tirsdag 31. mai 2011

Nye kyllingar!

Ei av hønene våre blei brått "klukk" - det betyr at i staden for å verpe eitt nytt egg kvar dag, la ho seg til å ruge på både sine eigne og dei andre hønene sine egg i verpekassen. I naturtilstanden er høna sin syklus slik: tre veker med verping, tre veker med ruging og tre veker som kyllingmor. Mange tamhøns har mista desse instinkta, og legg seg aldri til å ruge. Andre kan finne å gjøre det, då heiter det at dei blir klukk. Nokon går lei etter eit par dagar og hoppar av egga - då går det sjølvsagt gale. Men nokre er skikkelige gullhøner og blir liggande til egga klekker. Me har ei slik høne, ho rugde fram kyllingar i fjor og no har ho jammen gjort det igjen. Ho fekk seg eit eige bur der ho og dei små kan vere i fred, men om eit par veker er dei nok klare til å flytte inn i hønsehuset til resten av flokken. I mellomtida kosar dei seg på den grøne plenen, til stor glede for oss alle. 
Han til høgre er tørst

Fins det noko søtare?

Hanefar følger godt med frå utsida

Hønemor leitar fram godbitar til dei små

Og dei vil gjerne ha!
-Elisa

lørdag 28. mai 2011

Frukttrær


Som gamle lesere vet har vi hatt et stort problem her i Blåbærhagen, nemlig hjorten. Da vi flytta inn her gikk han rundt hushjørnet som han ville og spiste alt vi satte i jorda. For en som gledet seg til å dyrke frukt selv var dette helt uakseptabelt. Hjortegjerdet vårt er godt dokumentert her på bloggen og har fungert godt. Likevel har vi aldri vært helt trygge på at ingen kom til å ødelegge alt, så vi har ventet med å plante frukttrær til vi var ferdig med gjerdet. I fjor sommer klarte jeg ikke å vente lenger og begynte å rydde den ene plassen jeg mente måtte være trygg for dette fæle skadedyret. Det er på en liten hylle nedenfor huset, faktisk oppå septikktanken vår. Her var det en ustelt forvokst hekk og diverse ugress som vokste. Vi brukte det som en oppbevaringsplass for jord og potter.

Det jeg innså var at det var svært gunstige forhold for trær siden solen skinner fra seks om morgenen og utover til fire fem tiden på ettermiddagen. Det eneste problemet her er jord eller mangelen på det. Som sagt er det altså septikktanken og fjell som ligger under et tynt lag av jord, murpuss og malingsflak. På dette tidspunktet hadde jeg ikke fått plantet noen frukttrær og begynte å bli rimelig utålmodig. Planen min for denne plassen er nok påvirket av det. Jeg fant ut at den beste måten å dyrke frukttrær her ville være som vifte eller espaliert mot en vegg. På denne måten vil en også kunne kontrollere veksten på en helt annen måte siden de måtte vokse i kasser. Frukten jeg bestemte meg for var moreller (sunburst), plomme (opal) og eple (nanna). 

På bildet ser en kassen til morellen nærmest og plommen etter vinduet. Epletreet skal espalierest opp mot et armeringsnett som også fungerer som vegg mot naboen. For å virkelig utnytte plassen laget jeg og to kasser til jordbær. Nå skal det sies at det er litt liten plass på veggen til fullvoksne viftetrær som kan bli store, men jeg tenker at det å bo i en kasse og bli klippet jevnlig vil hemme veksten, men det får vi se.

Så etter en lang dag med planting av både trær og jordbær gikk jeg til sengs fornøyd som bare det. Det jeg våknet opp til var at alt var spist opp og trakket ned. Ikke bare var alle bladene spist, men grenene var knekt også. Jeg har fortsatt ikke kommet over det og kan vel aldri tilgi hjorten for det. I år er det som å begynne på nytt, men trærne vokser jo villig vekk. Nå har vi også fått opp mer gjerde og en port så kanskje kan vi få noe frukt her!

onsdag 25. mai 2011

Hagen i mai

Mai er snart forbi, den begynte bra men siste tida har me vore herja av stormar som eigentleg høyrer heime i november, spør du meg. Til trøst tar eg eit like tilbakeblikk på høgdepunkta i starten av månaden.
Blodrot

Fylt kvitveis, er det 'Vestal' skal tru?

