lørdag 2. mai 2009

Gulare enn gult

Kjapt innlegg i dag, med tre gule innslag. Som ein del andre er eg ikkje overbegeistra for gule blomar, men eg ser likevel at det kan ha sin sjarm, slik som denne. Dette må vel vere ein fylt form for gulveis? Eg anar ikkje kor eg har fått den frå, muligens frå nokon i parsellhagen i si tid. Den kom med ein blome i fjor, og i år har den spredd seg ein del.


Geranium 'Blue Sunrise' som eg kjøpte i fjor haust ser ut til å halde det den lovar, nydelig gult bladverk. Det blir spennande å sjå korleis det står til dei blå blomane seinare i sesongen!


Og her er lunsjen i går, heimebakt brød med eggerøre frå hønsehuset og grasløk frå hagen.


Det var sånn ein fin dag i går, eg og Veslepionen var heime åleine og var ute frå halv ni om morgonen til halv sju om kvelden. Me gjekk berre inn for å finne litt mat innimellom. Eg fekk gjort kjempemykje, nesten ferdig med surjordsbedet pluss at eg har gravd opp eit stort nytt bed opp mot gjerdet. Jenta klarar stort sett å sysselsette seg, det er stas å hjelpe mamma å grave med eigen spade og bøtte... Elles brukar ho mykje tid på å gjete hønene. Når me er ute i hagen pleier me å sleppe dei ut av hønsegarden så dei kan gå og rote i jorda oppe i skogkanten. Men dei må passast på, lekre spirar i beda mine er visst veldig fristande. Då er det godt å ha ei lita jente som er lett på foten, ser ho dei nærmar seg kjem ho springande med heva peikefinger og kjeftar: "Nei, nei høne, ikke pise mamma sin bom! Gå opp i kogen!" (Ordforklaring - pise=spise, bom=blomst, kogen=skogen. Dagmammaen til jenta snakkar pen bergensdialekt og det smittar tydeligvis...)

3 kommentarer:

  1. Høyres ut som du lever eit fint hageliv, Elisa. Det er nesten litt kontemplativt å lesa dette for meg som har eit langt meir oppjaga kvardagsliv. Veldig artig blogg, eg skal linka den frå no av:-)

    SvarSlett
  2. Einig med deg at gult ikkje er så kult lenger, men som deg har eg litt av det i hagen likevel. M.a. dei fleste narsissane mine, forsythia og gule prestekragar. Det lyser i alle fall opp :-)

    SvarSlett
  3. Askild: Var faktisk inne og leste hos deg tidlegare i går, ser ut til å vere oppjaga om dagane ja! Kan vere hektisk og stressande her og, det er då det er spesielt fint å ha hagen. Snakk om sjelebot.

    Dagny: Visst lyser det opp, også akkurat no når me treng det etter ein lang og grå vinter!

    SvarSlett