onsdag 21. oktober 2009

Haust og hausting

Det har ikkje vore mykje til matauk i Blåbærhagen i år. Den kalde og våte sommaren gjorde ikkje godt for grønsakshagen, og stadig dårlegare form hos underteikna har ført til lite plukking av ymse frukt og bær. Hjorten maltrakterte dei to små epletrea våre og åt alt av kart. Dei nye bringebærskudda vart ødelagt av ein flokk vel frittgåande høner. Bønnene vart ikkje modne før i oktober, og så vart dei tatt av frosten nesten med ein gong.

Men eit par ting har me fått til:
- Squashplantene (2 stk) var ein stor suksess, dei gav masse fine fruktar i juli og august. Eg trur nok me hadde nokon i september også.
- Etter eit mislykka såforsøk kjøpte me ei potte med bladpersille på Bondens marknad i vår, delte den opp og planta eit felt i urtebedet. Det eksploderte! Står vel framleis omlag to kubikk persille der, uberørt av frosten. Fantastisk!
- Sådde berre ein runde med salat, men den vaks til gjengjeld bra i det kalde, våte veret.
- Sjokolademynte, grønmynte og sitronmelisse vokste alle overdådig, slik dei pleiar å gjøre, og eg tok meg saman ein sjelden solskinnsdag i september og klipte inn store buntar av alle tre og hengte til tørk. Her om dagen kom eg meg endelig til å strippe dei tørka stilkane for blad, og for ein duft som spreidde seg i huset! Særleg sjokolademynten var så aromatisk at det beint fram fekk augo til å tåre. Satsar på mykje urtete i vinter, og grønmynten brukar me dessutan mykje i matlaginga.

I dag har me ete pannekaker med rørte blåbær - frå i fjor! Det er med stor skam eg melder at me har plukka ikkje meir enn ein halv liter blåbær i år, og det var heilt og fullt mannen i huset si forteneste. Det er skralt for ein Blåbærhage. Igjen skuldar eg på dårleg ver og dårleg bekken. Men no sit eg og nippar til eit glas iskald hylleblomsaft laga i vår, og kjenner den liflige dufta av kokte epler bre seg omkring. Svigers hadde med ein pose nedfallseple frå Sunnmøre her om dagen, og dei putrar så fint i saftkokaren as we speak.

Så noko er det jo heldigvis, og neste år... då skal det bli bra! Me skal lage nytt grønsaksbed, plante fleire frukttre, og krysse fingrane for at me har klart å stenge hjorten ute. Krysse fingrane hardt.

Urtehaust i september

5 kommentarer:

  1. Sjokolademynte - er det virkelig lukt/smal av sjokolade i den eller er det bare i navnet?

    SvarSlett
  2. Nja, det er nok mest i namnet. Kan kanskje ane ein viss After Eight-aroma om ein legg godvilja til... Men det er i alle fall ein usedvanlig kraftig peppermyntesmak på den! Den formeirar seg med lynets hastighet, så her er rikelig å ta av om du vil ha ein bit.

    SvarSlett
  3. Duften av kokende epler er virkelig noe å varme sjela på!

    SvarSlett
  4. Ikkje sant? Noko av det beste eg veit, trur eg.

    SvarSlett
  5. Hei. Det ligger en Award til deg på bloggen min :-)

    SvarSlett