torsdag 27. mai 2010

Prosjekt steintrapp

Det har vore mange festdagar i mai, både av det nasjonale og det familiære slaget. Travle tider, men moro også. Særleg når det har vore så fint ver at mykje av feiringa kan foregå i hagen! I påvente av at hjortegjerdet skal dekkast av klematis og gullhumle pyntar me med heimesydde vimpelrekker i staden.
Eg har ikkje vore like motivert for hagearbeid i år som tidlegare vårar, er det ikkje typisk no som eg er heime i pemisjon og alt... Men litt får me gjort, og eit av prosjekta er steintrapp i ei skråning. Steintrappa er av det ytterst enkle og rustikke slaget, men den fungerar fint både som avgrensning av skyggebedet mitt og ein stad å bevege seg opp og ned mellom kjøkkenhagen og hønsehuset.
Steinane er lagt på plass, men det gjenstår ein durabeleg lukejobb. Tidlegare var det ikkje nokon barriere mellom bed og "plen", så det har blitt ei ganske flytande overgang kan ein vel seie. Me stakk hol i torva til steinane, og no må eg berre få vekk det som er igjen på innsida. Tanken er å bruke ulike bunndekkjarar mellom steinane og oppover i bedet, eg vil ha eit litt halvvilt inntrykk her. Bedet er eg for øvrig veldig fornøyd med, det oppsto nesten heilt av seg sjølv her nedanfor eit kratt med snøbærbuskar.
Her har eg hosta, brunnera, tellima, geranium, astilbe, dicentra av ulike slag, og kvite martagonliljer. Og ein heil del meir, blant anna fleire ulike bregner som sto der frå før, samt eit par modegrodde stubbar. Ein del av plantene har sølvfarga eller blålig bladverk, og det meste er kvitblomstrande. Syns det er ganske fint sjølv, og gler meg til eg har fått renska opp skikkelig no. Bilda er tatt for ei veke sidan, det er allereie adskillig meir frodig blitt både det som skal vekse og det som skal vekk. Her er det altså berre å brette opp erma og gjere klar lukegaffelen!

10 kommentarer:

  1. Jeg liker virkelig trappa di. Og så fint det blir med bunndekkere som en flytende overgang mellom bed og trapp! Men som du sier - litt av en lukejobb for å bli kvitt graset. (Og ikke bare en gang, er jeg redd.)

    SvarSlett
  2. Ser flott ut! Jeg anbefaler myske borti der. Den etablerer seg fint med litt lukehjelp.

    SvarSlett
  3. Jeg synest det ser ut som om du får gjort mye jeg. Og trappa ser veldig fin ut på bildet. Lykke til videre med både planting og luking.

    SvarSlett
  4. Det passet veldig godt med steintrapp som avgrensing mot bedet. Må studere litt på plantene du har i det skyggepartiet, mange flotte der. Er i planleggingsfasen for et bed som vil få skygge det meste av dagen. Martagon hadde jo kanskje passet fint der, blomstrer den like godt i skygge?

    SvarSlett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  6. Heia,

    Kjempeflott helletrapp!

    Luking er kjekt.;) Berre ha musikk på øyre og satse på sol og varme.

    Ha ei kjekke helg!

    Helsing Alise

    SvarSlett
  7. Takk!

    smgj: myske er på vei, bytta til meg eit par røtter i fjor vår og makan til voksekraft har eg ikkje sett på lenge! Så den skal delast opp og settast ned her og der.

    Mariann: har svart deg borte i din blogg.

    SvarSlett
  8. Herlig og ujålete trapp! Og den lager et flott skille mellom bed og gress :)
    Du/dere har jammen gjort en dugelig innsats der
    Ha en finfin helg! :)

    SvarSlett
  9. Kjempeflott trapp og ein fin måte å laga avgrensing på. Anbefaer også Myske som er sagt før. Veldig glad i det som bunndekke. I år fekk eg Anemone som bløma i Mysken sin bladverk. veldig fint, syntes eg !! Lukke til med luking. Går som ein leik det når det blir så fint !!

    SvarSlett
  10. Ja, valmuer, ja. Det er jeg også veldig glad i. Jeg malte mye porselen og akvarell i ungdommen og malte mengder med valmuer. Kanskje det er på tide å prøve seg på noen kulltegninger eller tusjtegninger av valmue i sommer.
    Takk for at du minnet meg på den igjen!
    Ellers er jeg også veldig glad i dahlia. Har det også på planen for sommeren.

    SvarSlett