søndag 9. november 2008

Noko nytt til hagen?

Oktober 216

Irlandsturen min for eit par veker sidan var som nevn ikkje så veldig hagerelatert. Likefullt var eg ein tur innom eit hagesenter, planen var å kanskje kjøpe litt løk. Det var dårleg med planter der på denne tida av året, men desto meir... kva skal eg kalle det, hagekunst? Enorme mengder skulpturar, figurar og fontener med og utan farga lys. Noko for ein kvar smak, sjå berre her. Kva med ein moderne vri på klassisk skulptur, urne inkludert? Eller kanskje ei vaktløve? For den med meir intellektuelle aspirasjonar kunne det jo vere noko med ein Henry Moore-inspirert sak?

I det heile tatt mykje glam og glitter, eg kunne diverre ikkje ta bilde inne i det mørklagte uthuset der alle fontenene med blinkande farga lys og vanndamp var utstilt. Eg har aldri sett maken. Men det var litt av kvart ute også, eg gjekk rundt med store auge og knipsa.

Oktober 214 Oktober 218 Oktober 224

Oktober 215 Oktober 217

5 kommentarer:

  1. Kanskje en Løve som den på det nederste bilder hadde gjort seg i min pasellhage på 200 m2.

    Den Henry Moore-inspirerte skulpturen var flott....

    SvarSlett
  2. Her var det jo mye flott ;) Utvalget er nooe større enn her hjemme!!
    Ganske utrolig hvor mye forskjellig som finnes, men ikke mye jeg kunne tenke meg å gi en sentral plass i hagen.
    Jeg kunne dog gjerne ha funnet plasse til noe herfra:
    http://lindalunda-keramik.blogspot.com/

    SvarSlett
  3. Ja, ingenting å seie på utvalet! Fine ting på den linken, Soleien. Trur eg ville foretrekke eit sånt lite bortgjemt eventyrslott framfor ein monumental hestefigur...

    SvarSlett
  4. Tror nok jeg skulle hatt to sånne løver ved innkjørselen her.. ha-ha, da hadde naboene fått noe å snakke om da.

    SvarSlett
  5. Litt av kvart der, ja. Kanskje det hadde gjort seg med eit staseleg fuglebad (eller er det fontene?) oppe i "villmarka" vår..? : )

    SvarSlett