Grøn hybridjulerose, fekk denne som frøplante frå nokon på Hagepraten for minst fem år sidan.

Fylt julerose frå Eides stauder

Blodrips, ein undervurdert gamal travar

Perleblomane er villige og vakre

Småhjerte (eller er det fenrikshjerte?) i kveldssol, også vakker og villig.

Halvfylt gulveis
Elles skjer det mykje i Blåbærhagen for tida. Men det er det mannen i huset som står for, han temmer villnisset av ei tilleggstomt bit for bit, med stor iver. Som nokon kankje har fått med seg kjøpte me nabotomta i vinter, den er på omlag eit halvt mål og består stort sett av steinrøys overgrodd med parklirekne og toppspirea. Men etter kvart som ugraset viker plassen, kjem det fram stadig nye lyspunkt. Ein gong i tida sto det ei lita stove her, ho blei riven på 1960-talet. Hustuftene står igjen, og nokre hageplantar er her også; mengder med storkonvall og nattfiol, og eit buskas med alperips og rognspirea. Me er litt usikre på kven som budde her, i følge naboen var det ei gamal kone. I følge ein annan nabo vart stova bygd tidleg på 1900-talet som ledd i eit prosjekt for å få reisande folk i området til å busetje seg. Me håpar på å finne ut litt meir etterkvart. 

Uansett kven det no var som budde her, har dei brukt mykje tid og krefter på å lempe stein. Det renn ein liten bekk gjennom tomta, og nesten heile bekkefaret er murt opp med naturstein. Elles er det også mange andre slags murar, me anar ikkje kvifor dei er der eller kva funksjon dei har hatt. Men spennande er det, i alle fall! Det er som sagt mannen min som gjør jobben, han er full av idear og entusiasme og har mange store planar for området. Og det skal han få fortelje om sjølv, for han går nemlig no inn som medskribent i bloggen her. Mi eiga hageblogging har jo vore heller laber i seinare tid. Og det er synd, ikkje minst for dokumentasjonen sin del. Men no skal alt bli så mykje betre! De, kjære lesarar (om det er nokon igjen), får ta godt i mot han.

Her er eit par-tre oversiktsbilder frå nyetomta, tatt i starten av mai:
Utsikt oppover mot fjellet (mot vest)
Nedover mot aust, nedre del av bekkefaret
Bekken nesten heilt tørr.
For ein månads tid sidan var f.eks. heile området på det siste bildet overgrodd. Det ser allereie adskillig betre ut, men det ligg nok ein del skumle røtter og lurar under skorpa. Me får ta det etterkvart, uansett trur eg det blir fint! Tenk deg dette bekkeløpet i friskt fall, med frodige hosta og iris langs med sidene, øverst ein oppdemt andedam, og nedanfor den ei lita bru over bekken. Du og du.

lørdag 19. mars 2011

Årets første krokus!

Her i hagen er det snø enno. Ikkje mykje riktignok, men nok til at det meste er dekka. Men dagane er utvilsomt mildare, og når beda ein gong i ny og ne har vore framme i dagen før neste snøfall, har eg sett at ting er på gong. I dag fann eg dette vesle mirakelet under salvien i solveggen, den nydeligaste vesle krokusen ein kan tenke seg. Den var her i hagen då me kom, og eg trur det må vere 'Cream Beauty'. Ein eller annan som har budd her før må ha vore glad i krokus for her er mengdar av dei. Men den første pleier kvart å vere denne vesle lysegule inntil husveggen. Og eg elskar den!

mandag 10. januar 2011

Vår nye huskatt...

heiter Mons og kom til oss i sommar, liten og søt. No er han ein stor branne, tøff i snøen og ein racer på å klatre. Torsdag skal han til dyrlegen og bli frarøva noko av maskuliniteten sin men me satsar på at han vil fortsette å vere ein tøffing. Han er snill som dagen er lang og kjælen som få, og det var jo også derfor me ville ha ein katt til, ein som ungane kunne leke og kose med. Gamlekatta ligg stort sett og søv under ei seng når ho ikkje er ute i skogen og fangar mus, og det er ikkje mykje moro i det for ein treåring som så gjerne vil leke. Men Monsen, han er med. Og han finn seg i å bli kost med på underlige vis, og å bli "lagt" under fleire lag med dokketepper. Eit kupp, med andre ord! Også er han jo bra fin også, ikkje sant?

