiske klokka til enkelte av oss her i Blåbærhagen tikkar visst mot vår. I dag var det nemlig fem egg i hønsehuset, det er ikkje verst i ein flokk på seks høner! I heile vinter har det vore berre eitt egg om dagen, dei siste to vekene har det auka til to eller tre, og no har altså heile fem høner sett i gang produksjonen. Det må vel vere eit rimelig sikkert vårteikn? Fornuften i meg veit jo at kalenderen går sin gang, men likevel kjennest det som om denne vinteren aldri skal ta slutt. Så fem nydelige egg som venta på meg i dag gjorde ventetida litt lettare. Visst er dei vel fine?

tirsdag 9. februar 2010

Eg vil ha verskifte!


Det er nok no. Eg ønsker meg regn. Sipregn og lave skyar, skodde og plsusgrader. Fuktigheit. Frisk duft av mose og jord i nasen, vassdropar i håret, gummistøvlar på beina. Kan eg få det?

Men vinterhagen er fin, eg gir han det. Skjora sine spor som små saumar i snøen, dei blå tonene i snøen, bare kvistar som kniplingar mot klar himmel.



Og det er jo faktisk varmt i sola! Kakao og appelsin utgjorde årets første måltid i hagen i år, og det smakte.


Fuglane er flittige spisegjester enno, me håpar på fleire arter enn dei vanlege meisane og raudstrupen. Eg trur me har hatt grønnsisik på besøk dei siste dagane, kanskje blir den varmare i trøya snart og viser seg litt tydelegare. Kokosnøtta er i alle fall uhorveleg populær blant blåmeisane.

Gjett om eg kosar meg med det nye kameraet?

fredag 29. januar 2010

Tilvekst

Siste skot på stamma kom til verda 24. januar og har no tilbrakt eit par dagar i Blåbærheimen med å bli kjent med oss andre. Me er sjølvsagt heilt forelska, storesøstra på to og eit halvt inkludert. Han er ein stille og roleg gut, men når han vel gir lyd frå seg er røsta kraftig med ei aning rust. Dette førte til at far hans utbraut at guten var som ein liten trompet, noko søstra syns var ustyrteleg morsomt. Ho har kalt han trompeten sidan, og det ser ut til at det blir eit kjælenamn som festar seg, på same måte som ho går under namnet Pionen. Trompeten og Pionen, ingen dårlig produksjon det spør du meg. Helsing stolt mamma.

torsdag 21. januar 2010

Nytt kamera!

No er eg lei av frostige bilder i blåtoner av snø, is og vinterlandskap. Eg kjøpte meg nytt kamera etter jul, endeleg speilrefleks igjen! Det blei Nikon sitt billige, D3000. Det har fått gode omtaler og med Nikon kan eg låne utstyr av bror min fotografen. Eg har ikkje fått eksperimentert så mykje med det ettersom eg knapt er utanfor døra om dagen. Men her er i alle fall liljene me fekk frå våre hyggelege nyttårsgjester. Eg kasta buketten i komposten i dag og då var den riktignok bikka over men den sto altså fint i nesten tre veker. Det kallar eg snittblomar med valuta for pengane!

Eg ventar enno på baby, har no gått fem dagar over termin. Det drøyer med andre ord. Men det er vel berre ein ting å gjøre, og det er å la tida gå sin gang. I mellomtida planlegg eg rosehekk og peonbed, og gler meg til eg er i form til å ta spaden fatt igjen!

tirsdag 5. januar 2010

2010

Godt nytt år frå Blåbærhagen! Her er både folk og fjørfe nedsnødd, men sola skin så det gnistrar ute og så lenge eg kan vere inne og sjå ut er eg fornøyd. Eg har ein fast plass i sofaen der eg har utsikt til begge fugleforingsplassane våre, og der held eg meg mykje... Det er masse liv å sjå på, blåmeis, kjøttmeis, granmeis, svarttrost, skjor, ei og anna kråke og ikkje minst vår faste raudstrupe. Den mest populære foringsstasjonen er i lønnene bak hønsehuset som de ser under, der heng det fuglenek, halve kokosnøtter, heimelaga og kjøpte meisebollar. Her er det gjester omtrent heile tida. Skjorene og raudstrupa tar også jevnleg turen inn i hønsegarden, hønene får brød- og matrestar der kvar morgon men dei nektar å vere ute særleg lenge om gongen i denne kulda. Dermed får dei ikkje tid til å ete opp alt, og det er nok dei andre glade for.


