søndag 11. mars 2012

Driving av kvistar

Eg eksperimenterar litt med driving av ymse kvistar og greiner frå hagen. For ei veke sidan tok eg inn syrin, raudhyll, matsøtmispel, bøk, alperips, forsythia, blodrips, azalea, blankmispel og naturlegvis blåbærlyng. Målet er å strekke litt på sesongen for snittblomar frå hagen. Av ulike årsaker (transportutslepp, kjemiske plantevernmidler og dårlege arbeidsvilkår i dyrkingslandet) kvir eg meg for å kjøpe snittblomar frå blomsterbutikken. I Blåbærhagen prøver me å leve på mest mogleg berekraftig vis, og løysinga blir då blomar frå eigen hage (sjølv om det nok hender at eg sprekker litt når eg blir veldig frista...). Hagesesongen er jo som kjent kort men med driving kan ein altså jukse litt! Når plantene kjem inn i varmen får dei fart på knoppsprett og blomstring, og me får pynt i heimen.

Når eg hadde tatt inn kvistane sette eg dei først i kokande vatn, om lag eit minutt. Det mjuknar barken og gjer dei betre rusta til å trekke inn vatn. Så sette eg dei romtemperert vatn tilsett ei teskjei sukker og ei teskjei eddik. Vanleg blomsternæring inneheld gjødsel og mugg/bakteriehemmande stoffer, eg har lest at sukkeret gir næring nok og at eddiken skal ta knekken på bakteriar og mugg. Så langt kan eg i alle fall seie at vatnet er klarare enn det pleier å vere når eg ikkje har tilsett noko, og kvistane mine ser friske og fine ut.

Enkelte planter er jo sikre kort, som blåbærlyngen. Eg byrjar ofte å ta den inn rett etter jul, men best resultat får ein nok i februar/mars/april. Den brukar eit par veker på å springe ut, og når den endeleg gjør det kjem det fram masse fine saftiggrøne blader og delikate små blomar. Kanskje denne ladningen er på topp til neste helg? 

Blodrips er også bra. Me kjøpte ein busk i forfjor, eit viktig motiv for meg var nettopp driving. Den er jo liten enno men eg drista meg til å klippe ei lita grein i år. No står den med knoppar, ikkje så mange riktignok men det vil nok kome seg når busken er blitt meir moden. Dei er så fine!

Forsythia eller gullbusk er jo kjent og kjær til driving. Hos oss er også denne busken relativt nyetablert så min stakkar einslege kvist viser ikkje teikn til blomar. Men vanlegvis er gullbusken villig og vakker, og kan drivast frå januar og utover heile våren. 

Syrin kan vere litt vanskeleg men det ser ut til å bli blomar på den også, knoppar har den i alle fall!

Elles er eg positivt overraska over raudhyllen, eg syns den er så fin i blom ute om våren og det ser den ut til å bli inne også. Svære klaser med knoppar som er dekorative i seg sjølv. Eg er spent på korleis dei ser ut om nokre dagar.

Elles er det litt ymse. Eg hadde store forhåpningar til matsøtmispelen, men det ser ut til å blir berre blad. Blankmispelen er kjedeleg men det var vel som venta. Azaleaen viser ikkje teikn til å sprette enno, heller ikkje bøken. Alperipsen er full av små museøyrer, ganske fine men litt kjedelige på eigenhand.

Det finaste av alt er plommer eller kirsebær. For nokre år sidan tok eg med meg kappet då far min beskar frukttrea sine, og plommene sto i full blom etter kort tid. Eple er også fint men har ein tendens til å visne fort. Pil og selje gir fine gåsungar, og på lerk får du delikate, lysegrøne nåler.

Nokon andre som har holdt på med driving? Har de tips til andre planter som blir fine? Eg gler meg til å følge med på mine vidare, kanskje eg kjem med ei oppdatering her etterkvart!

- Elisa

3 kommentarer:

  1. Det er nesten ingen ting som er så vårlig som drevne kvister. Litt av et utvalg du har. Husker godt plommeblomstene dine fra noen år tilbake.
    Skal si stormen tok oppe hos dere. Her var det bare noen potter som flagret avgårde.
    Ha en fin ny uke!

    SvarSlett
  2. Hei,
    Flott blogg. Høres ut som et spennende prosjekt dere har startet med.

    Jeg er journalist i BA og kunne tenke meg å få lage en reportasje til våre boligsider om hageprosjektet deres i løpet av våren. Er dere interessert i det?
    Flott om dere tar kontakt med meg på mobil 99 63 31 30 om det er aktuelt.

    Mvh
    Katherine Ferguson

    SvarSlett
  3. Å skape en hage er en veldig spennende prosess - som jeg gjerne vil følge. Inspirerende blogg dere har!

    SvarSlett