fredag 31. desember 2010

Nytt år, nye moglegheiter

Dette var eit ytterst dårleg hagebloggingsår for min del, men eg håpar og trur at det neste blir betre! Frøkatalogen frå Impecta kom dumpande ned i postkassa her om dagen, og eg kjente kor eg lengta etter svart jord og små spirar. Mannen i huset har proklamert at 2011 skal stå i grønsaksdyrkinga sitt teikn, og det er jo slett ikkje verst. Så no diskuterar me gresskarvariantar og vårløk, og snart må me bestille frø. Det blir bra!
Eg håpar alle gamle hagevenner og kjenningar får ei flott feiring, i mangel på fyrverkeri viser eg heller fram årets martagonliljeblomstring - den slår alle nyttårsrakettar spør du meg! Godt nytt år!

fredag 19. november 2010

Så er det vinter...





...og det er på tide med eit livsteikn. Det har vore stilt her lenge. Det har ikkje vore den mest inspirerande sommaren, kaldt og vått og breiflabb overalt. Ok, ikkje breiflabb kanskje, men storkjefta klauvdyr har her i alle fall vore. Hjortegjerdet har fungert fint, men det hjelper ikkje når naboen manglar nokre meter på si side og løyser problemet ved å spenne opp hyssing mellom nokre buskar. Så hjorten kom seg inn eit par gonger og fekk gjort litt skade i år også. Verst gjekk det utover fem nykjøpte frukttre som knapt hadde kome seg i jorda. Er det rart ein stakkar går litt hagelei?

Elles har me utvida hagen med eit halvt mål steinrøys, me har fått kjøpt den ubyggbare nabotomta for ein relativt billig penge. Der er det overgrodd med villnisspirea og parkslirekne, men eg trur me skal få skikk på det. Det blir mannen i huset sitt prosjekt, han og minsteguten skal vere heime heile våren og gjøre nybrottsarbeid. Han har planar om andedam, kaninoppdrett og drivhus der borte, bøkehekk mot skogen og frukttre i skråningen. Stakkars mann, han trudde han gifta seg med ei hagegal dame men no har eg visst mista gløden. Heldigvis er han i stand til å bere fakkelen åleine for tida, så får me satse på at eg kjem tilbake til det med tid og stunder. I mellomtida har eg tilbudt han å bli gjestebloggar på Blåbærhagen, kanskje han slår til på det? Eller kanskje eg blir flinkare sjølv framover, eg merkar no at det var fint å vere tilbake!
Og det er fleire grunner til at hagen ikkje har vore i fokus i sommar, eg har hatt det travelt med heilt andre ting. Ein liten nettbutikk har det blitt og eg har brukt mykje tid på å sette meg inn i det tekniske, leite opp leverandørar, fikse ditt og datt. No er den ferdig og eg er fornøyd! Så om du er ute etter miljøvennlege hobbyartiklar som metervare i økobomull eller resirkulerte papirvarer er dette staden å gå, og velkomen skal du vere.
Haustkrans av bjørkeris, snøbær, mispel og salvie, inspirert av Moseplassens instruksjonsvideo

