Ei av hønene våre blei brått "klukk" - det betyr at i staden for å verpe eitt nytt egg kvar dag, la ho seg til å ruge på både sine eigne og dei andre hønene sine egg i verpekassen. I naturtilstanden er høna sin syklus slik: tre veker med verping, tre veker med ruging og tre veker som kyllingmor. Mange tamhøns har mista desse instinkta, og legg seg aldri til å ruge. Andre kan finne å gjøre det, då heiter det at dei blir klukk. Nokon går lei etter eit par dagar og hoppar av egga - då går det sjølvsagt gale. Men nokre er skikkelige gullhøner og blir liggande til egga klekker. Me har ei slik høne, ho rugde fram kyllingar i fjor og no har ho jammen gjort det igjen. Ho fekk seg eit eige bur der ho og dei små kan vere i fred, men om eit par veker er dei nok klare til å flytte inn i hønsehuset til resten av flokken. I mellomtida kosar dei seg på den grøne plenen, til stor glede for oss alle.
Han til høgre er tørst |
Fins det noko søtare? |
Hanefar følger godt med frå utsida |
Hønemor leitar fram godbitar til dei små |
Og dei vil gjerne ha! |
-Elisa
Så koselige bilder... Jeg blir rett glad av å se dem.
SvarSlettSå søte! Jeg vil også ha!:-)
SvarSlettSånn herlig kylling, med kalott og det hele...
SvarSlettFlotte kyllingar :)
SvarSlettDe kyllingene var utrolig søte :)Vi har vært inne på tanken å anskaffe høner, men vil helst slippe hanegal om morgenen..
SvarSlettHilsen Maritfri
Takk, alle sammen! Marit: Du treng ikkje hane, hønene klarar seg heilt fint utan. Men då blir det naturlegvis ingen kyllingar, heller. Hanen vår er faktisk veldig sympatisk, han galer veldig lite. Godt er det, ellers veit eg ikkje om eg hadde orka...
SvarSlettKan jeg få låne en høne av deg en stund? Har lyst på høns i hagen, men vet ikke om jeg 'får det til'.
SvarSlettElisabeth :-)
Ja da får vi kanskje vurdere hønehold igjen :)Vi har en bekjent som samler på hønesorter som andre samler på planter.. så muligheten ligger der. Her har vi et falkepar som fanger duer i luften (veldig dramatisk å se på) så vi må ev ha en inngjæret hønsegår.Maritfri
SvarSlettHvilken sort høner er det dere har? Har akkurat klekket ut kyllinger av jærhøns - men det ble veldig dårlig resultat. 2 kyllinger av 15 egg, men det ble en av hvert kjønn så jeg slipper å kjøpe nye rugeegg. Skal legge rugeegg i maskinen av Hedemora nå i helga - en ikke-godkjent rase men synes de er flotte :)
SvarSlettGod helg :)
Alexia: Me har ein broket liten flokk, hanen og to høner er sølvranda wyandotte, me har ei svart og ei blå australorp, ei isbarhøne og to av blandingsrase. I år har me dessuten kjøpt fem barnevelderkyllingar.
SvarSlettHedemora er kjempefine, søstra mi har sånne. Fargerike!
2 av 12 var ikkje så bra nei, det er vanskelig dette med klekking. Eg syns at dei gongene me har fått rugeegg tilsendt i posten blir det dårlig resultat. Men me har aldri hatt strålande klekkeprosent her heller - eg er redd rugemaskina er litt gammal.