tirsdag 20. mars 2012

Vårblomstring i Muséhagen

I går såg eg eit innlegg hos Josefin med bilder frå Muséhagen i Bergen, og då tenkte eg eg måtte legge ut nokre eg også. Dei er ikkje heilt dagsferske, eg tok dei 5. mars, men trur dei tåler å bli sett likevel. Denne hagen ligg ved Bergen Museum, eller Universitetsmuseet som det no heiter, og blei anlagt heilt på tampen av 1800-talet. Den er ei perle på ca 14 mål med eit rikt utval planter. Eg er så heldig at eg jobbar like ved og kan rett som det er ta lunsjpausen på hagevandring. No er det på tide å gjøre det igjen for det har sikkert skjedd mykje sidan sist, men slik såg det i alle fall ut for om lag to veker sidan:
Krokus som tittar opp gjennom vinterdekket

Helleborus

Kroks av noko slag, tommasinianus kanskje?




Rhododendrum dauricum - ein av dei aller første rhododendronane.

Erantis - vinterblom

Hamamelis - trollhassel


Scilla mischtschenkoana


Pieris med nydelige klokkeblomar

3 kommentarer:

  1. Veldig koselige bilder! Ja takk gjerne flere :)

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du ble inspirert :D flotte bilder, krokusene som kikker opp av granbaret er jo bare helt herlige. Nå er juletrærne vekk og det tyter opp nytt liv overalt og fremover er det meldt lunsjfinvær, kos deg! :-)

    (og tenk at hagen er så stor da, det visste jeg virkelig ikke)

    SvarSlett
  3. Herlige vårbilder, og for en gjeng med krokus:) Nyt vårdagene:)

    SvarSlett