torsdag 27. mai 2010

Prosjekt steintrapp

Det har vore mange festdagar i mai, både av det nasjonale og det familiære slaget. Travle tider, men moro også. Særleg når det har vore så fint ver at mykje av feiringa kan foregå i hagen! I påvente av at hjortegjerdet skal dekkast av klematis og gullhumle pyntar me med heimesydde vimpelrekker i staden.
Eg har ikkje vore like motivert for hagearbeid i år som tidlegare vårar, er det ikkje typisk no som eg er heime i pemisjon og alt... Men litt får me gjort, og eit av prosjekta er steintrapp i ei skråning. Steintrappa er av det ytterst enkle og rustikke slaget, men den fungerar fint både som avgrensning av skyggebedet mitt og ein stad å bevege seg opp og ned mellom kjøkkenhagen og hønsehuset.
Steinane er lagt på plass, men det gjenstår ein durabeleg lukejobb. Tidlegare var det ikkje nokon barriere mellom bed og "plen", så det har blitt ei ganske flytande overgang kan ein vel seie. Me stakk hol i torva til steinane, og no må eg berre få vekk det som er igjen på innsida. Tanken er å bruke ulike bunndekkjarar mellom steinane og oppover i bedet, eg vil ha eit litt halvvilt inntrykk her. Bedet er eg for øvrig veldig fornøyd med, det oppsto nesten heilt av seg sjølv her nedanfor eit kratt med snøbærbuskar.
Her har eg hosta, brunnera, tellima, geranium, astilbe, dicentra av ulike slag, og kvite martagonliljer. Og ein heil del meir, blant anna fleire ulike bregner som sto der frå før, samt eit par modegrodde stubbar. Ein del av plantene har sølvfarga eller blålig bladverk, og det meste er kvitblomstrande. Syns det er ganske fint sjølv, og gler meg til eg har fått renska opp skikkelig no. Bilda er tatt for ei veke sidan, det er allereie adskillig meir frodig blitt både det som skal vekse og det som skal vekk. Her er det altså berre å brette opp erma og gjere klar lukegaffelen!

torsdag 6. mai 2010

Gjev eg var i eit varmare land

Ikkje så mykje varmare kanskje, men eg skulle vore i eit heilt anna land i dag. Askefast, heiter det visst no. Håpar me kjem avgårde i morgon i staden, me har jo tross alt eit flunkande nytt familiemedlem å vise fram til resten av slekta der borte. I mellomtida kan eg jo vise fram litt av det som har foregått i kjellaren den siste tida:





20 små kyllingar har me no, i alle slags fargar ser det ut til. I utgangspunktet er alle tenkt til bordet, men me får sjå. Kanskje hønseflokken får eit par tilskot.

Mange syns me er hardhjerta som alar opp kyllingar til mat sjølve, personleg vil eg mykje heller ete ein kylling som har sprunge rundt på grønt gras enn ein broiler frå frysedisken som har levd i eit bur. Det er første gongen me klekkar ut sjølve, det gjekk i grunnen ganske bra og me satsar på at det blir ein årviss tadisjon. Enn så lenge held dei til i ein stor kasse i kjellaren, når det blir litt varmare i veret skal dei få kome ut og då må me tenke ut ei løysing med mobil luftegard, slik at me kan flytte dei rundt på graset samtidig som dei har ly for kråker, hauk og andre farer. Det er noko eige med kyllingar altså, få ting som er så søtt!

tirsdag 27. april 2010

Sol i ei lita potte

I fjor og i forfjor var eg så heldig å få vere med på hagebesøk hos Roy og Lin, dei har ein fantastisk vakker og velstelt hage her i byen. Roy er hollender, og velkjent i hagesirklar for løkblomstringa si. Tulipanane var høgdepunktet begge gongane eg var der, og det var virkeleg eit syn. I fjor hadde dei balkongkasser fulle av narsissen 'Rip van Winkle', avblomstra då eg var der. Eg fekk ein pose løkar frå kassene med meg heimatt, og gleda meg til blomstring i Blåbærhagen. Men i fjor haust var jo ikkje hagelysta på topp hos meg, versjuk og gravid som eg var. Både desse og mange fleire løkar blei liggande i kjellaren, og plutselig kom snøen i desember... me vei jo alle at den varte og rakk, og dei blei ikkje eingong mogleg med panikksetting av løkar i romjula, slik det pleiar vere. så stakkars Rip fekk hard medfart og mange av løkane tørka rett og slett inn. Men eg var optimistisk og planta dei i ei potte på seinvinteren. Og eit par av løkane overlevde vanstellet og no står det ein blom i potta og ser ut som sola sjølv!

Eg innser at Blåbærhagen aldri vil kunne bli like velstelt og ordentlig som Roy og Lin sin hage. Her set skogen, terrenget og bergknausane sitt preg og me får aldri noko formelle parterrebed eller feilfrie plenar, uansett kor sterkt mannen i huset ønskar seg det. Men alt har sin plass, og det einaste me kan gjere er å spele lag med villmarka rundt oss og oppnå ein slags halvvill tilstand i hagen. Og det trur eg nok me skal lukkast med!

Klarar ikkje la vere å legge inn eit par fleire helleborusbilder: