fredag 28. mars 2008

Frosk i dvale?

I forbindelse med brønnen vår stikk det opp diverse rør og slangar i hagen, ikkje særlig dekorativt men me får vel prøve å kamuflere dei med planter etterkvart. Eit av røra er omlag 30 cm i diameter og går kanskje ein meter ned i bakken. Der nede er det ei kran (trur eg) den er dekt med noko isolasjon. På toppen av røret, altså det som stikk opp av bakken, er det eit lokk. Då me letta på lokket når me flytta inn i november fann med denne vesle karen der nede i mørket! Trur han gjekk i dvale for vinteren nede i mørket. Og han sit der enno. No begynner eg å lure på om han sit fast der nede, ikkje klarer å komme seg ut. Me får fiske han opp når det blir litt mildare i veret og stelle godt med han, for froskar vil me ha! Alle allierte mot brunsneglane må me passe godt på. Det er ein del små vasshol oppe i skogen så det er nok gode forhold for frosk her.

2 kommentarer:

  1. Ja, den livner sikkert til når det blir varmere i været, tror du ikke? Hadde håpet å finne rumpetroll forrige vår for å studere dem, men vanskelig å finne her vi bor. Hos deg blir det sikkert ingen problem!! :-D

    SvarSlett
  2. Synst frosken var litt søt, så ta godt var på den ;-) Brunsneglar likar vi ikkje nei. Det høge drivhuset på Europris såg så ustødig ut, at det ville nok vinden tatt ganske fort, men kanskje du har litt meir le for vinden? Det skal seiast at vi har eit stort drivhus i hagen vår dersom det skulle vere behov. Det er berre litt keisamt å bruke det når vi eig det saman med fleire. Takk for kommentar i bloggen, alltid like kjekt. Ha ein fin søndag.

    SvarSlett