lørdag 22. mars 2008

Hagebesøk

Oppe klokka seks i dag, det vil seie eg låg på sofaen medans eg i halvsøvne prøvde å underhalde ein lys våken unge som helst berre ville dra meg i håret... I halv åttetida kika me ut vinduet og såg dagens hagebesøk, då våkna mor til også gitt! Me bur altså midt i eit hjortetrakk. Veit ikkje kor heldig det er for min framtidige kjøkkenhage som skal ligge omtrent akkurat der hjorten går på det første bildet.

Ho (trur i alle fall det var ei kolle) prøvde seg på meisebollane, men dei var visst tomme. Så lunta ho rolig vidare opp i skogen.

4 kommentarer:

  1. Mmmm, ja det kan nok by på problemer for kjøkkenhagen men fine dyr er de ihvertfall :-)

    SvarSlett
  2. Kom over denne bloggen. Så gøy det vert å følge med på utviklinga. Har dokke flytta frå byen? Bor i Bergen sjølv, men drøymer om hus og hage på landet. Ein dag kanskje... Flott at du skriv nynorsk.

    SvarSlett
  3. Nydelig å få tatt denne i nærmere øyesyn da - fantastiske dyr!

    SvarSlett
  4. Ja, flotte er dei desse hjortane.

    Torill: Bur i Bergen men i eit veldig landlig område. Ti minutt på bussen tar oss rett til Festplassen, så det er jo i både pose og sekk!

    SvarSlett