Eg funderar på om eg skal begynne å så litt snart, men no er det berre ti dagar igjen til termin og det er kanskje lurast å vente til det er overstått. Eg har riktignok sterke mistanker om at det vil gå lengre, men ein veit jo aldri. Ein ting er sikkert - det skal bli godt å få tilbake normal førlegheit! Denne våren og sommaren har eg jo permisjon og har visjonar om å få gjort mykje... Eg håpar 2010 blir eit fantastisk hageår i Blåbærhagen og hos alle de andre som er innom. Tusen takk for alle fine kommentarar her hos meg og alle andre gode hagebloggar som eg set pris på å lese!

onsdag 23. desember 2009

Ei (jule)rose sprunge

Ja, eg juksar litt. Bildet er tatt i vår, men det er likefullt ei julerose og med den vil eg ønske alle god jul! I Blåbærhagen har me godt over 20 cm snø, og har frå no av tenkt å halde oss her i ro og fred resten av julehelga. Fire slag julekaker er bakt, julevørterbrødet står til heving, spiced beef skal på kok i morgon tidleg og pinnekjøttet ligg snart i vatn. Julegrana står i kjellaren og skal opp i stova i løpet av kvelden for pynting, og småfuglane har fått ut heimelaga luksusmeisebollar. Mannen i huset har vaska golv og bore ved. Eg trur me er klare. Håpar alle som les dette får ei julefeiring akkurat slik dei ønskar seg den!

torsdag 17. desember 2009

Kransar

Eg laga meg eit par kransar her om dagen, med materialer frå skogen og hagen. Det einaste som ikkje kom herfrå var ei grein med kristtorn som me henta hos søstra mi som bur i kristtornland. Me var der helga for to veker sidan for å hente juletre i skogen, ein nyetablert tradisjon som me håpar skal bli langvarig. Ho bur på eit småbruk med tilhøyrande skog og der er ein del smågraner også. I og med at skogen mild sagt er i brattelia kunne ikkje eg vere med med opp i år. Men mannen min ordna saken, og var flink og tok med kristtorn til meg også. Han veit kva eg vil ha, den fyren! Gran og kristtorn vart parkert utanfor huset ved nedkomsten frå fjellet mens ekspedisjonen fòr inn for å varme seg på kaffi og julekaker, det var surt og sterk vind den helga. Trur du ikkje kristtorngreina mi blåste metervis avstad rett inn i kalkungarden der den umiddelbart vart hoppa på av to svære bronsekalkuner som syns bæra såg veldig fristande ut... Resultatet var at eg har omlag seks bær igjen på kransen min.


I slle fall, den store kransen som heng på inngangsdøra er mose på halmkrans, blåbærlyng, tyttebærlyng, einer med bær, gravmyrt, lav og kristtorn. Så ville eg lage ein til, den er enklare men med stort sett same materialer berre på ein krans av vridde kvistar. Den heng på hønsehuset, fjørfeet set nok pris på litt julestemning tenker eg.


lørdag 12. desember 2009

I går...

...var ein nydeleg dag, det beste var nesten tåka som kom veltande opp frå dalen på morgonen. Eg gjekk ut og tok nokre bilder, og prisa meg igjen lukkeleg for å ha skogen 30 meter bak huset. Til og med no som eg er så dårlig til beins kan eg få meg gode uteopplevingar utan å anstrenge meg for mykje.





torsdag 10. desember 2009

Når me lengtar mot vår

Her i huset fann me ut at det var på høg tid med skikkelig backup av alle foto, og etter anbefaling frå ein kollega som kan sine ting har me valt smugmug.com. Sofabunden som eg er er overføring av bilda ypperlig aktivitet for meg om dagen, det tar si tid å laste opp eit par år med foto... Det blir fine gjensyn med gode minner, og veldig oversiktlig å organisere alt sammen i eit elektronisk album. Nokre finesser får ein med på kjøpet, som f.eks. lysbildeframvisningar ein kan lime inn i bloggen! Så her er blomstring frå april i år, eg ser det og gler meg stort til neste vår...

torsdag 3. desember 2009

Adventspynt frå skogbunnen

Anne på Moseplassen oppfordrar til å legge ut bilder av dekorasjonar, kransar og slikt i desse juletider. Og det kan ein jo! Som ho peiker på er det mykje sånt ute og går i bloggane no, sjølv er eg nok ikkje like opptatt av å pynte, stæsje og style som mange andre. Me har ein gamal adventsstake i messing, ganske kjedelig i grunnen. I år ville eg gjøre ein ny vri så eg fann fram eit gamalt Figgjofat eg kjøpte på loppis for mange år tilbake, og stavra meg ut i skogkanten for å sanke materialer. Mose, blåbærlyng, lav, mispelbær, gravmyrt, nokre furukongler og eit blad frå ei av julerosene får gjøre nytta denne gongen. Den gamle staken blei satt oppi fatet og dekka av alt det grøne, blada og lyngen dandert rundt om kring og vips så var det noko nytt. Sikkert ein smule brannfarlig men då får me heller passe godt på.

Bilder inne er vanskeleg i denne mørke tida, men eg gjorde eit forsøk, og jammen kom ikkje skuggen av julestjerna med også, heilt til venstre!