Kubjelle

Svibel

Primula 'McWatt's cream'

Alperips
Min kjære mann er i krig. Han har tatt på seg jobben med å rydde villnisset i grensa mot skogen, det har nok ein gong vore ein hekk av klasespirea men no er det eit tett kratt som dekker eit område på ca 10 x 10 meter, minst. Det er litt av ein jobb, det kan eg love. Busken sender ut rotskudd, og røttene ligg som eit finmaska nett under jorda. Med 10-20 cm mellomrom sender dei opp skudd, som blir nye buskar. Så de forstår at dette er ein jobb som krever sin mann.
I dag såg eg den første humla, den første sommarfuglen og den første kvitveisen! Ein liten og skabbete kvitveis riktignok, men likefullt vårens første. Raudstrupen har funne seg ein make og kurtiserar henne åpenlyst i hagen, svarttrosten jublar frå tretoppane og det er hakket før bjørka sprett, trur eg. Det er mildt og godt i hagen, og jorda er tørr og fin å jobbe med. Kan det bli betre?
Gamle hagar har ofte også fungert som søppelfylling, før i tida var ein ikkje så nøye med kvar ein gjorde av bosset sitt... Så også her i Blåbærhagen. Ein god del gammalt skrap har blitt grave opp og kasta på forsvarleg vis, men eg finn stadig gamle potteskår og glasbrot. Då tenker eg at det er nesten som eit vindu i tida, tilbake til dei som budde her ein gong. Kanskje pleide dei å ete frukost på servise med roser og forglemmegei? Var det dei som planta alle krokusane? Og ville ha turkise veggar i kjellaren?
Det viser seg at Blåbærhagen heller skulle blitt kalt skvallerkålhagen... Den er overalt. Eg graver og graver, drar ut rot etter rot, drømmer om det på nattestid og i det heile tatt. Skvallerkål er blant dei verste ugrasa, og bortimot umogleg å bli kvitt. I alle fall om ein har tankar om å drive giftfritt hagebruk. No driv eg og lagar eit skvallerfritt bed der eg kan plassere alle plantene mine som eg må flytte hit frå min gamle parsellhage. Eg har grave opp eit stykke på ca 1 x 4 meter, tatt ut jorda ned til 20-30 cm og dekka botnen med aviser. No driv eg og sålder jorda inn igjen i bedet, bøtte for bøtte, og prøver å følge med falkeblikk ein kvar liten rotbit som måtte snike seg med. Ein mikroskopisk rotbit kan nemlig bli til ei plante igjen som kjapt vil kunne kolonisere heile bedet. No har eg samla opp ein heil haug med skvallerkålrøtter, og funderar på korleis eg kan destruere dei på best mogleg vis. Snakk om spesialavfall! Trur eg må brenne dei, skal ikkje ned igjen i jorda i alle fall...
Det er visst fare for at denne bloggen framstår meir som ein blogg om dyra i og rundt hagen enn om hagen i seg sjølv, men eg må berre vise dette bildet. Det er tatt i dag, 2. april, eg var ute og jobba med det nye bedet mitt då eg syns eg hørte kjente lydar frå himmelen... Og jammensanten, der kom årets første grågåsflokk rett over hagen på vei nordover.