mandag 23. april 2012

Ein raud og ein blå bukett

Eg gjekk jo ut her for ei tid tilbake og sa at eg helst ville unngå å kjøpe blomar frå butikken. Men forrige helg gjekk eg på ein smell. Eg hadde litt for god tid til bussen på fedag ettermiddag og rakk å stikke innom blomsterbutikken for å snoke. Og då klarte eg ikkje stå imot raudoransje papegøyetulipanar og ranunklar, og sidan det var to for tre så tok eg likegodt med ein pakke voksblomar også. Eg driv nemlig og planlegg snittblomsthagen min, ein del frø er i jorda allereie og andre ventar på å bli sådd, og det klør i fingrane etter å begynne å klippe og sette saman bukettar. Så då falt eg altså for fristelsen denne gongen. Men eg supplerte i det minste med grønt frå hagen - alperips, rognspirea, blåbærlyng og vivendel kom med i buketten. Slik blei det tilslutt:







Då me nærma oss denne helga var ranunklane og tulipanane på hell, men det grøne og voksblomane heldt framleis stand. Dermed rauk det raude ut og eg henta inn blått frå hagen i staden. Lungeurt og perleblom vart veldig fine mot det vårgrøne, syns eg. No har både alperipsen og blåbærlyngen blitt drivne i blom, dei er veldig smålåtne men også veldig søte, syns eg. Og denne er altså nesten berre frå eigen hage, med unntak av dei kvite voksblomane. Som eg gler meg til å ha masse, masse å ta av når sommaren kjem!



5 kommentarer:

  1. Ja jeg gjentar det gjerne.. En liten tur innom Blåbærhagen er en fin avslutning på dagen :) Nydelige buketter Elisa!

    SvarSlett
  2. Flotte buketter begge to. Jeg likte den siste buketten aller best. Nydelig med det lysegrønne løvet mot de blå og hvite blomstene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja, eg trur nok det er min favoritt også.

      Slett
  3. Hei:)
    Så vakre buketter! det viser jo bare at en kan få like fine buketter fra hage som butikk:)
    jeg gleder meg også til å kunne hente blomster fra egenhage!
    men i mellomtiden må en av å til ty til blomsterbutikken for å få fine blomster inne ;)
    klem :)

    SvarSlett