onsdag 14. mars 2012

Sammenplanting i rødt og blågrønt

Eg slenger meg med på Moseplassen sin konkurranse igjen, denne gongen er det sammenplantingar som står i fokus. Eg har vore veldig i stuss om kva for eit bilde eg skulle velje, kanskje mest fordi eg ikkje har så mange å ta av. Sammenplantingar er vanskelege å fotografere syns eg, kjem du for tett på så blir det dei sedvanlege nærbilda, men når du prøver å få litt avstand slik at ein ser heile "bildet", så blir det kjedeleg og formlaust. Hmm. Her har eg noko å øve meg på, ser eg.

Men nokre kandidatar dukka jo opp, for eksempel den gule irisen og den lilla storkenebben, skogbunnsbedet mitt, akeleiene og heucheraen, cosmos og astilbe eller kanskje til og med rødbetene og purreløken?

Men når det kom til stykket valgte eg ikkje eit bilde frå Blåbærhagen, men frå den adskillig meir storslåtte Parc de Bagatelle. Vakker, vakker hage! Der kom eg over denne slåande kombinasjonen. Kven skulle vel trudd at ein ildraud tulipan skulle vere så veldig fin mot ein bakgrunn av blågrøne hostablader? 

Parc de Bagatelle ligg midt i Boulogneskgen i Paris, og er ein av byens fire botaniske hagar. Den blei anlagt på slutten av 1700-talet, visstnok som resultat av eit veddemål mellom Marie-Antoinette og greven av Artois som nett hadde kjøpt eigedomen. Dronninga vedda på at greven ikkje kunne gjøre skogsområdet om til ein hage i løpet av 64 dagar, men greven vedda i mot og vann. Det kan me alle vere glade for!

I 1905 blei parken kjøpt av det offentlege, hagane blei restaurert og opna for publikum. Bagatelle er kjent for rosehagen sin som visstnok har over 1200 sortar. Me var der jo på våren, då var det ikkje mange roser å sjå. Men mykje, mykje anna fint; orangeriet, dammar og bekkar, enger med narcissar, sirlige parterrebed fulle av tulipanar, kirsebærbomstring, i det heile tatt massevis av flotte tre, og ikkje minst kjøkkenhagen eller potageren. Eg trur kanskje den imponerte oss mest av alt - dei espaliererte frukttrea som fungerte som veggar og gjerder, den stramme symmetrien, det dekorative i nyttevekstane. Det var nok her Ove fekk sin hang til espaliering, men sjølv om han no etterkvart har heile fem strengt beskorne eple- og plommetre blir det nok aldri nokon Bagatellestandard hos oss.

Kort sagt - er du hageinteressert og skal til Paris er det berre ein ting å gjøre, ta turen til Parc de Bagatelle!

Og eg, eg skal ta masse bilder av sammenplantingar dette året.

6 kommentarer:

  1. Ja sant det var litt vanskelig! Å finne bilde av en god samplanting? Men jeg likte godt bildet ditt og så er det jo alltid hyggelig med hagerelaterte reisetips :) Lykke til!

    SvarSlett
  2. Stilig med den enslige tulipanen mot Hosta'n.
    Lykke til i konkurransen :-)

    SvarSlett
  3. Kjempespennende dette med å bruke tulipaner mot bladplanter. For noen år siden snek en par hvite tulipaner seg opp mellom røde heucherablader, vedlig vellykket!

    SvarSlett
  4. Tøft bilde! Og for en tulipan, har aldri sett denne sorten før. Skikkelig lekker mot det grønne :D Ha en fin helg!

    SvarSlett
  5. Knall kombinasjon og takk for reiseinspirasjon!

    SvarSlett