tirsdag 10. juni 2008

Utmerkelsar og utfordringar

Eg har fått ein såkalt award frå Moseplassen, "Kreativ Blogger". Takk til deg, det var veldig kjekt!

Og utfordringar har også tikka inn, frå Randi og AnneKa. Den lyder som følger:
"Pick up the nearest book. Open on page 123. Find the fifth sentence. Post the next three sentences. Tag five people, and acknowledge who tagged you."

Jaja, sidan dette er ein hageblogg må det vel bli ei hagebok. Og for å vere ærlig er det vel stort sett det eg leser for tida... Den siste er ei bok eg fekk frå mor mi, The Heart of a Garden, ei bok (og tv-program) som handlar om ei rekkje hageanlegg i sørvestlege England. Vakre bilder, underhaldande lesning og masse inspirasjon å hente her. Side 123 er midt i kapittelet om Stourton House Flower Garden, og skildrar eigaren av hagen, Elizabeth Bullivant:

Elizabeth is endlessly knowledgeable about her garden, seemingly familiar with every inch of it, and conversant with the hiding place of every unusual flower, down to the smallest violet. Her horticultural anecdotes are not only informative, they make a visit to Stourton House all the more personal. Her pride in the garden is obvious when she describes how, in the drought of summer 1976, her lawn remained green whilst those of other gardens were rendered brown and patchy. Her lawn thrived because it has a high ratio of natural plants (such as clover) to grass - another example of how Elizabeth works with her natural environment to get the results she wants.

Eg måtte ta med ei ekstra setning for å få med poenget om ville planter i plenen. Her er eg heilt på linje med henne, plenen vår er vel i grunnen meir ugras enn gras...

Eg ser at veldig mange allereie har fått denne utfordringa så eg er usikker på om eg kan finne fem å sende den vidare til. Eg veit at Nefertiti leser mykje, så herved går stafettpinnen vidare til henne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar