fredag 11. april 2008

Vårteikn

I dag såg eg den første humla, den første sommarfuglen og den første kvitveisen! Ein liten og skabbete kvitveis riktignok, men likefullt vårens første. Raudstrupen har funne seg ein make og kurtiserar henne åpenlyst i hagen, svarttrosten jublar frå tretoppane og det er hakket før bjørka sprett, trur eg. Det er mildt og godt i hagen, og jorda er tørr og fin å jobbe med. Kan det bli betre?

onsdag 9. april 2008

Grilling!

Igår var ein nydelig dag med strålande sol, og varmt var det også. I sola, i det minste. Derfor bestemte me oss for å la fiskeboller vere fiskeboller og heller ta middagen ute. Og det var eit godt valg! Første grilling i Blåbærhagen blir garantert ikkje den siste...

lørdag 5. april 2008

Forglemmegei

Gamle hagar har ofte også fungert som søppelfylling, før i tida var ein ikkje så nøye med kvar ein gjorde av bosset sitt... Så også her i Blåbærhagen. Ein god del gammalt skrap har blitt grave opp og kasta på forsvarleg vis, men eg finn stadig gamle potteskår og glasbrot. Då tenker eg at det er nesten som eit vindu i tida, tilbake til dei som budde her ein gong. Kanskje pleide dei å ete frukost på servise med roser og forglemmegei? Var det dei som planta alle krokusane? Og ville ha turkise veggar i kjellaren?

fredag 4. april 2008

Skvaldrar litt

Det viser seg at Blåbærhagen heller skulle blitt kalt skvallerkålhagen... Den er overalt. Eg graver og graver, drar ut rot etter rot, drømmer om det på nattestid og i det heile tatt. Skvallerkål er blant dei verste ugrasa, og bortimot umogleg å bli kvitt. I alle fall om ein har tankar om å drive giftfritt hagebruk. No driv eg og lagar eit skvallerfritt bed der eg kan plassere alle plantene mine som eg må flytte hit frå min gamle parsellhage. Eg har grave opp eit stykke på ca 1 x 4 meter, tatt ut jorda ned til 20-30 cm og dekka botnen med aviser. No driv eg og sålder jorda inn igjen i bedet, bøtte for bøtte, og prøver å følge med falkeblikk ein kvar liten rotbit som måtte snike seg med. Ein mikroskopisk rotbit kan nemlig bli til ei plante igjen som kjapt vil kunne kolonisere heile bedet. No har eg samla opp ein heil haug med skvallerkålrøtter, og funderar på korleis eg kan destruere dei på best mogleg vis. Snakk om spesialavfall! Trur eg må brenne dei, skal ikkje ned igjen i jorda i alle fall...

onsdag 2. april 2008

Grågåsa

Det er visst fare for at denne bloggen framstår meir som ein blogg om dyra i og rundt hagen enn om hagen i seg sjølv, men eg må berre vise dette bildet. Det er tatt i dag, 2. april, eg var ute og jobba med det nye bedet mitt då eg syns eg hørte kjente lydar frå himmelen... Og jammensanten, der kom årets første grågåsflokk rett over hagen på vei nordover.

Og i hagen? Eg kjempar mot skvallerkålen... Meir om det snart.

fredag 28. mars 2008

Frosk i dvale?

I forbindelse med brønnen vår stikk det opp diverse rør og slangar i hagen, ikkje særlig dekorativt men me får vel prøve å kamuflere dei med planter etterkvart. Eit av røra er omlag 30 cm i diameter og går kanskje ein meter ned i bakken. Der nede er det ei kran (trur eg) den er dekt med noko isolasjon. På toppen av røret, altså det som stikk opp av bakken, er det eit lokk. Då me letta på lokket når me flytta inn i november fann med denne vesle karen der nede i mørket! Trur han gjekk i dvale for vinteren nede i mørket. Og han sit der enno. No begynner eg å lure på om han sit fast der nede, ikkje klarer å komme seg ut. Me får fiske han opp når det blir litt mildare i veret og stelle godt med han, for froskar vil me ha! Alle allierte mot brunsneglane må me passe godt på. Det er ein del små vasshol oppe i skogen så det er nok gode forhold for frosk her.

lørdag 22. mars 2008

Hagebesøk

Oppe klokka seks i dag, det vil seie eg låg på sofaen medans eg i halvsøvne prøvde å underhalde ein lys våken unge som helst berre ville dra meg i håret... I halv åttetida kika me ut vinduet og såg dagens hagebesøk, då våkna mor til også gitt! Me bur altså midt i eit hjortetrakk. Veit ikkje kor heldig det er for min framtidige kjøkkenhage som skal ligge omtrent akkurat der hjorten går på det første bildet.

