torsdag 1. januar 2009

Eg er klar

I går og i dag har eg rydda planterommet i kjellaren, det var sårt tiltrengt ettersom det har vore kyllinghybel der i haust. Men no er kyllingburet demontert, hønsefor og havre stua vekk og alt støv relativt grundig tørka bort. Alle dei tomme pottene som blei lempa inn i haust er sortert og systematisert etter beste evne, og plantelyset er hengt opp! Foreløpig står eit par brett med buksbomstiklingar frå i fjor sommar under lyset. Det er berre eit fåtal av dei som har rota seg, eg trur nok det er på sin plass med litt ekstra lys og kanskje litt varme også. Dei ser friske og fine ut, så det er håp enno om lav buksbomhekk rundt det lange bedet mitt ein gong i framtida.

Eg fekk også pusla litt med fuksier, pelargoner og andre ikkjeherdige som blei regelrett dumpa i kjellarvinduet når første frost plutselig dukka opp. Får håpe to månader utan tilsyn ikkje har tatt knekken på nokon av dei. Eg syns eg skimta eit par bladlus så eg får vel stelle i stand eit grønsåpebad i morgon.

No fordriver eg kveldane med å gå gjennom frøbeholdninga, skrive sålister og snart skal eg sette i gang med såing. Det blir bra!

4 kommentarer:

  1. Alt klart for et nytt og spennende hageår! Klem fra Solfrid

    (Jeg er mest spent på drueplantene *måtte det snart bli vår*

    SvarSlett
  2. ja, når såingen er igang, er våren på vei.

    SvarSlett
  3. Kva skal du så så tidleg som no? Våren våknar ikkje hjå meg før i mars, men det er no ikkje lenge til!

    SvarSlett
  4. Torill: Først skal eg så stauder som treng ei kuldeperiode før dei spirar. Dei blir sådd no, så får pottene stå ute i vinter. Til våren, når det blir mildt i veret, spirar dei forhåpentligvis! Seinare sår eg sommarblomar og anna som treng lang tid på seg før dei blir klare til utplanting. Dei må ha tilleggslys mens me ventar på våren. Og resten av frøa blir sådde frå mars og utover.

    Charlotte og Solfrid: vår, vår, vår - det er visst alt me tenker på for tida...

    SvarSlett