Kongslys - Verbascum chaixii album

Scabiosa

Tvikattost - sidalcea malviflora

Ettårig ridderspore - Delphinium chinensis 'Gentian Blue'

Kjempeverbena - Verbena bonariensis




I sørveggen på huset vårt er det lunt og godt, det er ein hellelagt gangvei/trapp som går rundt huset, og grunnmuren er kvitmalt. Ganske tidleg fann me ut at dette måtte vere plassen for varmekjære middelhavsurter. Då me flytta inn var det eit lite bed inn mot grunnmuren, jorda besto av grus med diverse skrot, og det einaste som vokste var krypmispel i store mengder, og ugras. Slik såg det ut i november i fjor.
Då våren kom fekk me renska godt opp i dette bedet, og gjorde det litt større. Stubbar av krypmispel blei dradd opp, og me skifta ut jorda. Men me blanda godt med sand og grus i den nye jorda, for planter av det slaget me ville ha der trivst med litt mager og veldrenert jord. Så planta me ned ein lavendel, salvie og perovskia som me hadde me oss då me kom til Blåbærhagen. Då blei det slik som dette.
Etterkvart sådde me oregano og timian innimellom, og kjøpte ein rosmarin som står i potte. Når plantene hadde fått etablert seg litt såg det slik ut, salvien blomstra nydelig veldig lenge og etterpå overtok lavendelen. Den held det gåande enno. Men etterkvart synest me at den kvite muren såg veldig tom ut, og hadde behov for ein kaltreplante eller to. På Hagegal fekk me anbefalt drue, og det passa jo rett inn i middelhavstemaet! Vårt lokale hagesenter hadde opptil fleire druesortar til sals, me valde dei herdige 'Hasansky Sladki' og 'Beta'. Utfordringa her i Blåbærhagen er nok ikkje så mykje vinterkulde, snarare at det er fare for korte og kjølige somre slik at druene ikkje rekk å bli modne. Men me prøver oss! Og dekorative er dei jo uansett.
Jaja, sommaren har vore hektisk for oss i Blåbærhagen, me har ikkje hatt så mykje tid til hagen som me skulle ønske og langt mindre til blogging. Mine store planar om dokumentering av arbeidet med hagen har fisla ut i sanden og eg har ikkje vore så flink til å bruke kameraet som eg burde. Men ein del har jo blitt gjort, og nokre bilde har eg tatt. Så eg kjem til å presentere eit par prosjekt framover.






Trufaste lesarar vil huske at eg har skrive om at eg ønskar meg ein liten hønseflokk i Blåbærhagen. Det viste seg å vere vanskeleg å få tak i kyllingar av mange ulike slag, eg vil jo helst ha fire-fem forskjellige høner. Så eg tok skeia i eiga hand og gjekk til innkjøp av rugeegg i staden. Eg og søster mi gjekk i kompaniskap om ruginga, sidan ho bur på gard tok ho hand om prosessen. I pinsehelga reiste me nedover på besøk og kom heim att med seks små nøster! Det er Australorps, Isbar og Wyandotte, det kjem til å bli svarte, grå og brunspragla fuglar. Dessverre klekte ingen av Orpingtonegga, så det blir ingen store gule høner i denne omgang. No bur kyllingane i ei stor pappøskje i kjellaren, under varmepæra, og me stullar med dei så godt me kan. Neste post på programmet er bygging av hønsehus. Byggmesteren i huset har surfa på nettet etter idear og der er det mykje rart å finne, her for eksempel... Me satsar nok på ein litt enklare variant enn enkelte av dei palassa der.
Det er for fint ver til å sitte inne framfor skjermen for tida, me går ut om morgonen og kjem ikkje inn igjen før i titida. Nåja, kanskje ikkje heilt sant, men bortimot. Mykje skjer i Blåbærhagen, oppdateringar kjem snart håpar eg. Enn så lenge viser eg berre bilder av plantene eg kjøpte på hagemessa sist helg, mest frå fantastiske Eides Stauder på Askøy, men også litt frå like fantastiske Ljono Stauder i Ulvik. Eg kjøpte en del planter med dekorativt bladverk (Heuchera, Brunnera, Cyclamen, Cimifuga), elefantgras (Miscanthus floridulus ’Giganteus’) som kan bli tre meter høgt, og ei vakker, vakker fylt julerose (Helleborus orientalis). Mykje spennande, med andre ord, og ein god motivasjon til å få ferdig beda så eg kan få desse og alle andre pottebuarar i jorda.