Ho (trur i alle fall det var ei kolle) prøvde seg på meisebollane, men dei var visst tomme. Så lunta ho rolig vidare opp i skogen.

torsdag 20. mars 2008

Kompostkompis

Ja, eg har blitt venn med komposten! For ein månad sidan fekk me ein sånn i hus (eller rettare sagt, i hage). Ein varmkompostbinge som skal kunne ta i mot alt av organisk avfall, sette i gang ein nedbrytingsprosess ved hjelp av "snille" bakteriar og forvandle det heile til supergod jord og gjødsel til hagen. Me stussa lenge på om me skulle ha ein stor eller liten, men blei til slutt overtalt til å kjøpe den minste sidan me skal skaffe høns som vil ete mykje av kjøkkenavfallet vårt. Eg sette i gang med å fylle vidunderet med kvist og kvast. Me hadde også spart opp matavfall i to vekers tid, så bingen fekk ei tilitersbøtte og ein femlitersdunk fulle å starte på. Me var vel litt usikre på korleis dette skulle gå, det er jo ikkje akkurat sommartemperatur ute for tida, og det må vere varmt for at bakteriane skal kunne gjøre jobben sin. Men det gjekk ikkje mange dagane før eg syns eg kjente lunk nedi det svarte gapet, og no slår dampen mot meg når eg opnar lokket! Det tyder på temperatur ein stad mellom 40 og 70 grader i følge kompostboka. Skikkelig action med andre ord.

Så her i huset er me på god vei til å bli skikkelige kompostnerder som kan finne på å gå ut for å kikke oppi vidunderet berre for moro skuld. Mannen i huset er verst, ved to ulike anledningar har eg observert han frå stovevinduet der han drar med seg (heller motvillige) gjestar og slår opp lokket på bingen med stor bravør, mens han peikar, forklarar, og rotar nedi gapet med eit greip. Det skal seiast at begge gongane tok tilskodaren eit raskt steg bakover og heldt seg på trygg avstand. Dei om det. Her i huset er me blitt glade i komposten vår, den gjør ein kjempejobb. Me har jo nesten ikkje søppel lengre! Og ikkje luktar den dårlig ein gong. Kan ikkje bli betre. Fine komposten vår.

torsdag 13. mars 2008

Endå ein krokus

Sannsynligvis Crocus crysanthus 'Cream Beauty'. Fin?

torsdag 6. mars 2008

Hekketid

Som barn tilbrakte eg mykje tid om sommaren på besteforeldra mine sitt sommarhus utanfor Dublin. Nesten det beste med den irske landsbygda er alle småveiane, ordentlige ”winding country lanes”. Langs desse veiane er det alltid hekkar, meir eller mindre ville og ugjennomtrengelige blandingshekkar. Typiske planter i ein slik hekk er hagtorn, liguster, villeple, hassel, hyll og andre småtre. Det heile blir vevd saman av vivendel, bjørnebær og villroser. I tillegg veks det villblomar av mange slag på kvar ledige flekk. I hagen til besteforeldra mine vokste det ein litt foredla utgåve av ein slik hekk, der var høge skjærsminar, ein og annan thuja, klatreroser og klematis i tillegg til dei andre eg har nevnt. Duften av ein slik hekk om sommaren er ubeskrivelig. Lyden også, humlesurr og fuglesang. Gode minner.


Ein slik hekk har eg ønska meg så lenge eg har vore hagemenneske (det vil seie så lenge eg kan huske...). No skal eg plante ein her i hagen, i den øverste enden opp mot skogkanten. Den skal vere maks to meter høg og fungere som barriere for hjorten. I hekken skal det vere ein port, og over porten ein roseboge. Hekken skal ha planter som blomstrar og duftar. Det skal vere bær, nyper og nøtter til både oss og fuglane. Litt har eg frå før, og no i februar har eg handla ein del på salg. Så langt har eg:


Junisøtmispel 'Moelv' (3 stk)
Bærsøtmispel 'Alvdal' (1 stk)
Svartsurbær 'Moskva' (2 stk)
Vinterliguster (1 stk)
Prydeple 'Royalty' (1 stk)
Alperips 'Schmidt' (2 stk)
Syrin 'Charles Joly' (1 stk)
Syrinhortensia 'Grandiflora' (1 stk)

Bjørnebær 'Thornless Evergreen' (3 stk)


Har også ein svarthyll 'Black Lace', men eg er neimen ikkje sikker på om eg vil bruke den i hekken, den er jo så fin i seg sjølv... Får sette stiklingar av den vanlige svarthyllen, det er jo visstnok lett.

Og så må eg ha klatrande roser, kaprifol, klematis. Hassel ønskar eg meg også. Kanskje noko Prunus, villkirsebær? Vinterkirsebær? Mange muligheter! Trur det kan bli fint, i alle fall.

Meir om tradisjonelle hekkar.