tirsdag 1. september 2009

Feilmerka liljer

På hagemessa i år kjøpte eg ein haug med liljeløk for ein billig penge (billigsalg ein time før stengetid). Løkane vart selde i lausvekt nærmast, golvet var fullt av pappkassar med etikett pålimt sånn litt på halv åtte. Eg hadde dårlig tid og ingenting å notere med, så eg plukka løkar i spekteret kvitt-rosa-rødt for at det ikkje skulle bli fargekræsj i bedet. To av liljene var rosa, tre av dei rekk nok ikkje å sprette ut og resten ser sånn ut:

Vel er dei fine, men eg treng i grunnen ikkje så mange like... Her er dei som blei rosa:

Elles blomstrar også liljene 'Casablanca' no, den syns eg er heilt nydelig. Den rosa 'Stargazer' er avblomstra, den var også fin.



I fjor fekk eg bytteløkar av tigerlilje på Hagegal, dei blomstrar no og er også feiande flotte. Massevis med bulbillar på dei som er gitt vekk til venner og kjente, enkelte av bulbillane spirte allereie mens dei hang på stilken!

Andungane har vokse kjempemasse, dei har flytta ned i kjellaren og får kome ut og lufte seg litt kvar dag. Mannen i huset er i full gang med å planlegge andehus, så det ser ut til at dette blir permanente innbyggjarar i Blåbærhagen.

Me veit ikkje kjønn enno, hvis det er ein av kvar må me nok bytte ut andriken slik at me kan ha eit avlspar som ikkje er sysken. Moskusand skal vere svært godt til kjøt, så kanskje me blir sjølvforsynte med andesteik neste år? Ein ting er sikkert: ingen av desse to skal hamne i gryta, til det har me fått dei litt for nært innpå... Dei har blitt kjæledeggar for heile familien, og fotfølger oss rundt i hagen. Veldig kos for store ogs små.

2 kommentarer:

  1. Så herlige Moskusandunger. De skal være rå til å spise Iberiasnegler..

    SvarSlett
  2. Så koseleg med ender i hagen da! Eg drøymer om større hage og betre anledning til yrande dyreliv rundt meg og ungane, trur dei har godt av det. Trur dei fleste har godt av det : ) Nydelege liljer!

    SvarSlett