torsdag 14. august 2008

Middelhavsstemning i sørveggen

I sørveggen på huset vårt er det lunt og godt, det er ein hellelagt gangvei/trapp som går rundt huset, og grunnmuren er kvitmalt. Ganske tidleg fann me ut at dette måtte vere plassen for varmekjære middelhavsurter. Då me flytta inn var det eit lite bed inn mot grunnmuren, jorda besto av grus med diverse skrot, og det einaste som vokste var krypmispel i store mengder, og ugras. Slik såg det ut i november i fjor.









Då våren kom fekk me renska godt opp i dette bedet, og gjorde det litt større. Stubbar av krypmispel blei dradd opp, og me skifta ut jorda. Men me blanda godt med sand og grus i den nye jorda, for planter av det slaget me ville ha der trivst med litt mager og veldrenert jord. Så planta me ned ein lavendel, salvie og perovskia som me hadde me oss då me kom til Blåbærhagen. Då blei det slik som dette.
Dessutan fekk alle dei heimesådde sitrustrea til mannen i huset komme ut på sommarferie, og dette er jo den beste plassen for dei. Det er snakk om fem plantar som er ca åtte år gamle, dei er blitt ganske store etterkvart og overvintringa er ei utfordring. Så etter ein lang vinter i den mørke kjellaren satte dei nok pris på å få komme ut i lyset.











Etterkvart sådde me oregano og timian innimellom, og kjøpte ein rosmarin som står i potte. Når plantene hadde fått etablert seg litt såg det slik ut, salvien blomstra nydelig veldig lenge og etterpå overtok lavendelen. Den held det gåande enno. Men etterkvart synest me at den kvite muren såg veldig tom ut, og hadde behov for ein kaltreplante eller to. På Hagegal fekk me anbefalt drue, og det passa jo rett inn i middelhavstemaet! Vårt lokale hagesenter hadde opptil fleire druesortar til sals, me valde dei herdige 'Hasansky Sladki' og 'Beta'. Utfordringa her i Blåbærhagen er nok ikkje så mykje vinterkulde, snarare at det er fare for korte og kjølige somre slik at druene ikkje rekk å bli modne. Men me prøver oss! Og dekorative er dei jo uansett.





Druene vokste fint, og etterkvart måtte me ordne noko å klatre på til dei. Me vurderte å kjøpe espalier, men fann aldri noko me likte. Dermed var det fram med hammar og spiker i staden, og med litt ståltråd i tillegg synest me klatrestativet blei veldig bra. Det består altså av ei ramme av lekter, og på innsida av ramma skrudde me fast rekkjer me øyeskruer og strekte ståltråd mellom dei. Ein tråd vertikalt for kvar plante, og fleire horisontale trådar med 15 cm mellomrom. Drueplantene blei beskåre til eit hovudskudd, neste år skal dei få sette sidegreiner og kanskje eit par drueklaser. Det var voldsom blomstring i vår også men i følge all faglitteratur skal plantene ikkje få bære frukt første året, for det går på bekostning av veksten. Så med tungt hjerte, men fast hand, klipte eg av minidrueklasene tidleg i sommar... Me får håpe det lønnar seg i åra framover!


4 kommentarer:

  1. Så flinke dere har vært! Blir spennende å følge med videre her. Spesielt druene! ;)

    SvarSlett
  2. Så gøy med "middelhavs-vegg"! Jeg har selv ei vinranke som står inntil sørveeggen, og der trives den UTROLIG godt! La akkurat ut bilde; http://itoneroseshage.blogspot.com Min er bare et par år gammel, og har allerede klatret LANGT oppover veggen - så det tar nok ikke lang tid før veggen deres er dekket! Lykke til, gleder meg til mer bilder! ;o)

    Tonerose

    SvarSlett
  3. Dette såg spennande ut! Artig med litt utradisjonelle vekstar i hagen. Blir kjekt å sjå korleis det går. Kika litt på det du har presentert før og synest du har ei flott tomt å jobbe med, og det ser ut til at de veit kva de styrer med :-)
    Her hos oss er det ganske flatt, skulle gjerne hatt litt berg, stein og skråningar...

    SvarSlett
  4. så artig å høre fra deg igjenn. Middelhavsvegg høres jo fristende ut :D
    Jeg er ikke så stiv på druer men forstår at det er stor forskjell på hvor tidlig de setter frukt. Om det viser seg at den du har ikke rekker det i tide så kan du jo vurdere ett nytt slag.

    SvarSlett