I forbindelse med brønnen vår stikk det opp diverse rør og slangar i hagen, ikkje særlig dekorativt men me får vel prøve å kamuflere dei med planter etterkvart. Eit av røra er omlag 30 cm i diameter og går kanskje ein meter ned i bakken. Der nede er det ei kran (trur eg) den er dekt med noko isolasjon. På toppen av røret, altså det som stikk opp av bakken, er det eit lokk. Då me letta på lokket når me flytta inn i november fann med denne vesle karen der nede i mørket! Trur han gjekk i dvale for vinteren nede i mørket. Og han sit der enno. No begynner eg å lure på om han sit fast der nede, ikkje klarer å komme seg ut. Me får fiske han opp når det blir litt mildare i veret og stelle godt med han, for froskar vil me ha! Alle allierte mot brunsneglane må me passe godt på. Det er ein del små vasshol oppe i skogen så det er nok gode forhold for frosk her.fredag 28. mars 2008
Frosk i dvale?
I forbindelse med brønnen vår stikk det opp diverse rør og slangar i hagen, ikkje særlig dekorativt men me får vel prøve å kamuflere dei med planter etterkvart. Eit av røra er omlag 30 cm i diameter og går kanskje ein meter ned i bakken. Der nede er det ei kran (trur eg) den er dekt med noko isolasjon. På toppen av røret, altså det som stikk opp av bakken, er det eit lokk. Då me letta på lokket når me flytta inn i november fann med denne vesle karen der nede i mørket! Trur han gjekk i dvale for vinteren nede i mørket. Og han sit der enno. No begynner eg å lure på om han sit fast der nede, ikkje klarer å komme seg ut. Me får fiske han opp når det blir litt mildare i veret og stelle godt med han, for froskar vil me ha! Alle allierte mot brunsneglane må me passe godt på. Det er ein del små vasshol oppe i skogen så det er nok gode forhold for frosk her.lørdag 22. mars 2008
Hagebesøk
Oppe klokka seks i dag, det vil seie eg låg på sofaen medans eg i halvsøvne prøvde å underhalde ein lys våken unge som helst berre ville dra meg i håret... I halv åttetida kika me ut vinduet og såg dagens hagebesøk, då våkna mor til også gitt! Me bur altså midt i eit hjortetrakk. Veit ikkje kor heldig det er for min framtidige kjøkkenhage som skal ligge omtrent akkurat der hjorten går på det første bildet.Ho (trur i alle fall det var ei kolle) prøvde seg på meisebollane, men dei var visst tomme. Så lunta ho rolig vidare opp i skogen.
torsdag 20. mars 2008
Kompostkompis
Ja, eg har blitt venn med komposten! For ein månad sidan fekk me ein sånn i hus (eller rettare sagt, i hage). Ein varmkompostbinge som skal kunne ta i mot alt av organisk avfall, sette i gang ein nedbrytingsprosess ved hjelp av "snille" bakteriar og forvandle det heile til supergod jord og gjødsel til hagen. Me stussa lenge på om me skulle ha ein stor eller liten, men blei til slutt overtalt til å kjøpe den minste sidan me skal skaffe høns som vil ete mykje av kjøkkenavfallet vårt. Eg sette i gang med å fylle vidunderet med kvist og kvast. Me hadde også spart opp matavfall i to vekers tid, så bingen fekk ei tilitersbøtte og ein femlitersdunk fulle å starte på. Me var vel litt usikre på korleis dette skulle gå, det er jo ikkje akkurat sommartemperatur ute for tida, og det må vere varmt for at bakteriane skal kunne gjøre jobben sin. Men det gjekk ikkje mange dagane før eg syns eg kjente lunk nedi det svarte gapet, og no slår dampen mot meg når eg opnar lokket! Det tyder på temperatur ein stad mellom 40 og 70 grader i følge kompostboka. Skikkelig action med andre ord.Så her i huset er me på god vei til å bli skikkelige kompostnerder som kan finne på å gå ut for å kikke oppi vidunderet berre for moro skuld. Mannen i huset er verst, ved to ulike anledningar har eg observert han frå stovevinduet der han drar med seg (heller motvillige) gjestar og slår opp lokket på bingen med stor bravør, mens han peikar, forklarar, og rotar nedi gapet med eit greip. Det skal seiast at begge gongane tok tilskodaren eit raskt steg bakover og heldt seg på trygg avstand. Dei om det. Her i huset er me blitt glade i komposten vår, den gjør ein kjempejobb. Me har jo nesten ikkje søppel lengre! Og ikkje luktar den dårlig ein gong. Kan ikkje bli betre. Fine komposten vår.
torsdag 13. mars 2008
torsdag 6. mars 2008
Hekketid
Som barn tilbrakte eg mykje tid om sommaren på besteforeldra mine sitt sommarhus utanfor Dublin. Nesten det beste med den irske landsbygda er alle småveiane, ordentlige ”winding country lanes”. Langs desse veiane er det alltid hekkar, meir eller mindre ville og ugjennomtrengelige blandingshekkar. Typiske planter i ein slik hekk er hagtorn, liguster, villeple, hassel, hyll og andre småtre. Det heile blir vevd saman av vivendel, bjørnebær og villroser. I tillegg veks det villblomar av mange slag på kvar ledige flekk. I hagen til besteforeldra mine vokste det ein litt foredla utgåve av ein slik hekk, der var høge skjærsminar, ein og annan thuja, klatreroser og klematis i tillegg til dei andre eg har nevnt. Duften av ein slik hekk om sommaren er ubeskrivelig. Lyden også, humlesurr og fuglesang. Gode minner.
Junisøtmispel 'Moelv' (3 stk)
Bærsøtmispel 'Alvdal' (1 stk)
Svartsurbær 'Moskva' (2 stk)
Vinterliguster (1 stk)
Prydeple 'Royalty' (1 stk)
Alperips 'Schmidt' (2 stk)
Syrin 'Charles Joly' (1 stk)
Syrinhortensia 'Grandiflora' (1 stk)
Bjørnebær 'Thornless Evergreen' (3 stk)
Og så må eg ha klatrande roser, kaprifol, klematis. Hassel ønskar eg meg også. Kanskje noko Prunus, villkirsebær? Vinterkirsebær? Mange muligheter! Trur det kan bli fint, i alle fall.
Meir om tradisjonelle hekkar.
