tirsdag 16. juni 2009

Dagens bukett og fire storkenebbar

Eg ser at det skjer i år som i fjor; sommaren er her og eg er ute i hagen. Ikkje inne og bloggar. Men over ein månad sidan forrige innlegg - den var litt drøy. Det har jo tross alt skjedd ein del i hagen som burde dokumenterast, hjortegjerdet er ferdig, tre nye bed er anlagt, roser er planta, urtekarm snekra, og meir til. Første kull kjøttmeisar er flydd frå fuglekassa så sommaren er definitivt i full gang sjølv om dei varme temperaturane uteblir. Det har vore fint lenge, men nordavinden er til tider isande. I morgon er det meldt regn og det treng me. Plantene er tørste og brønnen treng påfyll. Slik det er no må veslepionens badevatn resirkulerast i kjøkkenhagen, og me må vaske opp med omhu. Kven skulle tru det var mogleg her i regnbyen? Men no skal det altså kome, regnet, og i mengder til og med. Kanskje det betyr eit par fleire blogginnlegg her frå Blåbærhagen.

Eg tok på meg å lage borddekorasjonar til sommarlunsjen på jobben i går, det er dagfiol og grasløk frå hagen her, og hortensia og skvallerkålblomar (!) knabba frå bakgården der festen fann stad. Det var åtte lave dekorasjonar som dufta vidunderleg, og eg tok dei sjølvsagt med heimatt sidan ingen ville ha dei. No står alle åtte samla i ei stor skål, og eg må seie det er ganske fint...



Og så eit lite utval storkenebbar som blomstrar no:


Geranium phaeum 'Raven'


Geranium phaeum 'Samobor'


Geranium reflexum


Her manglar eg namnet, men det er vel ein cinereum?

4 kommentarer:

  1. Flotte bukettar. Forstår ikkje at ingen ville ha dei!!

    Kjempefint med storkenebb. Har berre to sortar i beda mine, men det skal snart bli fleire :-)

    Og treng du meir regn er det berre å seie i frå. Vi har fått i bøtter og spann i laaaang tid no :-(

    Men eg får ikkje tid til blogging likevel...

    Ha det fint!

    SvarSlett
  2. Så flott bukett du har laget!

    Merkelig at klimaet i Bergen har forandret seg? Trodde dere hadde nok regn, men klimaet er i endring. Så dere må nok venne dere til å vanne ute dere også ;-)

    SvarSlett
  3. Der var du, ja!
    Nydelige buketter, kan nesten kjenne lukta gjennom skjermen.
    Du får rope på Sigrid for storkenebbestemmelse! Hyggelig å vite navnet på vennene sine! Men fine er de, både med og uten navn.

    SvarSlett
  4. Dagny: Det var vel fordi dei ikkje ville ha bryet med å ta dei med heim, tenker eg.

    Ja, no har regnet kome og eg må seie det er godt. Det var ekstremt tørt i beda men no trur eg det skal hjelpe på!

    Berit: visst er dei fine, storkenebbane. Og lettstelte og anvendelige. Ein absolutt favoritt!

    SvarSlett